Periodisert undervising vil gje elevane færre lærarar å ta omsyn til frå veke til veke, og lærarane vil få færre elevar å ta omsyn til, meiner Roar Ulvestad. Foto: Ole Martin Wold

Periodisert undervisning: Læring for framtida med timeplanar frå fortida?

Når eg ser på timeplanane som elevane i grunnskule og vidaregåande skule har, lurer eg på korleis eg som vaksen ville takla ein slik oppstykka og oppjaga kvardag.

Publisert Sist oppdatert

I ein kvardag med fire til fem heilt ulike fag kvar dag og fem dagar med heilt ulike samansetjingar av fag trur eg at både trivsel og produktivitet hadde blitt erstatta med stress og både halvgjort og halvhjerta arbeid.

 

Ikkje har du før kome inn i ein god arbeidsstim, so er timen slutt og du må storme til eit nytt klasserom og omstille deg til heilt andre utfordringar. Den gode tanken rakk ikkje å bli ferdigtenkt denne gongen heller, og avslutninga i novella du hadde arbeidd so godt med, blei nådelaust kutta av ringeklokka. Ifølgje læringspsykologien tek det for ein vaksen i snitt 20 minutt å kome inn i det som vert kalla «flytsonen», der ein har samla seg til å arbeide fokusert og samanhengande.

Det same forskingsfeltet har kome fram til at i arbeidsfellesskap på over seks personar, vert ein i snitt avbroten kvart femtande minutt. Og det gjeld vaksne. Klasserom og basar fulle av tenåringar er kjenneteikna av det eg vil kalle «kroniske avbrot». Statistisk sett kjem elevane altså aldri inn i optimal arbeidsstemning. Det kan ikkje vere sånn at arbeidsro og «monotasking» er ut, og at vi med vitande og vilje skal fostre nye generasjonar i læringsmiljø prega av uro, multitasking og økter som er for korte til å kople seg på arbeidsoppgåvene. Det er avvikling og ikkje utvikling.

Eg lurer på kva ein Hjort, Fosse eller Nesbø hadde klart å prestere i norsk om dei skulle ha skrive bøkene sine i eit fagfellesskap med 30 tenåringar i rommet, og arbeide i bolkar på 45 eller 60 minutt. Eg skal garantere at Fosse hadde funne fram raudvinen att. Under omstende som heilt klart hadde drive Fosse det endelege steget over kanten av stupet, tek vi mål av oss til det vi so fint kallar «djupnelæring» for elevane våre. Det går ikkje i hop!

 

I somme skular har ein for å unngå ein oppstykka og fragmentarisk kvardag teke i bruk periodisert undervising. Om ein googlar aldri so mykje, er det lite å finne om denne måten å strukturere undervising. I 2003 kunne ein på Utdanningsnytt.no lese om korleis Stovner vidaregåande skule klarte å gje heile elevgruppa eit lyft med å periodisere det meste av faga. Slik fekk elevane bruke det meste av ein gitt dag til berre eitt fag. Elevane fekk i prøveperioden styrka både trivsel og resultat.
Korleis har dette gått vidare, Stovnerfolk?

I Steinerskolen har dei «frå tidenes morgon» hatt periodisert undervising, som dei kallar «hovedfag». Om lag ein tredjedel av kvar dag blir brukt til eitt fag, i periodar på tre til fire veker. Det gjer at ein kan bli ferdig med eitt av «småfaga» som kjemi på under ein månad. Ein får styrka fordjuping, konsentrert og fokusert undervising og ein langt mindre oppjaga timeplan. Dei faga som har mange timar er det og vanleg å ha einskildtimar i gjennom heile året. Då får ein brukt desse timane til meir fokusert arbeid med det som er førebudd i periodeundervisinga.

 

Eg lurer på om den fordringa om djupnelæring som ligg i både Ludvigsen-rapport og fagfornying er mogleg å få til utan at vi utfordrar timeplanen med periodisering. Det har blitt eit premiss for fagfornyinga at det å endre på planverket i seg sjølv vil leggje fundamentet for djupnelæring. Kanskje det ikkje er ei djuptgåande nok erkjenning.

Eg vil hevde at det er ein oppstykka kvardag diktert av ein uoversiktleg mosaikk av arbeidsoppgåver kalla «timeplan» som har stått i vegen for læring av høgare orden. Å endre læreplan utan å endre timeplan er ei halv løysing. Å stå med ein fot på kaia og ein fot i båten er som kjent ikkje ei varig og tilfredsstillande løysing.

So det er sagt: eg er ikkje for å fjerne faggrensene og gjer heile skulekvardagen til eit stort fagovergripande gruppearbeid. Her eg ikkje på line med dei mest innovative i fagfornyingssamanheng. Eg er glad for at fagfornyinga ikkje tok Ludvigsen (heilt) på ordet i oppmodinga hans om å løyse opp faggrensene gjennom ein slags klyngestrukturering av faga. Eg voner i den samanheng at dei tre fagovergripande temaa som går som raude trådar gjennom den nye fagplanen, ikkje visar seg å vere trojanske hestar for det reine og skjære faganarki.

Å arbeide grundig over tid i einskildfaget er for meg den mest truverdige måten å realiserte djupnelæring på. Dyktige faglærarar som kjenner faget og læreplanen er ein garantist for kvalitet, og om faggrensene fell, vil og normene for fagkompetanse rakne.

 

Periodisert undervising vil kanskje hjelpe oss med nokon av dei utfordringane vi har i alle delar av skulen. På VGO er til dømes strukturane slik at elevane ikkje opplever dei same relasjonelle banda til lærarane sine som tidlegare i skuleløpet. Periodisert undervising vil gje elevane færre lærarar å ta omsyn til frå veke til veke, og lærarane vil få færre elevar å ta omsyn til.

Periodisert undervising vil sjølvsagt utfordre måten vi tenker arbeidstidsordning og arbeidskvardag. Å leggje om til periodisert undervising vil innebere at ein vil arbeide meir i somme periodar og mindre i andre, og for dei som må «smi om» timeplanen er det eit stort logistikkarbeid. Utan å vite det sikkert, trur eg likevel at om ein skulle byrje frå «scratch», ville det vere lettare å leggje ein periodisert timeplan. Ein kunne til dømes byrje med dei største faga, som norsk, matematikk og/eller naturfag, og gjere seg systematiserte erfaringar og faglege vurderingar etter kvart.

 

Vurdering vil kanskje bli ei utfordring ved periodisert undervising. Det er klart at eleven som har hatt fire veker norsk rett før heildagsprøva vil stille sterkare enn den som har hatt matematikk. Kanskje heildagsprøva og bør utfordrast. Å runde av ein fagperiode med eit mappearbeid eller skrivedagar med rettleiing er kanskje ei betre løysing enn å plassere alle elevane i eit rom med pc og cola og utfordre dei med like oppgåver.

Fagarbeid kan bli både meir grundig og variert om elevane får arbeide grundig med eitt fag enn overflatisk med fire, og dei relasjonelle banda i læringsfellesskapet vil utan tvil få eit lyft med ei slik intensivering av det faglege nærvær. Det går for mykje tid vekk i ingenting i dag, med hyppige flyttingar og faglege avbrot. Det er ikkje god pedagogikk og det er ikkje god økonomi.

 

Den timeplanen som er norma i dag, kan eg vanskeleg sjå for meg som kompatibel med dei ambisjonane som vi førebels har sett i omgrepet «djupnelæring». Å djupnelære i fem fag om dagen er heilt urealistisk.

Det at noko er etablert som eit grunnleggjande pedagogisk prinsipp i Steinerskolen betyr ikkje at det er ein dum ide. Vi må lære av kvarandre i heile skuleverket.

 

Powered by Labrador CMS