Nei til lokale språkforhandlingar

Debatt. Vi treng eit sentralt gitt krav for å få like gode læremiddel på begge språk.

Publisert

Eg takkar for at sjølvaste sjefen finn fram ordlista og gir eit sakleg tilsvar til det han kallar ei breiside, der eg klagar på sentralstyret for å vere unnfalne i språkpolitikken. Eg let merkelappen henge til eg ser at dokker fortener ein betre, men eit imøtekomande svar er jo ei god byrjing!

Om ein skal følgje opp den maritime metaforikken, kan eg vel svare at det er betre å stå for ei breiside enn å vere ein laus kanon. Nynorskskuta som det vert skote frå, er ei viktig skute som det er naudsynt å både ta vare på og utvikle, til liks med bokmålet.

Ein del av det store samfunnsmandatet er å ta vare på språka i samfunnet. I og med Kunnskapsløftet, og no fagfornyinga (LK20), har vi fått eit styrka fokus på språket sin sentrale status. Frå den fyrste leseopplæringa, til øving av grunnleggande dugleikar i stadig progresjon i dei einskilde faga, til realisering av dei ambisjonane om tverrfagleg forståing som ligg i desse tre nye fagovergripande temaa, er det ein raud tråd, og det er språket.

Det er gjennom språket vi blir stadig meir kompetente medborgarar gjennom å bli stadig meir kompetente språkbrukarar, og ansvaret for å støtte og utvikle språkbrukarane ligg tungt på lærarskuldrane. Korleis gjere dette ansvaret mogleg å innfri?

... det er betre å stå for ei breiside enn å vere ein laus kanon

Eg er glad for at Handal tek ansvar for at sentralstyret ser på denne problemstillinga på ny, og det at han inviterer til «å kome med gode forslag», er òg ein imøtekommande gest som eg set pris på.

Men forslaget er eigentleg allereie på bordet, det handlar vel meir om at Handal og sentralstyret går inn i kunnskapsgrunnlaget for forslaget for å kunne vurdere om det er lurt eller ikkje. Svaret på spørsmålet om å støtte språksituasjonen for nynorske språkbrukarar er diverre ikkje gjennom den lokaldemokratiske gesten som leiaren vår kjem med:

«Etter at reglane om godkjenning av læremiddel blei avvikla rundt år 2000, er det kommunane og fylkeskommunane som tolkar lovverket og tar avgjerd om kva for læremiddel som skal brukast i skulen. Våre tillitsvalde og medlemmer kan med andre ord arbeide for å legge press på dei lokale styresmaktene om kva kvalitetskrav som skal gjelde for innkjøp av digitale læremiddel.»

Vi har nok av døme på at ting som det er vanskeleg å få sentrale ordningar på, blir delegert ned i systemet, slik at vi får hundrevis av småkampar der sigrane er sjeldne og tidstjuvane arbeider overtid. Ikkje la språkkampen få ei slik skjebne.

Lokalt kan vi bli samde om «kva kvalitetskrav som skal gjelde», men det har diverre ingen verdi. Google sin G-suite, Microsoft sin Office-pakke og Apple sitt iPad-univers har ingen kontakt til fordringane om språkleg jamstilling som er i skulen sine grunnlagsdokument.

Om vi tøffar oss aldri so mykje på lokalt nivå, vil det diverre ikkje hjelpe. Ikkje ein gong ein kommune på Bergen sin storleik har musklar til å påverke Microsoft eller Apple sine digitale løysingar om vi er aldri so samde. Vi treng som i so mange andre høve eit sentralt gitt krav om vi skal ha den minste von om å få læremiddel som er like gode på begge språk.

Eg vil vere i ein organisasjon som er medvitne pådrivarar for at bruks- og tankespråket til ein stor del av elevane blir respektert og gjeve den status det bør ha. Opplæringslova kan vere med på å sikre dette, og vi kan vere med å sikre opplæringslova.

Vi har kome so langt i det digitale at det er meir snakk om digitale miljø enn digitale verktøy. Skjermen skal no kompensere for læreboka, og skjermlivet er ein langt meir uregjerleg storleik enn «læreverklivet». Vi klarer ikkje å kompensere for digitale kaoskrefter utan støtte i sentralt regelverk. Med eit parallellitetskrav som stiller språklege krav ikkje berre til fagspesifikke læremiddel, men og til fagovergripande læremiddel som pc-ar og smartbrett, vert jobben vårt eit lite hakk lettare. Gje oss denne støtta!

Språket mitt, og språket for ein stor del av norske lærarar og elevar, er nynorsk. Kvifor skal vi halde fram med B-varestatus og huva i handa?

Eg er stort sett kry av organisasjonen eg har vore tillitsvald i i fleire år, og eg står inne for at vi har den beste og mest inkluderande utdanningspolitikken. Sentral lønsdanning som mantra og eit læraromgrep som femner frå barnehage til universitet og høgskule, er grunnfjellet for meg. Men det skal òg byggast på grunnfjellet, og byggesteinane er språk. Språket mitt, og språket for ein stor del av norske lærarar og elevar, er nynorsk. Kvifor skal vi halde fram med B-varestatus og huva i handa?

Eg kryssar fingrane for at nynorsken sin plass i samfunnet vert tilstrekkeleg gjennomlyst og forstått i eit sentralstyre midt i Noreg sin største bokmålsby, slik at organisasjonen kan stå fram med ei langt klarare haldning om tospråksituasjonen enn fram til no. Sentralt gjeven lovgjeving gjennom ei opplæringslov som stiller krav til språkleg kvalitet, er her og no det mest nærliggande og konkrete delmålet.

Powered by Labrador CMS