– Kjære blåruss: Neste gong du vil stakkarsleggjere gutane, ikkje vel nynorsk som blodoffer. Det er for lett å gjennomskode, skriv Roar Ulvestad. Ill.foto: Inger Stenvoll

«Nynorsk, denne gufne og bakstreverske oppfinnelsen fra det barbariske Vestland. Pføy!»

Ingen ting er som ein rykande fersk offentleg rapport, som er so rikhaldig at ein kan plukke akkurat det som passar inn i eins eige prosjekt.

Publisert Sist oppdatert

Aller sist ute er høgresida i form av «regjeringa», som etter å ha lese Stoltenberg-rapporten har funne sine slaktoffer for å lette på kvardagen for dei angjeveleg stakkarslege og teorisvake gutane som slit med å hevde seg i jenteverda.

Eg snakkar då sjølvsagt om karakterane i norskfaget. Det er for høgresida heilt urimeleg at dette faget skal ha tre karakterar, basert på vurdering av hovudmål, sidemål og munnleg kompetanse. Dette gjev for dei ei heilt urimeleg skeivfordeling, der språkleg kompetanse  får telje mykje meir enn andre og meir «gutevenlege» kompetansar.

No som alltid før, er dette framlegget ein dårleg bygd trojansk hest for å kome nynorsken til livs. Gjennom sprekkene i buken på den konservative øyken ser vi blåruss i alle aldrar og fasongar med «spynorsk mordliste» i blikket.

Inntil vidare har vi to likestilte målformer, og undervisninga i skulen skal tuftast på dette. Om vi endrar på vurderingsformene og innrettinga på karaktersettinga, endrar vi og på undervisinga. Vi veit i dag at vurdering har blitt halen som lograr hunden. Om dei som stiller seg bak forslaget, hadde meint alvor i å lette på kvardagen for gutane, kvifor ikkje fjerne munnleg karakter som separat storleik? Munnleg kompetanse kan vel so godt vere ein del av den totale kompetansen i hovudmål so vel som sidemål.

Ein kan i utgangspunktet og stille spørsmål ved om det er so urimeleg at norskfaget har fleire karakterar enn eit fag som til dømes KRLE.

Om du ser på norskfaget  på 8.-10. trinn, er det sett opp med 398 timar, medan KRLE har 153. Mitt framlegg er at vi tek vekk eigen munnleg karakter i norskfaget og endar opp med to karakterar; ein i hovudmål og ein i sidemål. Etter modell frå KRL kan vi og seie at sidemålet skal utgjere «om lag» halvparten. Det ville vere heilt urimeleg om dei smartaste i landet ikkje skulle lære so pass mykje bokmål.

Og kjære blåruss: Neste gong du vil stakkarsleggjere gutane, ikkje vel nynorsk som blodoffer. Det er for lett å gjennomskode. Du har dumma deg ut der før.

Powered by Labrador CMS