Rettskrivingstesten for engelske sjuåringar er avlyst, medan dei tilsvarande testane i grammatikk, lesing og matematikk går etter planen. Ill. foto: Dave Thompson/NTB Scanpix

Måtte droppe stavetest etter publiseringstabbe

Ein landsomfattande rettskrivingstest er avlyst etter at oppgåvene hamna på internett.

 

Ein halv million sjuåringar i England skulle etter planen ta den nye stavetesten SPAG i mai. No har regjeringa avlyst testen, fordi ein byråkrat ved ein feil la ut dei riktige spørsmåla på departementet sine nettsider i staden for døme på oppgåver, melder BBC. Fleire skular har nytta desse oppgåvene til å øve til testen, og det var leiaren for rektorane sin organisasjon som tok initiativ til å stanse gjennomføringa.

Det var læraren Charlotte Smiles som oppdaga tabben då ein av elevane hennar visste alle spørsmåla før dei vart stilte.

Skuleminister Nick Gibb frå det konservative partiet lovar ei grundig gransking av korleis dette kunne skje.

SPAG-testen vart introdusert i år. Lærarorganisasjonar har vore kritiske og meiner testen introduserer elevane altfor tidleg til ei teknisk tilnærming til språk.