Jonas tok rollespel til hjelp i norsktimane

Å leve seg inn i sjelslivet til fiktive personar er ikkje berre enkelt. Jonas Ure Hylland tok rollespel til hjelp.

Publisert

For nokre år sidan underviste Jonas Ure Hylland norsk for ei gruppe elevar med kvinner frå Afrika og Midtøsten med lite skulegang frå før. Han merka at det ikkje var så lett for dei å leve seg inn i personane i skjønnlitterære forteljingar.

– Dei tenkte for det meste innanfor sin eigen konkrete livshorisont og relaterte til faktiske personar når vi snakka om dikt og noveller. Å tenkje på noko som var abstrakt og fjernt frå dei sjølve, var ikkje så lett, fortel Hylland.

Men i staden for å slå seg til ro med at slik er det, gjekk han til si pedagogiske verktøykasse og henta fram drama og rollespel.

– Eg byrja forsiktig. Kvar av elevane vart tildelt eit namn og ein person dei skulle vere. Kvar personlegdom hadde òg ei kjensle som skulle spelast ut heile tida; dei var glade, triste eller sinte.

Etter kvart fekk kvar rolle meir djupn.

– Kvar og ein av dei fekk informasjon dei skulle leggje til rolla. Det var personlege eigenskapar, situasjonen personen er i, familietilhøve og andre konstellasjonar.

Dette var trekk som han sjølv dikta opp, men elevane var òg med på å utvikle personlegdomane.

– Dei fekk mellom anna erfare korleis kjenslene til personen dei framstilte endra seg når ein ny personleg eigenskap eller ei hending i historia til personen vart lagt til, og dei byrja å reflektere korleis dette påverka han eller henne, fortel han.

Har du opplevd
et gyllent øyeblikk?

Vi vil gjerne høre fra deg, kontakt: redaksjonen@utdanningsnytt.no

Deretter gjekk dei over til å kople dette til gjennomgangen av skjønnlitterære verk.

– Det som knekte koden, var å kome bort frå tanken om at læraren har eit fasitsvar, slik dei fleste som hadde skulegang frå heimlandet, var vande til. I starten var mange forsiktige og ville heller sitje på plassen sin enn å gå fram på golvet. Men det jobba vi oss igjennom.

Til slutt gjekk dei gjennom novella «Eg står her og skal slå opp med ei jente» av Rune Belsvik.

– Der kjem guten sine tankar fram. Men oppgåva vart å spele ut korleis det var for jenta.

Dei ulike gruppene framstilte jenta på ulikt vis.

– Det var spennande å sjå korleis eitt av para batt eit skjerf rundt hovudet på jenta og dermed skapte ein ny figur. Dei tolka det slik at jenta var sint då ho kom for å møte guten og fekk fram dette både gjennom replikkar og å syne kjensler.

Jonas Ure Hylland tykkjer det var flott å sjå korleis dei som i starten hadde vegra seg litt, no synte at dei var glade og stolte.

– Det var tydeleg at dei likte å få makt over innhaldet og få styre meir fritt. Og sidan såg eg at dei hadde fått eit breiare repertoar i å forstå tekstar og å utforske ulike alternative svar.

Powered by Labrador CMS