Kunnskapsminister Guri Melby.

Skulepolitikk på ville vegar

Debatt: Kva er poenget med lange lokale høyringsprosessar, når ministeren ikkje har nokon planar om å høyre på resultata?

Publisert

Guri Melby ønskjer å innføre fritt skuleval over heile Noreg. Det vil seie, ho vil ikkje innføre fritt skuleval, ho vil innføre «karakterbasert opptak» og skrote «nærskoleprinsippet». Dette tykkjer eg er eit merkeleg vedtak av fleire grunnar.

For det første var desse alternativa ute på regionale høyringar i dei fleste fylka i samband med samanslåingsprosessane. Her fekk lokale lærarar, skular og politikarar uttale seg om kva modell dei såg på som den beste for deira område. Med bakgrunn i høyringssvara fatta så dei nye fylkestinga vedtak om kva ordning dei skulle gå for. I nokon fylke gjekk dei for «fritt skuleval» og i andre vann ulike variantar av «nærskuleprinsippet» fram. Det må vere lov til å spørje ministeren kva som er poenget med lange lokale høyringsprosessar, når ho ikkje har nokon planar om å høyre på resultata.

For det andre ser eg ikkje heilt kva som skulle vere motivasjonen for 10.-klassingane. Eg veit at høgresida i norsk politikk opererer etter eit mantra om at fri konkurranse løyser alle problem, men eg kan ikkje heilt sjå at det heng i hop.

Les også: Regjeringen vil innføre karakterbasert inntak i hele landet

La oss for eksperimentets skuld tenke oss at alle ungdomar i Oslo har Kristelig Gymnasium som førsteval. Det vil seie at du har om lag 19.000 søkarar til 300 plassar. Om alle desse jobbar så godt dei kan frå første til tiande, vil det framleis berre vere 300 plassar. Om alle desse elevane får seksarar i alle fag, vil det framleis berre vere plass til 300 av dei på KG. «Men alle vil ikkje få seksarar i alle fag!» høyrer eg ministeren seie. Det stemmer nok det, men kva gjer det med motivasjonen til elevane å vite at dei ikkje kjem inn på førstevalet uansett kor hardt dei jobbar?

For det tredje er det ein risiko for at fritt skuleval vil gjere situasjonen vanskelegare for dei vidaregåande skulane i distrikta. Mange av dei slit allereie med å oppretthalde eit rimeleg godt tilbod når det gjeld programområde og programfag. Ofte er dei sårbare for svingingar i elevtalet, og berre små endringar kan ha stor verknad på fagtilbodet.

Det er mogeleg at «karakterbasert inntak» er eit viktig prinsipp for høgresida, men eg trur det er ein dårleg ide for den vidaregåande skulen og ungdomen.

Det er ikkje uvanleg at biologi 1 og biologi 2 går kvart anna år. Det same gjeld andre viktige fag som kjemi og engelsk. Dersom elevar ønskjer å ta psykologi, mediesamfunnet, kommunikasjon og kultur eller historie og filosofi, må dei til ein av dei store byane eller ta faga som privatistar. Resultatet blir at distriktsskulane får færre elevar og eit endå dårlegare tilbod. Nokon vidaregåande skular driv allereie på grensa av det som er forsvarleg med elevar som les to eller fleire fag som privatistar og lærarar som underviser på dugnad. Dette er ikkje nokon ønskeleg situasjon korkje for lærarar, leiing eller fylkespolitikarane, men dei har ikkje noko reelt val.

Sist, men ikkje minst, trur eg det kan vere lurt av ministaren å sjå på den jobben som blir gjort på alle vidaregåande skular for å auke gjennomføringsprosenten. Her scorar ofte dei vidaregåande skulane i distrikta høgt. Kan ein av årsakene til dette vere at ungdomen har eit godt utdanningstilbod i trygge nærmiljø, og er det verkeleg god samfunnspolitikk å øydelegge desse tilboda?

Gjennomføringsprosenten har blitt stadig betre dei siste 30 åra. Det siste eg las, var at regjeringa hadde eit mål om at over 90 prosent skulle fullføre vidaregåande opplæring. Då er det kanskje uklokt å bidra til ei skuleutvikling som tvinger 16-åringar til å flytte til byane eller velje fag eller programområde som dei i utgangspunktet ikkje ønskjer.

Det er mogeleg at «karakterbasert inntak» er eit viktig prinsipp for høgresida, men eg trur det er ein dårleg ide for den vidaregåande skulen og ungdomen.

Powered by Labrador CMS