Leiaren i Finnmark Senterparti Geir Adelstein Iversen meiner det finns verkemiddel for å sikre lærarar til små skolar i distrikta. BIldet viser elevar ved Båtsfjord skole. (Foto: Kirsten Ropeid)

Senterpartiet vil gi gass for små skolar i Finnmark

Både taparpartiet i Finnmark, Arbeidarpartiet, og vinnarpartiet, Senterpartiet, har lærarar som fylkesleiarar. Senterpartileiaren lovar hardare kamp for småskolane.

Publisert Sist oppdatert

– Legg du ned skolen legg du ned bygda. Vi må halde på dei små skolane, seier fylkesleiar i Finnmark Senterparti Geir Adelsten Iversen. Han svarar på spørsmålet om korleis skole- og barnehagesektoren i Finnmark vil merke at partiet har styrka sin posisjon.

29 prosent av røystene

Samla sett gjekk Senterpartiet fram med 11 prosent, og fekk ein oppslutnad på 19, 2 prosent i det nye fylket Troms og Finnmark. Dei lokale skilnadane er store. I Karasjok fekk Senterpartiet 29,5 prosent av røystene, i Lebesby 26,4. I den største kommunen, Alta, gjekk partiet fram 12,4 prosentpoeng til 14,4 prosent.

Blir ikkje dyrt

– Kva vil de kutte ned på for å finansiere ein skolestruktur med mange små skolar?

– Eg er ikkje så sikker på at det treng å bli så dyrt, seier Iveren.

– Da eg var ordførar heime i Måsøy var det nokre som ville slå to skolar saman til ein. Argumentet var at det vart billegare. Men eg rekna på det, og fann ut at det ikkje var mye å tene.

Lærarmangelen i Finnmark er stor. Er det ikkje vanskelegare å få kvalifiserte lærarar til små skolar i utkantane enn til større skolar meir sentralt?

– Kanskje vi har vore heldige i Måsøy, men vi har ikkje merka mye til det. Nå står vi rett nok framfor eit generasjonsskifte, dei lærarane vi har hatt er i ferd med å bli pensjonistar.

Har verkemiddel

Små skolar kan ha same kvalitet som store, meiner leiar i Finnmark Senterparti Geir Adelsten Iversen. (Foto: Stortinget)

Styresmaktene har verkemiddel for å utdanne lærarar til dei små plassane. Den desentraliserte lærarutdanninga i Alta har vore svært vellykka. Og så må vi ikkje leggje ned lærarutdanninga på Nesna, seier han.

Geir Adelsten Iversen er sjølv utdanna ved lærarutdanninga på Nesna. Under intervjuet kjem han heile tida tilbake til den fine skoletida der.

– Nesna leverte nye 33 lærarar til dei små skolane i nord kvart år, konstaterer han.

– Held dei små skolane akseptabel kvalitet?

– Resultata frå Hasvik i nasjonale prøver viser at ein liten skole kan vere like god som ein stor, seier han.

Elles understrekar Geir Adelsten Iversen at Senterpartiet vil presse på for å få ein mindre teoretisk skole som har kontakt med primærnæringane.

– Og så er det viktig at vi ikkje sender ungdommane ut av bygda og vekk frå heimen for tidleg, seier Iversen, som sjølv har undervist på LOSA, Lokal Opplæring i Samarbeid med Arbeidslivet. Det gir finnmarksungdommar høve til å ta første året på vidaregåande med undervisning i heimkommunen, og med kontakt med lærar i Honningsvåg via lyd og bilde, og lokal rettleiar.

Strid over alt

Lærargruppa er ikkje alltid samstemt i spørsmålet om skolenedlegging eller ikkje, seier Eskild Hoholm Hovland i Utdanningsforbundet Finnmark. (Foto: Tom Egil Jensen)

– Strid om skolenedlegging er det over heile Finnmark, seier Eskild Hoholm Hovland i Utdanningsforbundet Finnmark.

– Dette er det vanskelegaste vi står i, seier han.

-Engasjementet er alltid sterkt, og synspunkta mange. Det er slett ikkje alltid slik at heile lærargruppa i kommunen vil oppretthalde alle skolar, seier han.

Tapte 36,9 prosentpoeng

Finnmark Arbeidarparti er leia av ordførar i Nordkapp kommune Kristina Hansen. Ho er lærarutdanna og sat mellom anna i styret for Norsk Lærarlag Finnmark. I Nordkapp gjekk Arbeidarpartiet tilbake med 36,9 prosentpoeng, til ein oppslutnad på 17,8 prosent. I det nye fylket Troms Finnmark gjekk partiet tilbake med 9,1 prosentpoeng til 27,2 poeng.

Powered by Labrador CMS