Trass politisk vilje til å satse på mat i barnehage og skole vil det ta tid før valløftene blir realisert. Illustrasjonsfoto: Paal Svendsen

Tromsøungane må vente på skolematen

Det er stor semje om kva dei vil med skole og barnehage blant dei i fire partia som truleg skal styre Tromsø i lag. Likevel kan det ta tid før tiltaka blir sett i verk.

Publisert Sist oppdatert

Offensiv satsing på skolefritidsordninga. Betre bemanning i skole og barnehage. Offentlege barnehagar. Matservering i skole og barnehagar. Det er berre nokre emne innafor skole- og barnehagepolitikken der det er lite usemje mellom Senterpartiet, Arbeidarpartiet, SV og Raudt i Tromsø.

Les også: Oslo-elevene kan få gratis skolemat

– Skoletiltak må stå vent, konstaterer likevel Pål Julius Skogholt, gruppeleiar for SV i Tromsø kommunestyre. SV er partiet som har hatt den største framgangen i Tromsø, frå ein oppslutnad på 4,2 prosent i 2015 til 15,9 i år. Senterpartiet har gått frå 8,5 til 11 prosent, Raudt frå 2 til 5,1 og Arbeidarpartiet frå 33 til 19 prosent.

I februar i år fekk kommunestyret ein prognose som viste at forbruket innafor helse- og omsorg låg an til å bli 185 millionar over budsjettert.

Pål Julius Skogholt understrekar at nye tiltak for barnehage og skole må vente til helse- og omsorgsbudsjettet er under kontroll.

– Er ikkje tiltak som å tilby mat i skole og barnehage eller leksefri skole tiltak som kan få plass også i eit stramt budsjett?

– Det vi skal gjere, skal vi gjere skikkeleg. Å servere skolemat skal ikkje vere ei læraroppgåve, så vi må ha ekstra pengar til å organisere det. Og leksefri tyder ikkje at barna skal arbeide mindre. Dei skal få arbeide i ein utvida skoledag. Det krev og pengar, seier Sjøholt.

Samstundes avslørar han kva som er hans eige hjartesak innafor skole- og barnehage:

– Meir innsats for dei praktisk-estetiske faga, seier Pål-Julius Skogholt.

Powered by Labrador CMS