Illustrasjonsfoto: Pixabay

Skal skulen læra ein å meistra livet?

Debatt: Livsmeistrings"faget" er berre ein freistnad på å bøta på symptoma på eit problem som forresten kan henda ikkje er så stort som ein vil ha det til.

Publisert Sist oppdatert

Mykje på bakgrunn av ei spørjeundersøking som skal syna auke av psykiske problem blant norske elevar, vert eit nytt fag innført i skulen, nemleg noko som vert kalla Livsmeistring. Ein kunne ha vori meir kritisk til slike spørjeundersøkingar, som er ei sentrering kring problem og som får elevar til å problematisera småting, og det dei svarar på eit slikt skjema, treng ikkje tyda at dei har djuptgåande problem.

Ein skule i Trondheim har hatt "livsmeistring" (UPS) som eige fag med ein klokketime i veka. Toppen av absurditet vore om elevanes "kompetanse" i "faget" vert måla, og endå verre; fest til ein karakter. Voneleg er det vel ikkje meininga at påverknaden skal inn på den måten, men presenterast som eit tverrfagleg emne. Det er elles eit spørsmål om ein kan læra og ikkje minst læra bort såkalla livsmeistring. Dreier det seg ikkje heller om ein dynamisk prosess som varar livet ut? Det finst inga fasitløysing på korleis ein skal hanskast med psykiske problem og situasjonar som nokre tykkjer gjev stress, andre ikkje.

I ei bacheloroppgåve som pedagogikkstudenten Håavard Danielsen har kalla: Livsmønstring og kompetanse (En kritisk lesning av punkt 2.5.1 i Lærerplanverket) set han livsmeistring opp mot daning, og i konklusjonen spør han: Står vi ikke i fare for å undergrave egenverdien til livet ved å redusere det til en håndfull kompetanse man vurderes etter, fremfor å anerkjenne livet som en prosess vi befinner oss i, og som noe vi aldri fullt og helt kan mestre?

Danielsen stør seg i stor mon på Hegel og hans daningsfilosofi, men ein kan også peika på det innsnevrande positivistiske i filosofisk meining i det å lansera eit fag som livsmeistring. Auguste Comte sette vel nærast sosiologi som den høgste "vitskapen" over aritmetikk, geometri, mekanikk, astronomi, fysikk, kjemi og biologi, og ideane om at studium av menneskelege tilhøve der einaste vitskaplege instrument er statistikk, er vitskap. Ein ser det tydeleg i omgrepet samfunnsvitskap. Slikt har ført til at sume lærarar trur at alt kan gjerast til fag, også stress og depresjon. Om lærarane har sine tvil, skal dei få opplæring i "faget" av dei som er endå klokare.

Det er urovekkjande at læreplanen degraderer kunnskap til andreplass, klemt inn mellom formidling av verdiar og haldningar. Og er ikkje verdiar og haldningar i grunnen det same? Det er for så vidt ei trøyst når det gjeld dette "meistringsfaget" at brorparten av elevane ikkje vil få stort med seg i noko fall. Dessutan er det ikkje alle som finn hugnad i å sitja og kjenna på kjenslene sine. I den meir og meir oppdragande, moraliserande og verdilada skulen er viktigaste forsvaret elevane har, at dei ikkje let seg riva med. Det gjeld til dømes når heller kunnskapslause, men haldningssterke lærarar i grunnskulen doserer om "klimakrisa" slik at dei elevane som fylgjer med, får klimaangest. Om ein vaken elev hadde spurt om kvar i verda ein finn denne klimakrisa, er eg overtydd om at læraren ville verta svar skuldig om han held seg til reell kunnskap.

Livsmeistrings"faget" er berre ein freistnad på å bøta på symptoma på eit problem som forresten kan henda ikkje er så stort som ein vil ha det til.

Ein kan spørja seg om det ikkje er skulen som bør endrast frå botnen av i staden for å oppfatta elevane som pasientar. Om ein elev hoppar av frå skuleverket før endt eksamen, vert det også sett på som eit individuelt problem som skulen skal og kan løysa. Enn om det i staden var eit teikn på at det er skulen som ikkje fungerer?

Undervisning bør først og fremst vera kollektiv

Sjukdomsteikna i skulen er mange. Moderne pedagogikk ser ut til å gløyma at mennesket er eit sosialt vesen og at medvitet og evna til refleksjon (også introspeksjon) utviklar seg i samspel med omgjevnaden. Den kollektive delen av medvitet er langt viktigare og større enn mange er klåre over. Eit døme er språket. Det er eit instrument som er utvikla gjennom lang tid mellom menneske i ulike epokar for kommunikasjon, og det er tre (fire) ting som har skapt menneskesamfunnet; språket, hjernen og hendene i samarbeid med andre. Sentreringa kring det "unike" individet fører berre til isolasjon og egosentrisitet.

I skulen har ein i stor mon oppløyst klassestrukturen slik at den kollektive dynamikken ikkje lenger får virka. Samanhaldne klasser stør utviklinga til kvart individ betre enn den individsentreringa som no går føre seg. Ei målsetting om at klassa som heilskap skal verta best mogleg i det og det faget er mykje meir positiv også for individa enn individuell konkurranse. Det får alle til å yta sitt beste etter evner og føresetnader og fremjer samarbeid. Dei beste hjelper dei svakaste. Ein skal sjølvsagt ikkje halda flinke elevar tilbake, men også dei bør kjenna ansvar for kollektivet. Klassa vert ikkje betre enn den svakaste eleven. Og dersom elevane identifiserer seg med klassa si, lærer seg å tenkja kollektivt og å samarbeida, er eg overtydd om at det ikkje vert naudsynt med fleire spørjeundersøkingar om psykisk helse.

I dagens vidaregåande skule er det berre norsk av dei større faga som held ei formell klasseinndeling ved lag. Det er vel også det einaste faget der framgangen til ei heil klasse kan målast. Utgangspunktet må nemleg vera karakterer i vg. ved anonym eksamen sett i relasjon til karakteren elevane fekk i ungdomsskulen. Norsk er det einaste faget der ein kan få eit reelt grunnlag for å kåra den beste klassa i landet. Og ei slik kåring burde ein innføra for å motarbeida ekstrem individsentrering. Det ynskjelege vore sjølvsagt at ein innførde linedeling med samanhaldne klasser; realline, line for moderne språk, naturfagline osb. Då ville samarbeidpedagogikken som dreg alle i klassa med seg, få mykje betre vilkår.

Korleis ein skal finna fram til dei beste yrkesfagklassene, er ei anna skål. Der må ein sjølvsagt sjå på yrkesfaga og ikkje på allmenne fag som for mange av elevane er utan større interesse og heller ei plage.

Stengde studium held oppe den individuelle arbeidsinnsatsen hjå dei flinkaste elevane slik ar skulen framleis i ein viss mon er oppteken av kunnskapsformidling - men i læreplanen er det altså komi på andreplass. Ein bør sjå i augo at kunnskap igjen skal styra verksemda i norsk skule, at oppseding og moralisering bør ein gjera seg ferdig med i dei fire til sju første skuleåra. I dag går oppsedingsbiten over alle grenser og omfattar også vaksne menneske. Det er til dømes ikkje nok å setja opp skilt med fartsgrense, nei det må fartshumpar til. Det undrar ein at sjåførlærarane ikkje har fått pålegg om å undervisa i etikk, verdiar og haldningar ... Det stakkars norske mennesket blir haldi i øyro frå vugge til grav. Men korleis kan ein vera så viss på at oppsedarar og byråkratar/politikarar, journalistar alltid veit kva som er best for "deg"? Litt meir smålæte hadde vori på sin plass.

Powered by Labrador CMS