«Byggingen av den trojanske hest», maleri av Giovanno Domenico Tiepoli (1760). Wikimedia Commons / UK National Gallery.
«Byggingen av den trojanske hest», maleri av Giovanno Domenico Tiepoli (1760). Wikimedia Commons / UK National Gallery.

«Drep oss, herre, men ikkje med møtekaffi!»

Debatt: – Ikkje la «samskaping» bli ein trojansk hest for utholing av arbeidstida og rovdrift på tid som skal kome elevane til gode.

Publisert   Sist oppdatert

Eg vil hevde at eg har fylgt prosessen med fornying av læreplanverket forholdsvis nøye, og eg har bite meg merke i eit par moment som uroar meg. Det eine er det stadig veksande trykket på det nyskapte omgrepet «samskaping», det andre er at vi ikkje høyrer om «fagovergripande tema» lenger, dei vert berre kalla «tverrfaglege». Desse to språkbrukshendingane vil kunne ha indirekte konsekvens for kvaliteten på fagfornyinga, og til sjuande og sist: kvaliteten på undervisinga.

Det ligg fleire motiv bak fagfornyinga. Eitt av dei sentrale er eit forenklingsmotiv. Lærarane har under LK06 sitt regime hatt hendene so fulle av kompetansemål og kriterium at læringsarbeidet vart fragmentarisk i innhald og oppjaga av karakter. For å gje betre vilkår for undervisning som fører til læring, skulle vi dermed få ein enklare plan.

Frå Stortingsmelding 28 (2015 – 2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet: «Flere analyser viser at læreplanene for fag i grunnskolen og fellesfagene i videregående opplæring har et omfattende innhold som gjør det utfordrende for lærere å få nok tid til å legge godt nok til rette for elevenes dybdelæring.»

Det same les vi i ekspertrapporten «Om lærerrollen» (2016):

Enkelte lærere i en kommune med stort resultatfokus ga imidlertid uttrykk for at omfanget av kompetansemål i læreplanen og økte krav til hva elevene skulle gjennom, særlig i de grunnleggende ferdighetene, i sin konsekvens bidro til å innskrenke metodefriheten: «Det er mer og mer som skal inn i hvert fag uten at noe fjernes. Så trykket blir høyere, og vi får mindre tid til å gå i dybden» (s.191)

Eg les og eit indirekte innhaldsmotiv i fagfornyinga. Då dåverande kunnskapsminister lanserte fagfornyinga som eit verdiløft, var det nok ein halv siger. Han ynskte ein innhaldskanon, men vart (heldigvis) nedstemt i sitt eige parti. Det vi dermed har fått, er det eg vil kalle ein verdikanon og ein full siger for hjarte og hovud: verdiane i formålsparagrafen er gjennom det nye planverket fått ein meir forpliktande operasjonalisering enn i LK06. Etter å ha forlese oss på einskilde kompetansemål i over ti år, må vi no gjennomføre undervisning som er verdibaserte tilsvar til dei overordna føringane i planverket.

Det mest radikale i denne «verdikanonen» er tilføring av tre store tema som skal forplikte på tvers av fag. Læreplangruppene las overordna del, og arbeidde so fram målsettingar for dei einskilde faga innanfor desse fagovergripande temaa; Demokrati og medborgarskap, Folkehelse og livsmeistring og Berekraftig utvikling. Det gjer at «berekraftig utvikling» har heilt andre føringar i naturfag enn norsk. I den fagspesifikke «programerklæringa» for dei fagovergripande temaa som ligg i læreplanen, har vi ei avgrensing og eit retning for kva faget skal stelle med innanfor dei ulike temaa.

Likevel har språkbruken gått frå å bruke «fagovergripande» til «tverrfagleg». Pirk frå ein norsklærar, vil du kanskje seie. Eg er redd for at denne endringa vil legitimere oppløysing av faggrenser og styrka styring av lærarane si arbeidstid eller meir spissformulert: mindre tid til meir arbeid. Med den nye læreplanen i hand, vil eg for mine fag sin del kunne gjennomføre arbeid med «fagovergripande tema» med eit vell av didaktiske grep. Å snakke om «tverrfaglege tema» gjer meg heilt andre konnotasjonar. Eg vil ikkje tilbake til gruppearbeidet, og eg har til dømes full tillit til at naturfaglærarane kan arbeide med berekraftig utvikling utan å «samskape» med norsklærarane, samfunnsfaglærarane eller andre. Eg ser for meg «demokrativeker» og «livsmeistringsdager» og meirarbeid med diffuse faggrenser, utan garanti om fagleg meirverdi.

Utstrekt møteverksemd er ingen garanti for noko anna enn utstrekt møteverksemd.

I allereie nemnte rapport, «Om lærerrollen» (2016), vart vi og minna på kva som er læraren sitt oppdrag: å gjennomføre god undervisning. Utan å gå meg vill i kvalitetsomgrepet handlar kvalitet om å realisere breidda av verdiar som ligg i planverket, og å ha fokus på eleven si oppleving og breie utbytte. Utstrekt møteverksemd er ingen garanti for noko anna enn utstrekt møteverksemd.

Gjer vi «samskaping» til eit mål i seg sjølv, er vi på villspor. Samskaping har berre verdi der det fører til høgare kvalitet på den undervisinga eleven får. Unødig pålagt møteaktivitet kveler det meste av nyskaping og livsgnist, det er noko alle veit.

Det er ifølgje rapporten frå 2016 allereie ei haldning i lærarkorpset om at samarbeid er naudsynt for å kunne planlegge og gjennomføre god undervising:

«På mange måter ser vi tendenser til at informantene ønsker et bredere kollegialt nettverk. Særlig ble dette tydelig i samtalene om det pedagogiske utviklingsarbeidet. Det store flertallet av lærere betraktet utviklingstiden på sin skole som positiv, og samarbeid med lærerkollegaer ble ansett som faglig utviklende og utbytterikt. Nytten av utviklingstiden var likevel sterkt koblet til opplevelsen av relevans. Flere av lærerne uttrykte at ulikheter i lærerkollegiets faginteresser, utdanningsbakgrunn og undervisningstrinn kunne føre til at denne tiden ble erfart som mindre nyttig.

Drep oss herre, men ikkje med møtekaffi.

Ikkje la «samskaping» bli ein trojansk hest for utholing av arbeidstida og rovdrift på tid som skal kome elevane til gode. Vi får no eit planverk som er mange hakk betre enn det vi hadde, som gjev lærarane styrka handlingsrom til å planlegge og gjennomføre god undervisning. Omgrepet er teke frå politikken, der det er knytt til «brukarinvolvering». Den viktigaste samskapinga i skulen er då at læraren får bruke tid for og med elevane. Drep oss herre, men ikkje med møtekaffi.

Fagfornyinga skal føre til ei fornying av undervisinga, og det fordrar at skuleeigar ikkje tek eigarskap til all frigjort rom i planen. Hugs at den eigentlege skuleeigaren er eleven. Vi ser allereie døme på at fagfornyinga blir brukt til å forsvare og krevje strammare styring av tid som lærarane har hatt til konkret for- og etterarbeid av konkret undervising.

Å bruke samskaping som retorisk styringsverktøy er verken berekraftig eller demokratisk om det ikkje blir gjort med finesse og finkjensle, og det styrkar heller ikkje livsmeistringa til nokon. Og der fekk eg brukt alle dei kulaste omgrepa i ei og same setning, bortsett frå djupnelæring. Du veit, det der magiske fenomenet vi kan få til om vi berre får tid med elevane og tillit til at vi kan eit fag eller to og ikkje er totalt låst fast i snuing av bunken.

Det er fem år sidan den store streiken. Vil «Samskaping» no klare det som KS ikkje klarte den gong, å styrke styring av arbeidstida utan garantiar om at kvaliteten følger med?