Det er ikkje læreplanen som fornyar faga

Debatt: Røyndomen er som kjent ein hån mot teorien, og livet er ikkje so enkelt som realistar og datafolk vil ha det til.

Publisert

Det er ikkje gitt at Fagfornyinga (LK20) fører til den fornyinga som er tenkt. Ei fornying der målsettingar for faga har blitt heilt smidde om til nye og prangande storleikar skal no bli sett om til høgeffektivt læringsarbeid på brei front. Det er mange løfter i forarbeidet og gjennomføringa til LK20, men når planen no ligg der, kan den brukast til mykje. Det kan gå bra, men det kan og bli «gamle sanger om igjen.»

Eg er so full av ambivalens at det eg mest av alt opplever Fagfornyinga som, er ein freistnad på å bere nokre staurar for mykje. Det blir ein del sprik, eller det som psykologane kallar «kognitiv dissonans», noko som den fylgjande framstilling vil bere preg av.

Aktørar står allereie i kø for å fortelje oss lærarar kva implikasjonar denne planen har for vårt daglege virke. Kunnskapsdepartementet har sine politiske tankar. Udir har sine frykteleg kompliserte tankar. Lokale skuleeigarar i form av fylkeskommunale og kommunale utdanningsavdelingar har sine styrings-tankar. Læremiddelprodusentane har sine profitt-tankar. Dei Ikt-frelste har sine digitale superdupertankar, den nye klikkberre læreplanen har vel gjort ein skokk av datafrelste heilt skjelvne av fryd i duppedingsen. Til og med eg, prototypen på ein EDB-dinosaur, er på nippet til å la meg forføre av Udir sine skjermløysingar. Det er kanskje det største fareteiknet av alle. Den digitale visinga kan i verste fall kompensere for tolkingsarbeid på ein slik feilslått måte at lærarane sitt eigarskap til planen forvitrar før ein einaste time undervising er gjennomført. Røyndomen er som kjent ein hån mot teorien, og livet er ikkje so enkelt som realistar og datafolk vil ha det til.

Vi lærarar er i ferd med å gjere oss våre tankar, men mykje av tida går med til å handtere bølgjer av forventningar og forslag frå alle dei før nemnte. Kva blir att til oss til slutt om 99 prosent er bestemt av andre? Det er mager trøyst med ein prosent metodefridom.

Nye superomgrep har kome til, no skal djupnelæring, kjerneelement og tverrfaglege tema prege kvardagen vår, og det vert bygd karrierar på å paradere rundt med desse omgrepa festa på høvande powerpointar. Om vi skal ta desse nyfrelste på ordet, har visst den første soldagen kome, etter mange års mørketid. «Ja, men kva med det gagns menneske?» blir det kviskra frå ein krok, før vedkomande blir resolutt skipa ut av lokalet av to Securitas-vakter med djupnelæring i blikket.

... det er sentrale krefter som eigentleg hadde vore heilt happy utan nynorsk.

I samband med norskfaget har nynorskfolket har delt seg i to leirar, ein som tykkjer at LK20 er eit lys i enden av tunnelen, og ein leir som ser på LK20 som tunnelen i enden av lyset. Ikkje lett å konkludere her. At Unge Høyre ser på planen som ein siger burde kanskje gje oss svaret. Den delen av kommentarfeltkrigarane som er mest glad for eit kvart teikn på marginalisering av nynorsken, er i tillegg superbrukarar av ordelingsfeil. Det kan sjølvsagt vere eit argument for eitt skriftspråk. Sjølv tenker eg at om det var det store karaktertalet i norskfaget ein ville til livs, kunne ein halde på hovudmål og sidemål, og la munnleg vurdering gå inn i desse to fagdelane. At det ikkje er køyrt fram som eit alternativ, viser at det er sentrale krefter som eigentleg hadde vore heilt happy utan nynorsk.

Bjørn Bolstad, tidlegare rektor, skriv i eit blogginnlegg om frykta si for at det skal bli for lite tverrfagleg metodikk med omsyn til dei tverrfaglege temaa. Personleg takkar og bukkar eg for at planen ikkje legg metodiske føringar for arbeidet vårt. Eleven skal ha eit tverrfagleg utbytte av undervising i desse temaa. Korleis vi ute i skulane skal arbeide mot dette formålet, er ein del av vårt lokale metodeansvar. Alt anna ville vore utidig overstyring. Her må alle vakte seg for snikprosjektarbeidifisering og metodisk overprøving!

I eit målstyringsperspektiv kan Fagfornyinga vere eit stort framsteg, slik som i «Før sto vi på kanten av stupet, men no har vi teke eit langt skritt framover». Om ein ikkje gjer noko med styringsverktøya, har endring av handlingsrommet i planverket lite for seg. Om det framleis er nasjonale prøver i utvalde fag, eksamen i antikverte former og ein og annan PISA-test som er dei saliggjerande indikatorane på godt utført jobb, vil praksis bli retta inn mot å skåre høgt på desse. Den perfekte planen i eit målstyringsperspektiv er ingen plan, men strikse krav til output. «Du har full metodefridom og kan gjere kva du vil, men du må skåre sånn eller slik på test ditt eller datt». Om vi tør å satse på heile breidda i læringsoppdraget, kan vi ikkje fokusere blindt på nokre få kvantitative indikatorar. Eksamen har i alle år vore halen som lograr hunden. I ei logisk verd er det læringsprosessen som skal diktere sluttproduktet, ikkje omvendt. I og med eksamen si definisjonsmakt kan vi ikkje snakke om fagfornying før eksamen er tilpassa breidda i læringsoppdraget.

Eg har som de skjøner mange skrekkar i samband med Fagfornyinga. Til dømes har disiplinfaga ligge tungt til grunn for skulefaget, men no har maktbalansen bikka, og skulefaget er i ferd med å få sitt eige liv. Her må vi passe oss for ein elevsentrisk tilnærming som fnyser av sine vitskapsteoretiske og fagdisiplinære røter. Det kan og svekke samfunnet sin kunnskapsutvikling i front om spriket mellom fagdisiplinær kompetanse hos avgangselevar og inngangsnivået på dei reint fagdisiplinære studia vert større.

Når vi no skal gjere undervisinga «relevant» for eleven, kan vi ta ein runde på kva vi legg i «relevans». Er det opplevd meining hos eleven, eller dreier det seg om kva det er relevant at eleven kan? Vi kan ønske oss eit kategorisk samanfall mellom desse og arbeide systematisk for det, men alle som har undervist meir enn ein time, veit at det ikkje er slik i røynda.

Om fagfornyinga skal ta spranget frå harddiskane i Utdanningsdirektoratet til ut i klasseromma, er velviljen til lærarane avgjerande. I fagfornyingsprosessen har vi kanskje i for stor grad blitt snakka til og snakka om som ein stor homogen masse som skal skubbast motviljuge inn i framtida. Fellesskapet er summen av individa, og mangfaldet i lærarstanden er som mangfald elles, både eit gode og ein demokratisk realitet. Det ville vore like fatalt om alle var forgapt i status quo eller såg på endring som det høgste gode.

Vi lærarar er jamt over reformtrøtte, og endringar blir som alltid argumentert for med at vi har vore altfor dårlege før. No er det på tide for alle som meiner noko om skule å innsjå at tillit ikkje berre er ein premie, men òg ein avgjerande reiskap for myndiggjering, profesjonalisering og styrka kvalitet i alle ledd.

Powered by Labrador CMS