Roar Ulvestad har samanlikna det fyrste læreplanutkastet med det siste, og ser til si glede at det er teke inn att fagovergripande tema i ei heil rekke fag.Ill.foto: Pixabay

«Demokrati og medborgarskap har spelt ei rolle i sjølve fagfornyinga»

Debatt: – Eg ser til mi glede at fagovergripande tema er teke inn att i ei heil rekke fag, skriv Roar Ulvestad.

Publisert Sist oppdatert

Den 23. september, fødselsdagen til Julio Iglesias, Bruce Springsteen, Ray Charles og sambuaren min, vart det lagt ut eit spanande dokument på Utdanningsdirektoratet (Udir) si nettside. No har høyringssvara på siste utkast til læreplan blitt gjennomgått og systematisert, og det har blitt sendt over det som må vere det aller siste utkastet til Kunnskapsdepartementet (KD) for gjennomsyn og godkjenning. Det er sjølvsagt umogeleg å gå gjennom alt i alle fag, men eg har lese meg opp på eit av dei avgjerande punkta, dei fagovergripande temaa Folkehelse og livsmeistring, Demokrati og medborgarskap og Berekraftig utvikling. Det vart stor oppstandelse ved siste endringar, då Udir på ordre frå KD fjerna ein vesentleg del av desse måla. Sjølv var eg engasjert på berekrafta sine vegne i norskfaget, men eg var i godt selskap, noko som var kjekt å slå fast då eg las gjennom nokre hundre høyringssvar.

Eg har samanlikna den fyrste utkastet med det siste, og ser til mi glede at det er teke inn att fagovergripande tema i ei heil rekke fag. Engelsk har fått att Folkehelse og livsmeistring. Hooray! Musikk har fått att Demokrati og medborgarskap. Musikalsk! Naturfag har fått att Demokrati og medborgarskap. Skål i H2O! Norsk har fått att Berekraftig utvikling. For ein syntaks og semantikk! Matematikk har fått att Demokrati og medborgarskap. To strek under svaret! Kroppsøving har og fått att Demokrati og medborgarskap. Lagånd i kvar ein sveittedrope!

Eit openbert sakn er Demokrati og medborgarskap i faget Mat og helse. For meg er det uforståeleg i og med at fellesskapet både startar og blir utvikla ved matbordet heilt frå du er liten. Kvifor har ingen trua departementet med kjevlet her?

Alt i alt, godt jobba, Udir. No må KD vere kloke og sleppe desse kloke temavala gjennom. Det er trass alt eit kompromiss frå då alle faga hadde fagovergripande tema, slik at ein kan seie at ein har både teke og gjeve. Då kan vi slå fast at demokrati og medborgarskap til og med har spelt ei rolle i sjølve fagfornyinga.

Powered by Labrador CMS