Med intuisjonen som vegvisar

Den nye klassen var uroleg og lite oppmerksam. Per-Magne Løken måtte finne nye vegar i undervisninga.

Publisert Sist oppdatert

Per-Magne si mest skjelsetjande oppleving i undervisninga fann stad for mange år sedan. 

Då vikarierte han ved ein annan skule, der han underviste ein idrettsfagleg fyrsteklasse i engelsk, fem timar i veka. 

– Den fyrste tida med ein ny klasse føler ein seg litt fram, prøvar å bli kjent med dei, seier han. 

– Dei var litt urolege, og det var litt mykje støy i klasserommet, seier Per-Magne og held fram: 

– Desse ungdommane hadde mykje energi, og eg måtte prøve å late dei få anledning til å få utløp for det i engelsktimane av og til. 

Har du opplevd
et gyllent øyeblikk?

Vi vil gjerne høre fra deg, kontakt: redaksjonen@utdanningsnytt.no

Etter tre-fire veker innsåg han likevel at han måtte endre undervisninga si.

Komme elevane i møte 

– Eg må komme dei betre i møte, tenkte eg. Eg søkte i sjela mi korleis eg kunne nå alle elevane på beste måte. Elevar reagerer jo på kva slags inntrykk dei mottar i klasserommet. 

– Kor mange elevar skulle du nå fram til?

– Dei var 30 i klassen, meiner eg å hugse. 

Per-Magne gjorde tre ting: – Eg korta ned tida eg snakka sjølv. Det var jo dei som skulle bli engasjerte! Dei trong å bruke hendene. Eg gav dei meir praktiske aktivitetar, ikkje minst fleire konkurransar. Eg gav dei òg meir gruppearbeid.

– Vi spelte jamleg brettspel der alle måtte snakke engelsk. Vi heldt konkurransar, i par eller små grupper, slik at dei fekk testa seg i pensum og lære av kvarandre. 

På den tida var jo aktivitetane mykje meir analoge enn no: – Quiz, Trivial Pursuit-liknande spel, klipping og liming. Eg la opp til at dei ikkje skulle arbeide mykje åleine, men mest i forpliktande fellesskap. 

Heile skuleåret heldt dei faste konkurransar der elevane deltok i tilfeldige grupper og opparbeida seg poeng. 

– Dei summerte vi og hengde på tavla. 

– Var alle like glade i å konkurrere? 

– Ja. Konkurransementaliteten deira verka jamt fordelt, men den trong å bli stimulert! 

Fornøgde elevar 

Dei tre ingrediensane i oppskrifta til Per-Magne fungerte etter kvart veldig bra. 

– Elevane var glade og fornøgde. Det beste ein lærar kunne oppleve! Den utfordringa endra mitt syn på pedagogikk, fortel Per-Magne. 

– Det var veldig bevisstgjerande å satse på å møte elevane der dei er. Det prinsippet brukar eg enno. Eg må gjere det sånn, det engasjerer elevane best.