Flere gylne øyeblikk
Ikke noe innhold
Marit Nerås Krogsæters gylne augneblink skjedde i ein norsktime.
– Klassen las om ulike kulturmøte. Vi las mellom anna eit utdrag frå politikaren Abid Raja sin sjølvbiografi; «Min skyld. En historie om frigjøring». I den skriv han om å vekse opp i et innvandrarmiljø, og om omsorgssvikt og mobbing, fortel ho.
– Raja var som ungdom ganske ekstrem i meiningane sine og meinte til dømes at kvinnene skulle halde seg heime.
Utdraget handla om korleis Raja vart elev i ein klasse med stor takhøgd for alle slags elevar.
I klassen til Marit var det som utdraget frå boka vida seg ut og omfatta klassen.
For ein muslimsk gut og ei kristen jente byrja av seg sjølve å fortelje om si tru. Dei fortalde om å be, om å opne seg for noko større. Resten av elevane lytta og spurde.
– Det vart ein veldig, veldig fin samtale om å tru på ulike vis, seier Marit.
Denne klassa var heller stille og jobba med det dei skulle, men dei tok pause i friminutta.
– Denne gangen held samtalen berre fram. Elevane sat med øyra på stilk, seier Marit.
Muslimen snakka om korleis han og familien praktiserte islam heime og feira muslimske høgtider. Den kristne jenta fortalde om korleis ho kvar morgon las i Bibelen.
– Korleis kunne ho rekke det? undra elevane.
Jo, ho stod opp ei halv time før ho måtte.
– Eg vart imponert over dei to som fortalde. Til vanleg tok dei lite plass i klasserommet. Det var veldig flott å sjå dei utfolde seg, seier Marit.
Aller mest imponert var Marit likevel over korleis dei andre elevane reagerte.
– Nysgjerrige, ikkje det minste hånlege, ikkje «korleis gidd du», men meir «så spennande». Dei var helt opne i undring og spørsmål.
– Den spontane utvekslinga gav meg litt trua på at ungdommar tør å vere opne om kven dei er, avsluttar Marit Nerås Krogsæter.