digital kompetanse digitale ferdigheter

Digital kompetanse er ikkje ein grunnleggande dugleik

Debatt: – Dump det digitale som grunnleggande dugleik. Fargane frå skjermen gjer barndommen grå.

Publisert

Eg veit ikkje om det er eit nasjonalt mindreverdskompleks, men Noreg freistar stadig å vere best i klassen i alle globale trendar og spørsmål. Eit område som irriterer meg og gjev meg kløe og eksem langt inn i humanioraen, er den ukritiske opphaussinga av alt digitalt. 

Eit grelt døme på korleis Noreg freistar å framstå som fremst i flokken på det området, er at vi har gjort det digitale til ein grunnleggande dugleik i skulen sitt planverk. So vidt eg veit, er det ingen andre land som har gjort dette. Det kan verke som det er meir orden i epistemologien andre stadar. So det er sagt: Digital kompetanse er ikkje ein grunnleggande dugleik!

Om vi skriv, les eller reknar i dag, er det svært sannsynleg at vi nyttar digitalt utstyr til desse operasjonane. Det digitale er ikkje ein grunnleggande dugleik i seg sjølv, men meir eit miljø vi orienterar oss i, med tallause verktøy og brukargrensesnitt.

Om vi grev i historikken, møter vi eit hierarki av reelt grunnleggande dugleikar. Den munnlege kommunikasjonen, det talte ord, er utan tvil den mest grunnleggande menneskelege dugleiken. Å tale og lytte er fundamentet for alle andre dugleikar. Med teiknet kom det skrivne ord, og vi fekk lesing og skriving, som ga oss meir varige former for kommunikasjon. 

Til sist kom det digitale, som eit skjermbasert medium for biletet og det talte eller skrivne ord. Det digitale er det som kom sist, men utan skriving eller lesing heller ingen digital kompetanse. Vis meg digital kompetanse som ikkje handlar om lesing av tekst/bilete eller skriving/produksjon av tekst/bilete. Kva skulle det vel vere? Anten tar vi noko inn frå skjermen, eller vi gir den instruksjonar gjennom språk i form av tekst eller tale.

På tide å rydde i omgrepa

Det digitale er og blir fysiske uttrykk på overflatenivå. Vi har snudd dette opp ned og gjort det digitale, overflatiske til det primære, og tale/lesing/skriving til det sekundære. Det er på tide å rydde i omgrepa. Tale, lesing og skriving er det grunnleggande. Den naive skjermdyrkinga vi har hatt dei siste åra har ført oss ut i eit uføre der ingen gidd å lese lenger. Dyrkinga av ein overflatisk kompetanse har svekka dei reelle grunnleggande dugleikane.

Allereie i år 2000 kom det ein artikkel som føresåg det uføret vi har hamna i, «Fools gold»: I denne rapporten vart det hevda at det digitale freistar å framskunde barn si intellektuelle utvikling, ut over det som er den naturlege farta. Det finn vi mange døme på i dag, der ein med skjermbruk allereie i førsteklasse skal tvinge barna til å lære små og store bokstavar. Då vi tilårskomne gjekk i småskulen, var det ikkje forventa at vi som sjuåringar skulle kunne lese. Vi vart likevel kompetente lesarar som vaksne.

Det neste problemet som vart peika på i rapporten, var moglege konsekvensar for barn og unge si fysiske helse, både motorisk og i sanseapparatet, samt overvekt. Dette veit vi jo i dag, 23 år etter rapporten, er reelle utfordringar i barne- og ungdomsmassen. Fysisk passivitet og skjermliv har gjort augene og fingrane til dei mest aktive kroppsdelane, medan resten av skrotten slit.

So skisserer rapporten farane det digitale vil ha for emosjonell og sosial utvikling, i den forstand at vi får ei meir egosentrert oppveksande slekt, som føler seg framandgjort frå samfunnskollektivet. Dette kjenner vi att i sjølvdyrkinga på sosiale media, og kanskje til og med i den minkande interessa for å gå inn i omsorgsyrke der andre enn ein sjølv står i sentrum.

Kommersialisert barndom

Rapporten peikar òg på farane for ein meir kommersialisert barndom i og med det digitale, og vi ser jo i dag at skjermen er det mektigaste mediet i å kommersialisere alle livsfasar. For dei gamle er «smart omsorg» på trappene, digitale kosedyr på sjukeheimen som kan erstatte menneskeleg interaksjon, og tryggingsalarmar og automatiseringar som skal gjere alt lettare. Med smartklokker og barnevenlege mobilar kan engstelege foreldre tracke kvar arvingen til ei kvar tid er, og digitale tilbydarar står i kø for å selje programvare og maskinvare til skular og barnehagar.

So peikar rapporten på korleis skjermlivet vil påverke kreativitet og intellektuell utvikling, føre til dårleg språkutvikling, svak konsentrasjon og manglande evne til å tole frustrasjon. Ein ganske presis spådom, som går rett inn i diskusjonen som no rullar om elevar si svekka lesekompetanse.

Rapporten åtvarar mot «plagiarism», at det med autentisitet vert ei utfordring. Plagiatkontroll har i mange år vore eit viktig instrument for å tukte hangen til snarvegar og steling av andre sitt material. Plagieringskultur vil svekke nærleiken til lærestoffet, distrahere elevane frå eigentleg meining og utan tvil påverke moralsk utvikling.

Det er skremmande kor presis denne rapporten er i å beskrive den røyndomen vi no faktisk står i, 24 år etter. «Motgifta» til denne digitale arsenikken er innlysande. Vi må rive det digitale ned av trona som det gildaste og viktigaste vi kan halde på med.

Det mest grunnleggande er kropp og helse

Vi må bygge mennesket frå fotsålane og opp. Vi har i lang tid har gløymt det som er heilt grunnleggande. Helse, ernæring og eit godt forhold til kroppen sin er det mest grunnleggande av alt. Barna må lære å like å bruke kroppen sin i eit fysisk miljø som yter både motstand og velvilje. Naturen er det beste klasserom, uansett alder. So må vi lære borna dei andre sin verdi i sosialt samspel, vi må lære oss å tale, lytte og samhandle og forstå kor avhengig vi er av andre for å lukkast. Med «å lukkast» meiner eg å oppleve livet som meiningsfullt, ikkje å streve etter andre sine mål på lukke.

I pedagogikken må vi òg få med estetikken, forståinga av stygt og vakkert, praktisk og upraktisk, og at verda er vakrast når vi ikkje observerer den som pikslar på ein skjerm. Vi treng i tillegg til skrivekunst og lesekunst all annan kunst vi kan få: fysiske uttrykk for korleis eit menneske vil uttrykke seg og sitt forhold til både verda og seg sjølv.

Gjennom språket utviklar vi førestellingsevna og det å lage indre bilete. Med 29 bokstavar frå alfabetet har vi nok teikn til å spegle heile den indre og ytre verda på eit ark. Arket tilbyr ein indre magi og ein biletleg energi som skjermen aldri kan matche. Å gje elevane magi er det beste vi kan gjere for dei. Ingen grunn til å nøle.

Bruke kroppen i eit fysisk miljø, tale, lytte, lese og skrive, der er dei verkeleg grunnleggande dugleikane. Til betre vi har øvd oss i desse dugleikane, til betre digitale borgarar vil vi òg bli. Det er nok øydelagt barndom og oppvekst no. La ryddejobben ta til. Dump det digitale som grunnleggande dugleik. Fargane frå skjermen gjer barndommen grå. Ikkje er det leik, og duge gjer det heller ikkje.

 

Powered by Labrador CMS