Drammen held fast på ambisjon om full bemanning heile barnehagedagen

– Full bemanning er eit like viktig punkt i samarbeidsavtalen nå, som da SV var del av den raud-grøne leiinga av kommunen, seier varaordførar Ståle Sørensen (Ap).

Publisert Sist oppdatert

Det har framstått som at SV hadde eigarskapet til punktet om full bemanning i samarbeidsavtalen mellom dei partia som gjekk saman om å styre etter valet i 2019. Men Ståle Sørensen avviser bestemt at punktet fall ut av den politiske prioriteringa da partiet trekte seg ut 7. februar i år.

Les også: Seks barnehager i Bergen får to fulltidsansatte i ny prøveordning

Samstundes understrekar Sørensen at det ikkje er uvanleg at ikkje alle punkt i slike avtalar blir innfridd.

– Når vi lagar planar som dette veit vi jo ikkje om det vil kome ein pandemi eller ein krig, seier Sørensen.

Ei forundersøking har vist at tiltaket vil koste 120 millionar i året. Ein moderert variant vil kome på 75 millionar. Er det mye pengar i Drammen?

– Alt er mye pengar i Drammen. Vi er ein stor by med store sosiale utfordringar. Men vi har lite pengar å rutte med. Vi brukar klart mindre enn Tromsø, til dømes.

– Når får vi vite om de vil klare å ha full bemanning heile dagen?

– Når vi legg fram vårt siste budsjett før kommunevalet. I det første budsjettet vårt etter valet i 2019 hadde klimatiltak høgaste prioritet. Der var kommunen skikkeleg bakpå, så det kunne ikkje vente, seier Ståle Sørensen.

Arbeidarpartiet, Venstre, Senterpartiet og MDG har saman politisk fleirtal gjennom det dei kallar eit posisjonssamarbeid. SV var med i dette samarbeidet fram til 7. februar i år

Powered by Labrador CMS