7100 lærarar får tilbod om vidareutdanning til hausten

Det viser ferske tal fra Utdanningsdirektoratet. Sidan 2014 har 47.000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning.

Publisert Sist oppdatert

– Lærarar med god fagleg kompetanse er det viktigaste for elevane si læring. Derfor er eg glad for at mange lærarar har søkt om å få vidareutdanning. Fleire fagleg sterke lærarar vil gi oss ein skole der elevane meistrar meir og trivast, seier kunnskapsminister Guri Melby i ei pressemelding.

I 2015 gjekk eit flertall på Stortinget inn for nye kompetansekrav for lærare i norsk, matematikk og engelsk. Innen 2025 må alle lærarar som underviser i matematikk, engelsk, norsk, norsk teiknspråk og samisk i barneskolen og ungdomsskolen ha minimum 30 studiepoeng. I ungdomsskolen må dei ha minst 60 studiepoeng i dei same faga.

Kravene fekk tilbakevirkande kraft, slik at over 30.000 erfarne, utdanna lærarar plutseleg vart utan nødvendig kompetanse i faga. Dette har skapt store diskusjonar.

SV, Senterpartiet og Arbeiderpartiet går til val til hausten på å reversere vedtaket om avskilting.

Les også: Ap vil ha krafttak mot lærermangel etter nytt år med nedgang i søkertall

Les også: Omsider tok de vitsen – Arbeiderpartiet om karakter- og kompetansekrav

7100 får tilbod

Dei siste tala var i vinter viste at over 20.000 lærarar framleis ikkje har tilstrekkeleg kompetanse i norsk, matematikk og engelsk i grunnskolen. No får 7.100 eit tilbod til hausten. Sidan 2014 har da 47.000 lærarar fått vidareutdanning.

Om lag 4.000 av dei 7.100 skal fordjupe seg i matematikk, norsk og engelsk. Alle søknadane som vart godkjende av skoleeigar i desse prioriterte faga, vart innvilga av Utdanningsdirektoratet.

Også i praktiske og estetiske fag fekk alle dei 315 som fekk søknaden godkjend av skoleeigar, innvilga vidareutdanning.

Samstundes har det vore nær ei dobling i kor mange lærarar som får vidareutdanning i digital kompetanse, frå 419 i fjor til 750 i år. 547 lærarar vil få vidareutdanning i spesialpedagogikk. Det er opp frå 294 i fjor.

Blant andre godkjende søknadar finn ein:

337 lærarar som får tilbod om plass på lærarspesialistutdanninga, 100 fleire enn i fjor.

351 yrkesfaglærar og 1000 barnehagelærarar får vidareutdanning

Powered by Labrador CMS