Bladet Utdanning si tabloide tilnærming er med å byggja opp om haldningar som ikkje er ynskjelege, og som me vil kjempa imot, skriv Bente Hovland Bergtun. Foto: Utdanning

«Ein fireåring kan ikkje vera ansvarleg for åtferda si»

Framsida av siste utgåve av Utdanning treff meg som eit slag i magen! Det er med vantru eg les overskrifta og ser på bilete som er valt for å løfta eit alvorleg tema.

Publisert
  • Bente Hovland Bergtun er PP-rådgjevar, Bømlo PPT

«De minste elevene er mest voldelige» og at lærarane må kursast i valdshandtering. Sterk kost! Då eg to dagar seinare maktar å opna bladet, kan eg lesa at desse «minste elevene» er mellom fire og åtte år, og definert /stempla som valdelege.

Språket skapar verkelegheita, og bladet Utdanning si tabloide tilnærming er med å byggja opp om haldningar som ikkje er ynskjelege, og som me vil kjempa imot.

For meg som jobbar i PP-tenesta, og truleg for mange lærarar også, vert dette difor så feil som det går an, og det tenar heller ikkje saka. På bakgrunn av kunnskap og forsking, veit me at born si åtferd er utrykk for korleis dei har det. Me tenkjer ikkje born er vanskelege, men at dei kan ha det vanskeleg. Det er dette som må vera utgangspunktet.

Ein fireåring kan ikkje vera ansvarleg for åtferda si, men må ha hjelp til regulering av kloke og trygge vaksne, heime og i barnehage og skule. Det er dei vaksne sitt ansvar å kartleggje og finne ut noko om avvikande åtferd. Dette har hatt stort fokus i pp-tenesta sitt systemarbeid dei siste åra.

Å karikere born er alvorleg, og det er med å gjere debatten smalare. Eg tenkjer at me som jobbar rundt born må ha ei felles forståing kring dette, og truleg må det jobbast førebyggjande på fleire arenaer.

 

Powered by Labrador CMS