Nokre meiner vi har ei «gutekrise». Andre hevdar det er storm i eit vassglas, skriv Gunhild Nordvik Reite. Foto: Virginia State Parks/Wikimedia Commons
Nokre meiner vi har ei «gutekrise». Andre hevdar det er storm i eit vassglas, skriv Gunhild Nordvik Reite. Foto: Virginia State Parks/Wikimedia Commons

Er det verkeleg eit «guteproblem» skulen har?

Stoltenberg-utvalet foreslår mellom anna meir fleksibel skulestart. Om vi trur det er der skoen trykkar i norsk skule, har vi bomma.

Publisert

Stoltenberg-utvalet finn altså at gutane kjem dårleg ut i skulen samanlikna med jentene. Nokre meiner vi har ei «gutekrise». Andre hevdar det er storm i eit vassglas. I samband med rapporten er det i alle fall to spørsmål vi må stille oss: Det eine er om tiltaka som blir foreslått, tener elevane. Det viktigaste er kanskje om dette eigentleg handlar om noko større enn kjønnsskilnader.

En kortere versjon av dette innlegget ble publisert i Bergens Tidende 13. februar 2019

Les også: Gutters problemer er også samfunnets problemer

 

At mange gutar slit i skulen, er sjølvsagt ikkje noko vi skal vere nøgde med, så forslag til tiltak bør vi i utgangspunktet ønske velkomne. I den lange lista med 64 (!) tiltak frå utvalet er det hittil forslaget om meir fleksibel skulestart som har fått mest merksemd. Tanken er at nokre elevar skal få «modnast» slik at dei betre kan takle skulen sine forventningar. Dei må altså passe inn først for å ha det godt og lære. Dette er ei tilnærming eg trudde vi hadde lagt bak oss. At nokre foreldre kan ønske det for sitt barn, kan vere forståeleg. Likevel er forslaget på mange måtar ei fallitterklæring og i strid med ein grunnleggande inkluderingstanke: at skulen skal vere ein god plass å vere og å lære for alle slik dei er.  Utvalet vil også ha meir kartlegging, testing og nasjonale prøver. Kunnskap er bra – men eit enda større fokus på måling og testing gjer ikkje situasjonen betre for nokon – heller ikkje gutane. I verste fall bidreg det berre til «det er det som kan teljast, som tel» i skulen og at enda fleire ikkje «passar inn». Det er altså grunn til å vere kritisk til fleire av tiltaka. Dette kan bli eitt steg tilbake i staden for eitt fram.

Les også: Stoltenberg-utvalget: Karakteren i matte bør telle mer enn i dag 

Vi har no på eit knapt års tid fått lagt fram to rapportar om grupper som slit i skulen. Det såkalla Nordahl-utvalet tok opp viktige utfordringar for elevar med behov for særskilt tilrettelegging og foreslo tiltak. Alt for mange elevar får nemleg ikkje den hjelpa dei treng. Utvalet vil mellom anna ha omfattande endringar av det spesialpedagogiske systemet, noko som også kan problematiserast.

Les også: Ekspertgruppe foreslår å avvikle retten til spesialundervisning

Viktigare er spørsmålet: I det for så vidt berettiga fokuset på «sårbare grupper» i skulen blir vi blinde for at utfordringa til skulen handlar om noko større enn spesialundervisning og kjønnsskilnader ? Skal vi løyse utfordringane som rapportane peikar på, må vi også gå til «rota» av problemet: Vi har skapt ein skule som ikkje gir gode nok læringsvilkår for ganske mange elevar. Dagens førsteklassetilbod er ikkje slik som intensjonen var då seksåringane først byrja i skulen. Den leikprega pedagogikken kom aldri – eller forsvann fort. Skulen passar difor ikkje for mange av førsteklassingane. Vi veit også at det er tydelege skilnader mellom elevar frå ulike «samfunnslag», «klasseskilnadane» er like store som kjønnsskilnadene. Skulen etter utdanningsreforma Kunnskapsløftet ser også ut til å ha skapt meir behov for spesialundervisning. Særleg i ungdomsskulen har mengda av spesialundervisning vore stor. Rangeringar, testregime og høgt prestasjonsfokus har fått større plass i heile skuleløpet, og fleire av oss er uroa over kva som blir verdsett og kva som ikkje blir det. Ikkje minst er mange lærarar det.

 

Det hjelper fint lite å diskutere berre tannregulering om det er rotfylling som må til. Når det er slik at fleire ulike grupper i skulen slit, er det ein meir grunnleggande debatt om den norske skulen vi først og fremst må ta, ikkje ein diskusjon om i kva grad nokre førsteklassingar skal få bli skjerma frå skulen ei stund til. Om vi trur det er det siste saka handlar om, har vi bomma. Den diskusjonen er først og fremst eit symptom på noko vi ikkje burde vere nøgde med.

 

Gjer vi skulen betre for alle, vil også gruppene som rapportane tek føre seg, få det betre. Mykje er bra i norsk skule, men mykje kan bli betre. Forsking seier oss allereie ein del om kva som må til, utan at vi har klart å sette dette i verk. Det skjer ikkje gjennom «satsingar», men gjennom systematisk og hardt arbeid. Sjølvsagt kan kvar enkelt lærar verte enda dyktigare. Enda viktigare er det at utdanningsmyndigheiter gjev lærarane vilkår til å gjere jobben sin slik dei ønsker. For eksempel kan ein sørge for mindre test – og prestasjonsfokus, tid og støtte til kollektive læringskulturar, meir kompetanse, meir fleksibilitet og betre moglegheiter for tett oppfølging. Vi har ei plikt til å sørge for at både første- og tiandeklassingar, gutar og jenter, kan høyre heime, trivst og lære i skulen akkurat slik dei er.

 

* Gunhild Nordvik Reite er Phd-stipendiat i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda.