Skulen og danna menneske

Etter å ha gått gjennom eit trettenårig skuleløp må vi kunne forvente at alle kjem ut frå skulen som danna menneske. Men så snart ein går laus på å beskrive kva som skal til for å vere eit danna menneske, vil sprikande syn kome fram.

I ei tid har det vore diskutert om fagplanar i norsk for vidaregåande skal innehalde ei liste med forfattarar og tekstar alle skal ha lese. Som venta sprikjer meiningane, både om vi skal ha ein slik kanon og om kven som skal vere med der. Det er positivt for eit samfunn å ha ein så rik og mangfaldig litteratur at der er rikeleg å velje mellom.

Etter å ha gått gjennom eit trettenårig skuleløp må vi kunne forvente at alle kjem ut frå skulen som danna menneske. Men så snart ein går laus på å beskrive kva som skal til for å vere eit danna menneske, vil sprikande syn kome fram. Mange vil meine at ein person vil falle gjennom dersom ein ikkje kjenner noko skrive av den og den forfattaren. Eller ikkje har eit forhold til den og den musikken. Lista kan gjerast lang over dei felt eit danna menneske bør ha eit forhold til. Men kan ein vere eit danna menneske utan å kjenne noko til kunnskap innanfor naturvitskapane?

 

Kva forståingsramme?

I 1739 fekk Noreg si første skulelov med faga kristendom, lesing, skriving og rekning. Kyrkja og prestane hadde overoppsyn. Forståingsramma for tilværet med Gud, skaping og dommedag var lenge så godt som einerådande. Men opposisjon voks fram. Arne Garborg debuterte med boka ”Ein fritenkjar” i 1878. Tittelen signaliserte ei farleg tenking: retten til sjølv å velje tru og tanke, og boka vekte forarging hjå mange danna menneske som tenkte rette tankar. Med kvart har Stortinget teke frå kyrkja retten til å bestemme over innhaldet i skulen. I vår tid står retten til trusfridomen for kvart menneske støtt i Noreg. Skulen skal lære oss alle om religion, og sjølvsagt om kristendom, som er ein så stor del av norsk historie og kultur. Men kyrkja skal ikkje lenger bestemme forståingsramma skulen skal formidle for alt som er til?

 

På vitskapeleg grunn

Sjølv om vitskapen kanskje har funne fram til samanhengar som vil verte ståande til all tid, er det likevel eit grunnprinsipp at alt er i endring. Vitskapen vil difor seie; FOR TIDA meiner vi at dei og dei samanhengar er rette. Samstundes leitar ein heile tida etter nye forklaringar på fenomen vi kan observere eller ane. Til ei kvar tid må skulen formidle ei framstilling av verda som er den beste ein kjenner. Og så veit ein at det til ei kvar tid er strid mellom ulike måtar å forstå omgjevnadene, slik det skal vere. For tida er Big Bang den rådande forklaringa på starten på alt. Vi kan følgje banene til galaksane på himmelen. Når vi følgjer desse banene bakover, finn vi at banene samlar seg i eitt område. For 13,8 milliardar år sidan var der ein kolossal eksplosjon i dette området, Big Bang. Eit mål for skulen må vere å formidle ei forståing av kva som har hendt deretter.

 

Alle stoff er sette saman av atom

Ein hovuddel av atomkjernen er protona. Hydrogen har eitt proton, helium har to, litium 3, oksygen 8, jern 26, krypton 36, gull 79 osb. Vi ordnar grunnstoffa etter tal proton i kjernen. Vi har påvist 118 ulike grunnstoff. Rett etter Big Bang fanst omtrent berre dei to enklaste grunnstoffa; hydrogen med eitt proton i atomkjernen, og helium med to proton. Også i vår tid dominerer desse to, med 74 og 24 prosent av alt stoffet i verda.

 

Korleis har grunnstoffa kome til?

For at vi skal få tunge grunnstoff, må lettare grunnstoff smelte saman, fusjonere. Ein fusjon krev enorme energiar, temperaturar. Slike tilstandar finn vi berre i stjernene, der «hydrogenbomber» heile tida eksploderer. I stjernene vert nye og nye grunnstoff laga, og vert slynga ut i verdsrommet. Ein uendeleg liten del av slike stoff har samla seg i jorda. Alle stoff på jorda er laga i stjernene. Vi er stjernestøv; Dette høyrest stilig ut, og dessutan er det sant. Om lag kvart år kjem ei ny stjerne til i Mjelkevegen. Og som alt anna har stjernene ei normalutvikling frå fødsel til død.

 

Utvikling av liv

All utvikling tek tid. Utviklinga går frå det enkle til det samansette. Ei grov tidsskisse for kor lenge ulike organismar har eksistert: dei enklaste bakteriane 3,6 milliardar år, fleircella organismar 1 milliard år, enkle dyr 600 millionar år, fisk og amfibium 500 mill., landsplanter 475 mill., insekt og frø 475 mill., krypdyr 300 mill., pattedyr 200 mill., fuglar 150 mill., menneskeslekta 2,5 mill., homo sapiens (altså vi) 200 000 år.

 

Kva stoff er eit menneske sett saman av?

I vår tid kan vi gje sikkert svar. I eit menneske på 70 kg finn vi: oksygen: 45,5 kilo, karbon: 12,6 kilo, hydrogen: 7 kilo, nitrogen: 2,1 kilo, kalsium: 1,050 kilo, fosfor: 700 gram, svovel: 175 gram, kalium: 140 gram, klor: 105 gram, natrium: 105 gram. Dei attverande 525 gramma utgjer ei variert blanding av om lag 50 ulike andre grunnstoff. Vi har 118 grunnstoff. I mennesket er det 60 ulike grunnstoff. Altså er det 58 grunnstoff vi ikkje finn i menneskekroppen.

 

Styring til eit livsløp

Mennesket vert heile tida bygt opp, og heile tida nedbrote. Kvar ein dag må milliardar av atom av rette grunnstoff gå saman i celler. Arvestoffet vårt styrer utviklinga av cellene slik at dei passar til å byggje hår, negler nase, hjerne osb. Og cellene vert så leverte på rett plass. Og celler døyr heile tida og vert transporterte vekk. Tilsvarande leveransar og vekktransportering føregår i alt levande. Tenk deg at du skal lage ein utviklings- og transportplan for eit menneske med ei levetid på mellom 70 og 90 år. Kor mange tusen bøker med instruksjonar må du då lage?

 

Grunnstoffa si vandring

Dei grunnstoffa som vert laga i stjernene og slynga ut i verdsrommet, går ikkje til grunne. Dei stoffa som har vore innom kroppen vår, går heller ikkje til grunne. Atoma har vore mange stader før dei kjem innom kvar av oss, og dei kjem til å vere mange stader etter at vi ikkje eksisterer lenger. Om nokre tusen år er atoma som har vore innom kroppane våre, spreidde over heile jorda. Pga. tyngdekrafta vil atoma ”våre” halde seg på jorda. Vitskapen no følgjer materien/ stoffet i verda, som heile tida er i rørsle. Når vi studerer lyset frå himmellekamar, kan vi sjå kva grunnstoff dei er samansette av. Grunnstoffa er dei same over heile verda. Ei grunnforståing; alt oppstår i historia, og alt går til grunne i historia. Jorda har si utvikling; Den har eksistert i 4,5 milliardar år. Og er avhengig av energi, varmestråling frå sola. Sola endrar seg også og vil med kvart gje så lite energi til jorda at liv ikkje kan eksistere her, om nokre milliardar år.

 

Kjerneomgrepet informasjon

Vitskapen forstår meir og meir. Ingen trur vi no forstår alt. Eit illustrerande bilde: Lat det opplyste området stå for det vi forstår, det mørke området for det vi ikkje forstår. Vi held eit lite lys. Lyset grensar då mot eit lite mørker. Byter vi til eit sterkare lys, anar vi også eit større mørker. Altså; til meir vi veit, til meir skjønar vi at vi ikkje veit. Utvikling av ny kunnskap skjer i akselererande tempo. Bakom alt som skjer finn vi styring. Vi skjønar at verda inneheld mykje meir styring enn vi har førestilt oss. Informasjon er eit kjerneomgrep for å forstå korleis alt vert styrt. Her er det ei rivande utvikling. Mennesket er nok berre i byrjinga av innsyn om informasjon og styring på alle felt.

 

Element til den vitskapelege kanon

Eg har skrive med fokus på fysikken. Andre vitskapsfelt trengst også for å forklare alt som er til, og korleis materien har utvikla seg. Kunnskapsrike folk kan nok forklare meir om kva som må med i vår kanon og kvifor. Eg får berre nemne kjemi og biologi. Det er ein draum for mange vitskapsfolk å finne forklaringar og lover for samanhengar som får alt til å hange saman med alt. Med aukande samarbeid på tvers av den tradisjonelle inndelinga i fagfelt dreg kunnskapsutviklinga i den retning.

 

Eit eksistensielt perspektiv

Greske naturfilosofar såg for 2500 år sidan føre seg at verda gjekk gjennom ei syklisk utvikling. Alt bygde seg opp, og så gjekk alt til grunne i ein verdsbrann. Deretter ein ny runde med utvikling, og ein ny verdsbrann. Greske filosofar hadde stor tiltru til rett kunnskap; Den som hadde rett innsikt, kunne ikkje råkast av vonde som råka dei utan slik innsikt. Religionar med lovnader om evig samliv med guden har gjeve, og gjev, fred i sinnet for mange. Men utsiktene til å ikkje få gå inn i dette attraktive tilværet, men at ein kanskje tvert om må sjå fram til eit evigvarande tilvære med straff og pinsle, det har gjeve, og gjev, mange sterk uro i sinnet. Mange har grubla over om ein del innsikt kan vere for tung å bere. Fleire greske filosofar konkluderte; Berre rett innsikt i verdssystemet med sine sykliske verdsbrannar kan gje mennesket styrke til å halde ut tilværet. Her ser vi eit sentralt spørsmål også i vår tid; Kva slags danna menneske utviklar vår skule? Gjev vår skule rett innsikt i verdssystemet, og utviklar skulen vår styrke til å halde ut tilværet?

 

  • Asbjørn Geithus er pensjonert historielærar

 

Powered by Labrador CMS