«Kunnskapssektoren har en kompleks oppgaveportefølje og et bredt spekter av brukergrupper»

Debatt: Er det vanlege gangsynet i språkbruken i offentleg sektor i ferd med å døy?

Publisert Sist oppdatert

Det er vanleg med både bilsjuke og sjøsjuke, når balansefølarane i hovudet kjem i ulage med synsinntrykka på turar til land eller vatn. Vi har òg omgangssjuke, og eg merkar at eg i omgang med offentleg språkbruk no er i ferd med å utvikle det eg vil kalle «omgrepsjuke», slett ikkje ulik kjensla eg har når eg pilkar etter fisk i litt for store dønningar utanfor vestlandskysten.

I sjøsjuke er det som kjent to steg: det første er når du trur du skal døy, og det andre når du faktisk ønskjer å døy. Eg er ikkje heilt der etter dagens reise, sjølv om eg innser at det er noko som er i ferd med å døy, nemleg det vanlege gangsynet i språkbruken i offentleg sektor. Vi er i skulesamanheng vande med å bruke ord som utdanning, danning, læring, klokskap, teori, praksis, elevar, studentar, erfaring og liknande utrydningstrua omgrep. Eg skjønar at i byråkratordboka er desse omgrepa plassert under bokstaven D for «dinosaur».

Eg les på Kunnskapsdepartementet sine sider: «Kunnskapssektoren har en kompleks oppgaveportefølje og et bredt spekter av brukergrupper.» NEI! Vi har eit spekter av etablerte subjekt som elever, deltakarar, lærlingar og studentar! Ein elev er ikkje ein brukar, men eit menneske i utvikling. No må denne galskapen ta slutt, og brukaromgrepet må bannlysast frå alle offentlege dokument til evig tid.

Vidare les eg «brukerreisen – fra elev til student». Dette er kanskje det mest kvalmebringande so langt, no trur eg faktisk at noko er i ferd med å døy inne i meg. Dei lærande menneska i utdanningsløpet er ikkje «brukarar på ei reise», dei er konkrete menneske i personleg og fagleg utvikling, som freistar å dyktiggjere seg for framtidige utfordringar, på både det personlege og yrkesmessige plan.

... eg kjenner det faktisk i magen og er definitivt fysisk uvel.

Litt seinare: «Med utgangspunkt i de kartlagte stegene i brukerreisen identifiseres utfordringer, såkalte smertepunkter, som oppstår for brukerne.» Kva er dette slags nyspråk og gibberish? Vi har ikkje smertepunkt, å utdanne seg er ikkje ei somatisk oppleving, men ein prosess der ein kan møte både motstand og flyt. Som brukar av offentlege dokument må eg seie at å lese dette definitivt er eit smertepunkt, eg kjenner det faktisk i magen og er definitivt fysisk uvel.

Eg freistar å lese vidare med velvilje, det som litteraturvitskapen kallar «sympatisk lesing», men det held hardt. Konklusjonane i rapporten er at det er manglar i søknadsprosessen for opptak til vidaregåande opplæring, det er krevjande økonomisk fram til ein får utbetalt studiestøtte, og skulane brukar unødig mykje tid på innrapportering av elevdata.

Dette kan ifølgje rapporten løysast ved (hald deg fast!) «proaktiv søknadsprosess tilpasset en ung målgruppe.» Vidare kjem ei kort utgreiing om korleis desse omtalte «smertepunkta i brukerreisen» kan bli mindre smertefulle. Kunne ein ikkje berre skrive det då, utan å påføre gamle folk varige mein med denne gufne og framandgjerande kunderetorikken? No er det rett før eg faktisk ønskjer å døy.

Er det nokon i ny regjering som har raud penn og kan gjennomføre språkvask alle stader der ekte menneske vert omtala i offentlege dokument? Du treng sikkert meir enn ein. Alternativet er å oppløyse stillingsvernet til alle byråkratar som ikkje skjønar at ein elev ikkje er ein brukar og å sende dei på ei brukarreise til næraste NAV-kontor. Kanskje det blir ei danningsreise.

Powered by Labrador CMS