I spalten Aktuelt navn fra Utdanning nr.10/2019 har vi snakka med Åse Wetås som er direktør i Språkrådet. Ho seier at det ville vært mogeleg å stansa navnet «OsloMet» med den nye språklova. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Vi hadde kunne stansa navnet «OsloMet» med den nye språklova

Framlegget til ny språklov vil gi Språkrådet makt til å stoppe namn som «OsloMet».

Publisert Sist oppdatert

Kvifor skal vi ha ei språklov, når språk i seg sjølv er både lov og anarki? Språka har innebygde lover for både grammatikk og uttale, samtidig som det irriterer mange at språk utviklar seg heilt styrlaust.

«Brukar staten namn som ikkje er norske, blir signalet at norsk ikkje er godt nok.»

Åse Wetås

Det er ei stor styrke at den gamle mållova nå blir erstatta av ei språklov med juridiske reglar for bruk av det einskilde språket i det offentlege rom. Mange ser på skriftspråket er det «eigentlege» språket. Det er likevel det munnlege språket som er det primære. Og her skjer utviklinga fort, særleg når det gjeld å skape nye ord. Men i skriftspråket gjeld ingen naturlover. Skriftspråket er ein konsensus som vi skaper.

Du har sagt at framlegget til ny lov gir auka status til dei norske språka. Kvifor treng dei det?

Åse Wetås (47)

Kven

Direktør i Språkrådet

Aktuell:

Kulturdepartementet har sendt framlegg til språklov på høyring. Framlegget gir meir makt til Språkrådet.

Norsk er under press, særleg frå engelsk. Nynorsk er under sterkare press, og minoritetsspråka, som dei samiske språka, kvensk og teiknspråk, er under enda sterkare press. Da er det viktig at det einskilde språket får ei klar juridisk stilling og blir lovfesta som offisielle språk.

«Språkleg signalfeil» sa Språkrådet om namneskiftet frå NSB til Vy. Med den nye lova får de meir å seie i slike namnesaker. Smakar det godt?

Brukar staten namn som ikkje er norske, blir signalet at norsk ikkje er godt nok. Difor er vi glade for at den nye lova seier at offentlege etatar skal ha norske namn, skrive med norsk rettskriving. «OsloMet», namnet på det nye universitetet i Oslo, hadde vi kunna stanse med den nye lova. Lover har jo ikkje tilbakeverkande kraft, men det er lov for institusjonane å ombestemme seg.

«Brukar staten namn som ikkje er norske, blir signalet at norsk ikkje er godt nok.»

Namneskiftet frå Statoil til «Equinor» hadde vi ikkje kunna stanse, for den nye lova skal ikkje gjelde for selskap der staten berre er deleigar.
«Vårt purpose skal være å levere. Språkrådet skal være den foretrukne totalleverandøren av språkopplevelser», sa du i ei harselerande juksemelding 1. april i år. Kvifor er innhaldslaust jålespråk så populært?

Mange vil vere språklege påfuglar. Det er rart at dei ikkje heller vil vere saklege og lette å forstå. Særleg er det rart at offentlege etatar, heller enn å få språkråd heilt gratis frå oss, kjøper seg profilering frå ein konsulent som har vore i utlandet og lært noko nytt.

Du får halde ein undervisningstime for det norske folk. Kva handlar timen om?

Om rikdomen i språkmangfald, både for samfunnet og for den einskilde! Landet vårt har alltid vore fleirspråkleg, sjølv om vi ikkje alltid har erkjent det. At barn i norske klasserom i tillegg til norsk også snakkar samisk eller somalisk, kvensk eller kurdisk, det er rikdom. Språket er vegen inn i andre kulturar.

Kva for ein kjend person ville du hatt som lærar?

Ei forelesing av Umberto Eco hadde vore gjævt! Han har skrive fantastiske romanar, som «Rosens navn». Samstundes var han professor i semiotikk, læra om dei teikna og symbola vi brukar når vi kommuniserer. Semiotikk er ein del av språkvitskapen og altså innanfor mitt felt.

Kva gjer du for å redde verda?

Skal vi ha ein god debatt om tiltak mot klimakrise og miljøproblem, må norske forskarar formidle resultata sine til oss på norsk. I Språkrådet arbeider vi for det norske fagspråket!

Powered by Labrador CMS