Norsklærarar bør ha ei haldning som gjer at undervisinga i sidemål blir bra, uansett kva målform dei har som hovudmål, skriv Silje Nathalie Luvåsen. Ill.foto: Harald F. Wollebæk

Det finst betre alternativ enn å gjere sidemålsopplæringa valfri

Debatt: – Kvifor er det alltid nynorsken som skal bli gøymd vekk? spør Silje Nathalie Luvåsen.

Publisert

Helge A. Kyvik skriv i Utdanningsnytt 17.10.2019 at sidemålsopplæringa bør bli valfritt for dei interesserte, sidan elevar i vidaregåande skule har mykje å gjere. Det er ei dårleg løysing på sidemålsopplæringa, fordi det finst betre alternativ enn å gjere det til eit valfag. Dessutan kan det komme andre problem dersom ein gjer det valfritt.

Valfritt sidemål vil stengje ute fleire frå samfunnet og debatten. Eit av argumenta elevar nyttar, er at dei ikkje forstår nynorsk. Korleis skal dei ha ein samtale med meg når eg blir lærar, viss dei ikkje forstår kva eg skriv? Korleis skal dei skjønne nynorske lesarinnlegg og e-postar viss dei ikkje har lært noko om det? Ein veit heller ikkje kvar elevane kjem til å jobbe, så kva gjer ein dersom dei flyttar til ein kommune som berre brukar nynorsk? Om dei så byrjar å jobbe i kommunen, korleis skal dei skrive korrekt til innbyggjarane dersom dei ikkje veit korleis ein skal ordleggje seg eller korleis orda blir skrive? Det vil gjere at dei ikkje får den same moglegheita til å flytte rundt i heile Noreg.

Kva om lærarar brukar nynorsk og bokmål om kvarandre, heile tida?

Kvifor kan ein ikkje heller løyse det med at ein ikkje lagar eit skilje mellom nynorsk og bokmål? Vi har eit morsmålsfag, norsk, som er båe skriftspråka. Kva om lærarar brukar nynorsk og bokmål om kvarandre, heile tida? Til dømes leike med ord på båe målformer, skrive tekstar annakvar gong på nynorsk og bokmål, lese 50/50 nynorsk og bokmål. Kvifor skal ein bruke omgrep som sidemål og hovudmål når ein strengt tatt skal lære seg begge, som er norsk? Eg trur at viss ein byrjar tidlegare med båe skriftspråk og praktiserer dei heile skolegangen, så vil problemet med nynorsk og bokmål gradvis bli mindre.

Skal ein kutte ut algebra, andre verdskrig eller politikk i andre fag, berre fordi at elevane har for mykje å gjere? Nei, det skal ein ikkje gjere. Så kvifor er det alltid nynorsken som skal bli gøymd vekk? Kvifor kan ein ikkje prøve å sjå med nye auge og finne løysingar som gjer at elevane ikkje får sidemål/hovudmål-perspektivet. Kva om ein hadde lært båe som hovudmål frå første klasse? Elevane kjem meir fordomsfrie i første klasse, og eg trur at viss dei blir vande til å bruke nynorsk og bokmål om kvarandre, så vil dei ikkje tenkje over det på same måte som ein ser på det no. Det finst betre alternativ enn å gjere sidemål til eit valfag.

Eg blir litt skremd av slike haldningar blant norsklærarar. Ein lærar skal vere ein god rollemodell for elevane, og som norsklærar synest eg ein ikkje skal prate ned det eine skriftspråket. Ein norsklærar bør ha ei haldning som gjer at undervisinga i sidemål blir bra, uansett kva for ei målform dei har som hovudmål. At Kyvik, som er norsklektor, kjem med slike haldningar, gjer at ein kan forstå kvar tankane til elevane kjem frå.

Powered by Labrador CMS