– Nynorskelevar må få møte språket sitt på tavla i fleire fag enn norsk, meiner Einar Schibevaag i Rogaland Mållag, og stør framlegget frå den nye regjeringa. Ill. foto: Kirsten Ropeid
– Nynorskelevar må få møte språket sitt på tavla i fleire fag enn norsk, meiner Einar Schibevaag i Rogaland Mållag, og stør framlegget frå den nye regjeringa. Ill. foto: Kirsten Ropeid

Ny regjering vil vurdere språkdelt ungdomsskole

– Barn må sjå att sitt eige språk på tavla. Om den nye regjeringa nå vil sikre at dei får det, er det flott, seier Einar Schibevaag i Rogaland Mållag.

 

I regjeringsplattforma, som seier kva den nye regjeringa frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti skal gjere, står det at regjeringa vil greie ut om språkdelt ungdomsskole. Det tyder at elevane blir delt i klasser etter om dei har nynorsk eller bokmål. Nynorskelevane får undervisning på nynorsk ikkje berre i norsktimen, men og i dei andre faga.

I Rogaland skifter svært mange nynorskelevar over til bokmål på ungdomsskolen. Schibevaag meiner ein svært viktig grunn til det er at dei blir ein minoritet si klasse.

– Trettenåringar må kjenne att språket sitt i undervisninga i alle fag, ikkje berre i norsktimen. Utan det kan vi ikkje forvente at dei skal bli språkleg trygge. Men i dag blir elevane med nynorsk frå barneskolen spreidd rundt i klassane som språklege minoritetar når dei begynner på ungdomsskolen. I staden bør dei få vere saman og få alle fag på nynorsk, seier Einar Schibevaag.

Han kan gjere unntak for små valfag og fag der skriftspråk ikkje er sentralt.

Skolemålsskrivar i sekretariatet i Noregs Mållag, Ingar Arnøy, stadfestar at problemet i Rogaland gjeld fleire stader i landet.

– Presset mot nynorskelevane er svært stort når dei er i bokmålsdominerte klasser. Og det er dei svært mange stader, seier Arnøy.   

 

Les også: Ungdomsskoleelever kan få rett til egne nynorskklasser