Dugnaden for langlesinga

Debatt: Alle skular treng eit språkleg og litterært kraftverk av et bibliotek, der ein kan finne gamalt og nytt i alle sjangrar.

Publisert

Vi har ein lesekrise i skulen. Barn og unge les for lite lange tekstar, og dei lese lite krevjande tekstar utanfor klasserommet. Gutane les (som alltid) mindre enn jentene, men det er like vel eit faktum støtta opp av både forsking og lærarerfaring at den «diskursive kondisen» er på hell. Regjeringa vil difor ha idear og tankar om korleis vi kan få elevar til å lese meir.

Eg har mange idear og tankar om dette, og her er nokre av dei. Som på alle andre område treng menneske i utvikling av lesekunne førebilete. Dei ser til sine næraste, til foreldre, vener og til læraren som forvaltar norskfaget. Er du omgitt av lesande menneske som brukar tid på lesing, verdset det å lese, og framsnakkar boka og du liker desse menneska, er det sannsynleg at du tek etter dei.

Går vi dei unge sine nettverk etter i saumane, finn vi kanskje ut at lesekondisen ikkje er heilt på topp der heller. Skjermen har stole lesekondis frå både liten og stor, og fleire og fleire vel vekk den motstanden som er i langlesinga til fordel for blitzkriegen av bilde og korte tekstar som dominerer i mobilverda. Vil du at barnet ditt skal lese meir, les meir sjølv.

Som lærar har eg eit privilegium og ansvar i mine tekstval i klasserommet. Lever eg i mine eigne preferansar og vil promotere lesing ut frå dei, vil eg sannsynlegvis kvele alle tilløp til leselyst. Eg ser i eiga bokhylle at den er dominert av bøker av livstrøytte, godt vaksne kvite menn. Eg har gjerne ein jobb å gjere med meg sjølv der, men det som er sikkert er at desse bøkene er ikkje eigna til å få fyr i lesegleda hos ein femtenåring. Vi lærarar har eit ansvar for å orientere oss i den bokverda som kan vere interessant for elevane våre.

Då eg sjølv tok til å lese, var det heilt klart med radaren finstilt mot litt spesielle leseopplevingar og «forboden frukt». Bøker som ikkje er spekka med velmeinte vaksenpoeng, men som kan snakke til det opprøret og det mangfaldet som er i klasserommet utan å ende opp i enkle moralske formlar er viktige.

Konklusjonar med store bokstavar, laga av andre, er svært kjedelege. Den frekke, småsyndige, burleske, tvisynte, rare, usikre og fargerike litteraturen er mykje meir eigna til å opne opp leseopplevingar enn dei høgverdige tekstane vi har tolka i hel dei siste femti åra. Vi bør bruke tid til å oppsøke og utforske denne litteraturen sjølv, slik at vi kan gje gode lesetips til elevane våre.

Då treng vi og å bruke tid med dei andre norsklærarane til å utveksle leseerfaringar og klasseromserfaringar. Vi brukar ofte tid på overordna problemstillingar i dei faglege fellesskapa våre, men ofte kan det vere vel so inspirerande og viktig å dele erfaringar med kva val som har gjeve elevane sjølve inspirasjon og motivasjon til å overvinne den motstanden som ligg i lang og samanhengande lesing, utan notifikasjonar frå den blinkande bestekameraten.

Ja, eg veit faktisk ikkje om det er noko viktigare vi kunne gjort enn å dele på kva som har kveikt entusiasme i klasseromma våre. Vi kan vere ærlege og dele kva som har kvelt den òg!

Eg sjølv har gjort mykje kjedeleg i klasserommet, grunna respekt for lokal og nasjonal lesetradisjon og manglande mot til å ta djerve og eigne val. Minste motstands veg. Eg har òg teke sjansar og gått for opplegg som har teke tid frå mange små «pliktløp». Vi vil gjerne tru at elevane er meir modne enn dei eigentleg er, og tek oss sjeldan tid til høgtlesing.

Gode erfaringar med høgtlesing

Eg har alltid hatt tru på høgtlesing, og ikkje berre av korte tekstar. Lange og krevjande tekstar er nesten umogleg å forstå for en urøynd lesar. Mange har og gode minne knytt til mor eller fars høgtlesing i barndommen. Eg har lese «Kurt blir grusom» for ein tiande klasse, som sat som tende ljos i alle dei timane det tok, og mange av dei som brukte å kome slentrande for seint til timane, kom «right on time» for ikkje å gå glipp av noko.

Elevane var ekstraordinært friske i desse vekene. Merkeleg. I ein niande klasse brukte eg fem veker på å lese og arbeide med heile Peer Gynt. Det er dermed ikkje den enkle og lett konsumerte litteraturen eg framsnakkar, men å bruke den tida som trengs for ein og annan heil- og halvmaraton, og viljen til å velje vekk 60-meteren.

Skulebiblioteket

Ei viktig utfordring på skulenivå er skulebiblioteket. Altfor mange skular har i skuggen (ikkje lyset) av Det Digitale Skiftet forsømt boksamlinga si, og dimensjonert ned eller droppa den heilt. Det nyttar lite om vi som foreldre eller lærarar les og les og framsnakkar og framsnakkar, om skulen sjølv ikkje viser at den lange lesinga på papir er bryet verd. Alle skular treng eit språkleg og litterært kraftverk av et bibliotek, der ein kan finne gamalt og nytt i alle sjangrar, både analogt og digitalt. Eit miljø som er bygd for det lesande menneske. Koselege lesekrokar der ein kan gøyme seg vekk med boka si, og treffe ein skulert og interessert bibliotekar som kan kome med tankar og forslag om bokval og kva som er populært og ikkje.

Det er ikkje sagt at desse elementa eg har lista opp, er tilstrekkelege til å snu ein global trend av kortlesing. Det som eg likevel er trygg på, er at om ikkje vi gjennomfører ein lesekulturell dugnad der både foreldre, lærar og skule tek eit ansvar i dei retningane eg har nemnt, kjem vi til å vingle ukritisk hit og dit på den vegen som storkapital tufta på våre digitale uvanar bestemmer seg for å leie oss.

Powered by Labrador CMS