lektor lærer

Lektorar som går frå kommunen til UH-sektoren, går ned 100 000 kroner i lønn.

Debatt:  Med betre lønsvilkår i lærarutdanninga vil ein oppleve auka tilgang av røynde lektorar med erfaring frå klasserommet.

Publisert Sist oppdatert

Ein berebjelke i lønssystemet i skulen er kompetanselønssystemet, som gjev alle med same formelle kompetanse ei lik grunnløn. Dette er eit grunnlag for rettferd på tvers av arbeidsstadar og arbeidsgjevar, og gjer også at læraren har ein viss lønsgaranti ved når ein får ny stilling. 

Majoriteten av lærarar fell innanfor kompetanselønssystemet, men det finst minoritetar. Det er stor skilnad på statleg og fylkeskommunal/kommunal sektor, og det er og skilnader innanfor fylkeskommunal sektor. Ein høgskule-/universitetslektor må framleis akseptere eit lønsfall på over hundre tusen om ein tar hoppet frå kommunal sektor. Dette har følger også utover lommeboka til den som gjer dette skiftet.

Eg les innlegg etter innlegg frå fortvilte lærarstudentar som saknar meir praksis i utdanninga, og mange av dei har lærarar med forsvinnande liten eigen praksis frå skulen. Korleis kan ein lærarutdannar som aldri har fylt ut ein individuell opplæringsplan (IOP) eller aldri har drifta eit foreldresamarbeid, lære lærarstudentane noko om dette?

Lønsauke vil styrke pågangen

Med styrka lønsvilkår i lærarutdanninga, for lektorar med skikkeleg erfaring, ville lærarutdanningane opplevd styrka pågang av røynde lektorar som faktisk har vore i den røynda som ein utdannar til. Mange av dei lærarutdannarane vi har, går over i pensjon med ei langt mindre opptening enn sine gamle kollegaer i skulen. Dette er verken rett eller rimeleg. Om ein les i Utdanningsforbundet sine landsmøtevedtak herifrå til stiftingsdatoen, finn ein alltid gode vedtak og gode intensjonar.  Vedtaka og dei gode intensjonane overlever i beste fall fram til første forhandling, so blir dei hestehandla vekk for Gud veit kva.

Vi treng òg fleire lektorar med barnehage som arbeidsplass. Det er ikkje rettvist at ein lærar som utdannar seg og blir lektor, automatisk får eit hopp i lønn, medan det ikkje gjeld for barnehagelæraren. Meir lønn vil stimulere til kompetanseheving i ein del av utdanningssektoren som har blitt meir og meir krevjande.

Vaksenopplæringa

Den same urettvise situasjonen som lærarutdannaren og barnehagelæraren står i, har vi for lærarane i vaksenopplæringa. Lærarane i vaksenopplæringa får ikkje eit sentralt bestemt kontaktlærartillegg, men er prisgitt godviljen i den einskilde fylkeskommune. I Vestland får ein ein viss prosent av stillinga si avsett til kontaktlærarfunksjon, som er vel og bra, men det inneber likevel eit lønstap samanlikna med ordninga i kommunal sektor, der ein har eit sentralt kronetillegg som ofte er supplert med eit lokalt kronetillegg. 

Det er bra at ein har ei slags ordning, men den er ikkje bra nok. Om kontaktlæraren med fylkeskommunen som arbeidsgjevar hadde eit kronetillegg for denne funksjonen, hadde ein hatt ein vinst på 5 prosent faglært undervising. På tjue kontaktlærarar hadde ein dermed hanka inn ei heil stilling i undervisingstid. Eg trur det hadde blitt ein økonomisk gevinst i det òg.

Kveldstillegg 

I tillegg har vaksenopplæringa ein del lærarar som underviser på kveldstid. Dei mista i 2006 eit alminneleg godt kveldstillegg, på 30 prosent. I dag er kveldstillegget på 28 kroner timen, som er ein hån mot denne gruppa sin tidsbruk. Sjukepleiarane, som har ei meir regulert lønsfastsetjing for sine kvelds- og nattarbeidande, her eit tillegg på 28 prosent av timelønna eller minimum 56 kroner ekstra per time. Ein sjukepleiar med spesialisering har fire års utdanning, medan du blant lektorane som underviser kveld, sjeldan finn nokon med mindre enn åtte års utdanning. Dei har dobbelt so lang utdanning som sjukepleiarane, men kveldstimane deira er prisa til det halve.

Talet på lærarar som underviser kveld er ikkje større enn at om dei hadde blitt løfta til det same nivået som elles i offentleg sektor, hadde det knapt laga ei stripe i den store rekneskapen ved forhandlingstider. Akkurat som dei som er tilsett i statleg sektor, har det blitt vedteke å gjere ein ekstra innsats for desse. Akkurat som for dei tilsette i statleg sektor, har dei gode fortsetta ikkje overlevd ei einaste forhandling. No er det på tide at det blir rydda opp, slik at vi får styrka rettferda og får ein samanheng i lønn uansett arbeidsgjevar. Eg skjønar det er spesielt vanskeleg å «harmonisere» statleg og fylkeskommunal/kommunal sektor, sidan avtalane er ulike, men det er faktisk mogleg å få konsistens i fylkeskommunal/kommunal løn, om viljen er der.

Viljen må starte hos Utdanningsforbundet, men eg er redd for at desse gruppene igjen blir gløymde, tre steg frå landsmøtet sin siste buffé.

Powered by Labrador CMS