Illustrasjon: Skjermdump frå lovdata.no
Illustrasjon: Skjermdump frå lovdata.no

Paragraf 9 A: «Det er viktig at nye lærarar ikkje vert møtt av meiningslause skuldingar om krenking når dei kort og godt gjer jobben sin»

Debatt: På vegne av medlemmane kan ikkje UDF godta at lærarane har fått rettstryggleiken svekka og at tilliten til profesjonen vår vert undergreven.

Publisert   Sist oppdatert

I boka «De nasjonale strateger» skriv Rune Slagstad om instrumentell styring av norsk skule. Under overskrifta Regimeopposisjon viser han til filosofen Hans Skjervheim og til formuleringa «det instrumentalistiske mistak». Skjervheim seier at «målstyringsideologien» er eit slikt mistak. Statlege verksemder, inkludert utdanningsinstitusjonane, skulle formast om. Skjervheim identifiserte klare totalitære trekk i denne «management-revolusjonen», inspirert av Margaret Thatcher, som ei mild form for stalinisme. Arbeiderpartiet innførte styringsreforma, og dei let undervisningsminister Gudmund Hernes i lag med ein lojal læresvein og statssekretær, Astrid Søgnen, gjennomføre reforma i vidaregåande skule som Reform 94. I karrieren som skuledirektør har Astrid Søgnen tufta leiinga si på denne styringsideologien, no oftast kalla «New Public Management». I møte med kritikk frå tilsette i systemet og kritikk utanfor, har dei meir totalitære sidene synt seg. Det toppa seg under Malkenes-saka, og Astrid Søgnen vart til slutt avsett.

Paragraf 9A, krenkingsparagrafen, inneber at tilsette ikkje vert rekna som ein part, og dei står utan rettar og rettsvern.

Professor Rune Slagstad har vore kritikar av både ideologien og Gudmund Hernes. Han har peika på dei totalitære trekka, og at utviklinga meir eller mindre vil gå i ei diktatorisk lei. Han har diverre fått rett. Paragraf 9A, krenkingsparagrafen, inneber at tilsette ikkje vert rekna som ein part, og dei står utan rettar og rettsvern. Dei som direkte arbeider med elevane, profesjonen , er passivisert og har mist retten til å kome med innspel . All makt i form av å utøve skjønn og avgjerd ligg hos forvaltninga. Gjennom sakshandsaminga relaterer byråkratane seg ikkje til praksisplanet eller den einskilde lærar sitt møte med elevane. I avgjerda legg ein berre til grunn ein lovtekst eller ei forskrift. Då har ein fjerna det menneskelege frå sakshandsaminga, og læraren vert redusert til eit juridisk objekt. Berre eleven har rettar til å kome med ei forklaring. Profesjonsutøvaren, oftast læraren, står utan rettar i sakshandsaminga.

Kvifor må paragraf 9A endrast?

  • Forskrifta er i konflikt med grunnlaget for profesjonsutøvinga, då kontekst og skjønn ikkje vert rekna som relevant i sakshandsaminga.
  • Respekten for profesjonen sin autonomi manglar.
  • Rettsvernet for person og profesjon er fråverande, noko som bryt med retten til kontradiksjon.
  • Slike saker kan brukast av arbeidsgjevar, foreldre og elevar til å legge press på tilsette eller kort sagt hemne seg.
  • Små saker, misforståingar, vert ikkje løyst på lågast mogleg nivå, men dei får utvikle seg til større konfliktar.
  • Omgrepet krenking er utydeleg, og det er høgst problematisk i høve oppdraget vårt om å drive oppseding, grensesetting og modifikasjon av åtferd.
  • Subjektive opplevingar hos ein eleven kan ikkje vere grunnlag for ei offentleg sakshandsaming. Ei slik sakshandsaming må ha som eit utgangspunkt å finn dei objektive sakstilhøva. Meir subjektive opplevingane høyrer heime i ein dialog mellom partane på skulane. Det subjektive skal ikkje vere grunnlaget for Fylkesmannen si sakshandsaming.
  • Det er sjølvsagt krevjande for ein tilsett å bli utsett for grove skuldingar.

UDF sin strategi for å endre paragrafen

Kva som kan vere ein fornuftig strategi knytt til krenkingsparagrafen, er vanskeleg å seie, då det òg ligg politiske og ideologiske motiv bak forskrifta. I botn ligg ein utopisk tanke om at ein kan fjerne all krenking. Samstundes skal det visast politisk handlekraft og vilje til å styre gjennom nye rettsreglar. I praksis har paragrafane vore utforma av juristar for juristar. Dei er lagt til rette slik for at byråkratiet kan legitimere rolla si som naudsynte vaktarar av elevane sine rettar. Fleire og fleire spørsmål vert rettsleggjort, noko som er eit kjerneelement i den norske utgåva av «New Public Management». Makt og mynde vert flytta bort frå skuleeigar, rektorar, lærarar på kostnad av profesjonsutøvinga. Norsk skule med elevar og lærarar er ikkje tent med ei slik styring. Ei endring av kursen krev og at Utdanningsforbundet (UDF) tenker nøye igjennom konsekvensane av rettsleggjeringa, og at vi tek avstand frå målstyringsideologien. Ein interesseorganisasjon må bygge denne saka på det prinsipielle. Det er sjølvsagt at normal rettstryggleik også gjeld tilsette ved skulane. Utspel må vidare ta utgangspunkt i utøvinga av profesjonen i den røyndomen medlemmane opplever i det daglege. Taktiske vurderingar om kva haldningar byråkratar, politikarar, medieverda og publikum måtte ha, er mindre viktig då det berre er eit krav om normal rettstryggleik.

Det må og meislast ut ein tydeleg kampstrategi både sentralt og regionalt for korleis ein kan få styresmaktene til å endre både på forskrifta og praktiseringa av paragrafen. Då må vi og arbeide på eit regionalt plan i høve den einskilde fylkesmann. Slik som det no ser ut, sit UDF «stille i båten», og gjer lite og ingenting. Paragrafen må seiast å undergrave vår eigen profesjonsetikk. Elevane er neppe tent med at byråkratane hos Fylkesmannen avgjer slike saker. Dei har berre kompetanse i sakshandsaming og manglar innsikt og røynsle i klasseleiing. Dei kan lite om profesjonsetikk, og dei har ikkje forståing for profesjonsarbeidet til lærarane.

«Ja, vi kommer sent, herr konsul, men vi kommer godt!»

Alexander Kielland

På vegne av medlemmane kan ikkje UDF godta at lærarane har fått rettstryggleiken svekka og at tilliten til profesjonen vår vert undergreven. Ikkje minst er det viktig at nye lærarar ikkje vert møtt av meiningslause skuldingar om krenking når dei kort og godt gjer jobben sin. Lærarprofesjonen vert i negativ forstand pressa på fleire måtar. Lønsutviklinga har over tid vore svak for våre medlemmar. Pensjonsrettane er dårlegare og rettsvernet svekka. No kan vi lett bli sett på som ein form for tenarskap med svakt rettsvern og låg løn – kort og godt er vi vel på veg til ei gruppe med låg status. Utdanningsforbundet er difor nøydde til å gjere ein betre jobb for medlemmane. Då må organisasjonen vere svært medviten om kva ein godtek og kva ein ikkje godtek. No er tida komen for å seie tydeleg i frå både til politikarane og til styringsverket, det vil seie byråkratane. Alexander Kielland let skipper Worse svare konsulen slik då dei var komne seint i hamn: «Ja, vi kommer sent, herr konsul, men vi kommer godt!» Leiinga i UDF har i liten grad vore på bana og ballen i denne saka. Skal vi i framtida vere ein truverdig interesseorganisasjon, må vi på sentralt og regionalt hald kommunisere tydeleg kva organisasjonen vil gjere for medlemmane.