Det tjuande hinderet er alle som set krefter inn på å drepe kreativitet og arbeidslyst.

"Å snakke til 200 stille og velseda tilhøyrarar på konferanse kan ikkje samanliknast med fulle klassar i barne- og ungdomsskule med ulik historie og modning."

Samfunnet må støtte skulen. Her er 20 tesar som skal vere til hjelp inn i framtida for å få til den gode skulen.

Eg har stått fram som lærar med vurderingar av den gode skule mange titals gongar. No bør eg vel snart innsjå at denne debatten varer til evig tid, sjølv om eg no nok ein gong freistar å løyse skule-floken.

 

Når mange dyktige lærarar sluttar fordi dei er lei av at arbeidskrafta skal tilfredsstille byråkratiet i staden for elevane, må eg i sympati med desse dele mine tankar med folket nok ein gong. Det undrar meg at ikkje dei styrande krefter ser denne negative utviklinga som rapport- og skjemahysteriet fører med seg av tapt elevtid.

"Det er jobben mellom testane som er den verkelege og krevjande lærargjerninga."

Det er svært uheldig at testar og samanlikningar fangar merksemda i skulen. Media og politikarar er òg altfor opptekne av å samanlikne skular, kommunar eller fylke utan å kome til kva skulearbeid eigentleg dreier seg om.

Det er jobben mellom testane som er den verkelege og krevjande lærargjerninga. Den jobben har folk flest liten peiling på, og er fornuftige nok til å teie om. Det er i samspelet med eleven læringsstrategiane blir verkeleggjort, det er der samanhengen i læringsutbytte må sjåast, det er der visuell støtte må gjevast, det er der struktur må følgjast, det er der vi må halde merksemda, det er der vi skal vinne kortsiktige mål, det er der vi skal tilpasse mengde og vanskegrad.

"Eg kan seie heile verda kor eleven står fagleg før testen."

Det er dette som utfordrar oss, det er dette som gjer yrket spanande; dette er handverk av ypparste klasse. Lytt til kva vi har å seie om metodisk, didaktisk og pedagogisk arbeid knytt til einskild-eleven, gruppa og klassen. Vi veit kvar eleven står fagleg. Vi har meir enn nok testreiskap i skulen til å vite det. Vi treng ikkje fleire og fleire testar, og absolutt ikkje testar som seglar under falskt flagg. Det vil seie at dei  er for læraren sin del. Eg treng ikkje slike testar, eg kan seie heile verda kor eleven står fagleg før testen.

De må alle vite at mange lærarar rundt om i landet gjer ein fantastisk jobb med elevane. Lærarane vel ikkje å skryte av dette i media. Dei er hardt arbeidande med konsentrasjon om læring og danning. «Hardt arbeid i klassen treng ein ikkje å flagge høgt», seier mange av desse. Kanskje med ein undertone av resignasjon. Og når einskilde utanfor systemet grunngjev blant anna byråkratiseringa i skuledagen med at det er å stille krav til læraren, blir mange kollegaer tause og såre.

Einskilde lærarar har vald å reise rundt og fortelje kva god undervisning er. Det er flott gjort. Men sidan dei er så skråsikre på metode, burde dei absolutt bli verande i klasserommet. Å snakke til 200 stille og velseda tilhøyrarar på konferanse kan ikkje samanliknast med fulle klassar i barne- og ungdomsskule med ulik historie og modning.

"Eg gjer som Martin Luther og ytrar mine synspunkt i tesar om kva hinder som svekker den norske skulen."

Sjølv er eg mange gonger usikker både på metode og didaktikk i ulike elevutfordringar, men eg freistar alltid ulike innfallsvinklar, alltid med von om å lykkast. Italienaren Galileo Galilei sa at det verkelege liv er annleis enn kva dei leiande i landet hevdar. Han fortvila over at styresmaktene hadde monopol på sanninga. 

Eg gjer som Martin Luther og ytrar mine synspunkt i tesar om kva hinder som svekker den norske skulen. Men eg slår opp 75 færre enn kva den kjende protestanten frå Tyskland gjorde i Wittenberg på 1500-talet.

1) Pressa er eit hinder for den gode skulen; dei tek i altfor stor grad inn innlegg i sine aviser frå professorar, maktelite og forskarar. Den vanlege lærar sine innlegg blir det sjeldan plass til. Eg har sendt inn mange innspel og fått berre eitt på trykk.

2) Det andre hinderet er at faget «undervisning» er blitt politikk. Når eit fag blir noko politikarane skal vite best og mest om, blir alt ei kaotisk smørje. Dei målar eit yrke med politisk farge. Det resulterer i at faget taper verdi, styrke og kvalitet, og dermed mister ein også fagfolk. Anonym retting av prøver for å fastsetje standpunkt viser kor langt ute av skulekunnskapen einskilde politikarar er. Slike vedtak bør ein no raskast mogeleg trekke tilbake og be om orsaking for å ha innført.

3) Det tredje hinderet er at mange politikarar lagar sanning ut frå ein lærar som dei sjølv ikkje likte og navigerer ut frå det. Slik generaliserer dei og øydelegg for heile yrkesgruppa. Det er lett å trekke fram den eine udugelege, han nord på Austlandet ein stad, han som snudde bunken og fortalde dei same vitsane kvart år. Men å styre heile skulestellet på grunn av den eine er skikkeleg skivebom.

"Halve ungdomsgruppa i landet er ikkje pleietrengjande. Det er fleire folk til å undervise som trengst."

4) Det fjerde hinderet er invasjonen av andre yrkesgrupper i den norske skulen. Dei sit i mange tilfelle med ei uklar rolle. Halve ungdomsgruppa i landet er ikkje pleietrengjande. Det er fleire folk til å undervise som trengst.

"Sannsynet for at du ser kvar einskild elev, er lågare di fleire elevar du skal sjå på."

5) Det femte hinderet er at kommunar fyller på med elevar i klassane. Mange politikarar dekkjer seg stadig feilaktig bak at talet på elevar ikkje spelar noko rolle for læringa. Til og med statsministeren har sagt det, men det blir ikkje meir riktig av den grunn. Sannsynet for at du ser kvar einskild elev, er lågare di fleire elevar du skal sjå på.

6) Det sjette hinderet er alle prosjekta som skal inn i skulen. Alt dette tek tid og går ut over fag, konsentrasjon og arbeidsro. Det er lett å lage eit prosjekt for alt dersom det er mange nok byråkratar til å lage slike. Hopetal med prosjekt blir kasta over oss, mange er berre halvvegs gjennomført før det neste tek til. Og innimellom må vi drive skule for å nå kompetansemåla i dei ulike faga.

7) Det sjuande hinderet er alle endringane som kjem ut frå ein idé i eit eller anna høgbygg i hovudstaden, som absolutt ikkje er kvalitetssikra i kunnskap om kunnskapsformidling, men som berre er kome på. Om ein feilar, får alltid læraren skulda. Eit av mange døme er skulestart for seksåringar, som skulle gje betre eksamensresultat i 10. klasse. I dag seier forskarar, til dømes i Dagsavisen 4. september 2015, at tidleg skulestart har ingen innverknad for eksamensresultata.

"Eit hjelpemiddel er og blir eit hjelpemiddel, fag skal lærast og lagrast i hovudet til kvar einskild."

8) Det åttande hinderet er overdriven tru på digitale hjelpemiddel. Eit hjelpemiddel er og blir eit hjelpemiddel, fag skal lærast og lagrast i hovudet til kvar einskild. Hjelpemiddel er til som hjelpemiddel for dei som treng det. Til samanlikning er det berre dei som manglar ein fot som går med protese. Ein lærar må balansere i skjeringa mellom alt nytt og alt anna ut frå skjønn og kvalitetssikring.

9) Det niande hinderet er at lærarane blir pålagt å gjere så mykje «anna» heile tida. Det kan lett målast og derav blir det også det viktigaste. Elevmappene blir berre tjukkare og tjukkare, utan at undervisninga blir betre av det. Og ungane er ikkje verre no enn før, men det skal skrivast så mykje meir inn i journalen/mappa no, heilt ned til det minste viskelêrkast. Alt dette med grunngjeving i at skule og undervisning i framtida skal vere meir og meir advokatmat, dessverre.

"Metode er ikkje noko absolutt, det er som eit kinderegg med ulike bitar som ein plukkar frå."

10) Det tiande hinderet er at regjeringa brukar altfor ofte forståsegpåarar som er på kollisjonskurs med oss lærarane. Metode er ikkje noko absolutt, det er som eit kinderegg med ulike bitar som ein plukkar frå. Dette kallast metodisk fridom og er naudsynleg og heilagt for læraren i skulen. Her merkar eg at mange freistar å kvele lærarstemma og einsrette læraryrket til samlebandpedagogikk.

11) Det ellevte hinderet er KS som ikkje har tillit til læraren. Dei innførte omgrepet binding av tid, meir binding av tid og enno meir binding, og derav meir byråkrati og endå meir byråkrati. Eg hadde gjerne sett at KS hadde sagt «du skal sørgje for at elevane dine får gode år på skulen, godt læringsutbytte, blir trygge på seg sjølv, blir utdanna for arbeidslivet spesielt og livet generelt». Timeteljing for ein lærar er krevjande, sjølv for ein realist.

12) Det tolvte hinderet er også KS. Dei let læraren tape i lønsutviklinga år etter år, spesielt i  lokale forhandlingar. Det signaliserer til alle at læraryrket ikkje er noko verdifullt og at yrket ikkje er noko å satse på for dei unge. Dersom skulen skal vere god og kompetansen høg, må også løna vere høg slik at yrket blir attraktivt.

"Det ellevte hinderet er KS (...) Det tolvte hinderet er også KS. (...) Det trettande hinderet er også KS."

13) Det trettande hinderet er også KS. Med alt byråkratiet dei legg på oss, gjev dei oss likevel ikkje færre timar til undervisning. Timar til undervisning har ein ikkje fått redusert på mange tiår, sjølv om byråkratibunken har vekse i takt med tilsetjingsfrekvensen i Utdanningsdirektoratet.

14) Det fjortande hinderet er PISA-testane og nasjonale prøver som einsrettar merksemda i skulen og smalnar inn kvaliteten ved å sende verdien av desse testane til metafysisk nivå. Ein set andre fag og aktivitetar til side for å kome i mål før «over gjennomsnittet». Andre fag, andre verdiar og menneskeleg utvikling gløymer ein i dette kappløpet. Eg er redd at målstyring er risikosport på akademisk nivå.

15) Det femtande hinderet er at skulen skal leiast som ei eining, der rektor blir meir og meir rekneskapsførar og manager for gode faglege resultat. Løn etter resultat på nasjonale prøver er uetisk og forkasteleg, men eg har høyrd at det skjer på Austlandet ein stad. Løn for gode resultat på nasjonale prøver og bøter for mobbing, det går vel opp-i-opp.

"Eg har ikkje sett nokon statsråd i legefrakk, prestekjole eller advokatkappe som fortel korleis deira yrke skal gjerast betre."

16) Det sekstande hinderet er statsrådar som fortel at alt skal vere så artig for elevane. Læring er hardt arbeid, det må vi i skulen signalisere. Statsrådar som spelar kort i ein matematikktime med elevar som sit smilande rundt, gjev fine stillbilete. Men når det attpå blir fortalt sjåarane at dette er superlæring, er statsråden og reporteren absolutt ikkje i takt med ein hardt arbeidande lærar i kvardagen. Vi spelar alle kort, men berre innimellom. Eg har ikkje sett nokon statsråd i legefrakk, prestekjole eller advokatkappe som fortel korleis deira yrke skal gjerast betre. Kvifor skal ikkje superpresten spele fiskespelet om fangstane i Genesaretsjøen, eller superkirurgen spele kort der blindtarmen er i potten, eller gullsmeden spele den forsvunne diamant eller fengselsdirektøren og innsette kose seg med stigespelet? Undervisning skal ikkje alltid vere artig, men læraren kan godt vere det.

17) Det syttande hinderet er dei mektige TV-kanalane som gjer underhalding av og tener pengar på utstemming og mobbing. Det er ikkje oppbyggjande for arbeidet vårt i skulen. Alle må dagleg motarbeide mobbing, ikkje berre få det gjort prosjektorientert gjennom skulen. Eg brukar tid på å fortelje elevane at «Paradise hotel» eller «Farmen» har mobbeinnslag for å lage god TV og få gode reklameinntekter. Det er ikkje slikt vi vil ha i det verkelege liv.

"Store konsern fangar merksemda til dei unge med stadige nye, smarte løysingar for digitalsosial livsstil, noko dei unge aldri har bedd om."

18) Det attande hinderet er telefonar og nettbrett som pøser på med inntrykk og fleire og fleire appar. Dette utfordrar ikkje berre meg når det gjeld kva som er det verkelege liv. Store konsern fangar merksemda til dei unge med stadige nye, smarte løysingar for digitalsosial livsstil, noko dei unge aldri har bedd om. Ein stortingsrepresentant frå Sp var nærmare det verkeleg liv då han sa at ein skulle gje kvar mann si høne. No verkar det som om kvar mann skal ha sin eigen app. Slik fjernar vi ungdommen frå naturen om vi ikkje saman lyftar blikket vårt og deira over skjermen og inn i graset.

"Det å utdanne nokon er å gå saman med «nokon» til område der ingen av partane har vore før."

19) Det nittande hinderet er samfunnet som stadig fortel om snarvegar i eit liv. Det å arbeide for å tileigne seg kunnskap er ein evigvarande og utviklande prosess som krev breidde og kvalitet. Det å utdanne nokon er å gå saman med «nokon» til område der ingen av partane har vore før. Det gjer ein ved å ha merksemda på akkurat denne eleven. Dersom læraren får bruke sitt fag og sitt skjønn, oppnår han dei resultata som absolutt er mogeleg med akkurat denne eleven. Neste år har læraren ein annan elev og eit anna resultat. Slik er jobben vår. Dette vil alltid skje i ein skule som alle elevar har rett til å vere ein del av.

20) Det tjuande hinderet er alle som set krefter inn på å drepe kreativitet og arbeidslyst. Vi må halde fast på retten til å vere lærar, vere samarbeidande og vere unike. Vi må ha rett til å ha eigenart; å fortelje med innleving, å synge med innleving, å ha drama med innleving, å danse med innleving, å dyrke dialogen med innleving med meir. Alle kjenner akkurat han eller ho, dei lærarane som hadde litt meir, litt meir enn den power-pointen alle andre hadde. I førre veke høyrde eg på radio eit innslag der elevar skulle rangere kva kvalitet dei sette høgast hjå lærarane sine. «Vi ynskjer oss mest av alt at lærarane bryr seg om oss», svara dei. Eg vil absolutt ikkje miste det poenget. Ein må vere sterk i gjerninga i dag der alle krev at eg og kollegaene mine ukritisk skal delta i dansen til tonar frå «over gjennomsnittet». Ein ser ikkje elevane med databriller.

"Arbeidsglede kan like gjerne vere å hjelpe han som får ein seksar i alle fag som ho som har kutta ut skulearbeidet på grunn av at mora døydde."

Vi er i yrket fordi vi synest det er kjekt og føler at vi har noko å gje elevane. Ver så greie alle saman og ikkje øydelegg arbeidsgleda. Arbeidsglede kan like gjerne vere å hjelpe han som får ein seksar i alle fag som ho som har kutta ut skulearbeidet på grunn av at mora døydde.

Ein må inn i klasserommet for å skjøne dette: Velkomen inn i klassen nok ein gong! Eg og 29 spente og læreviljuge åttandeklasseelevar ventar besøk. Vona deira er at eg er tydeleg og synleg for dei, i ein periode der eg også er heile verda deira. Og akkurat det ynskjer dei å fortelje til andre utanfor skulen. Det er betre med 3 i eit fag og bli sett, enn å ha 4 i faget og vere eit usynleg tal i ein statistikk.

Eit godt klassemiljø dannar om energi til godt læringsmiljø og motarbeider mobbing. Det tek tid å byggje det gode miljøet. Klassemiljøarbeid er eit krevjande målretta arbeid. Men prososialt arbeid med elevar må skje i klasserommet og ikkje på den flotte nye kontorplassen vi har fått.

Samfunnet, det abstrakte omgrepet som like gjerne er konkret, må støtte skulen. Ein må saman byggje motivasjon for læring og utvikling. 31. august var verdas «overdosedag». Mange narkomane sa i intervjurunden at dei begynte i tolv- til trettenårsalderen med narkotika på grunn av presset, karakterjaget og testhysteriet i skulen. Mange tusen barn får medisin mot depresjon og andre psykiske lidingar. Vi har ein jobb å gjere.

Eit parti hadde på programmet at læraren må ha rett til å bruke skjønn i arbeidet. Det er då sjølvsagt, ein må bruke skjønn i skulen, det er ikkje noko å ha på eit partiprogram. Å ta frå lærarane skjønnet er som å ta frå legen stetoskopet. Dessutan; ein lege må også bruke skjønn, så det er sagt.

Eg er klår over at mange av desse hindera er det umogeleg å få gjort noko med, men hadde vi fått fjerna halvparten av dei, hadde vi fått framgang alt til våren.

Desse 20 tesane er ikkje retta som kritikk inn mot einskildkommunar eller personar, men skal vere til hjelp inn i framtida for å få til den gode skulen. Alle må ville dette, ikkje berre stadig ri sine eigne kjepphestar med ein innlært akademisk ordflaum.

"Det trengst ikkje fleire bøker med tittelen «La læraren vere lærar» så lenge ein ikkje utfører festtalane i praktisk handling."

Det trengst ikkje fleire bøker med tittelen «La læraren vere lærar» så lenge ein ikkje utfører festtalane i praktisk handling. Det finst mytar om læraren, mytar som ikkje har rot i det verkelege liv. Blant fleire slike mytar er det at vi ikkje har god delingskultur. No deler eg mine tankar med heile landet. Då er eg vel på pluss-sida for resten av yrkeslivet?

Kjell Arthur Rødal er lærar ved Fræna ungdomsskole

Powered by Labrador CMS