«Det er mest komikveld og Muppet-show på speed frå Lektorlaget sitt oppslag om lærarkompetanse»

Lektorlaget gjer ein standhaftig jobb for å gje oss lektorar med meir solidariske tendensar eit dårleg rykte.

Publisert Sist oppdatert

Det har vore ganske trøyttande at Norsk Lektorlag til ei kvar tid freistar å stå fram som den høgaste og mørkaste i organisasjonsmangfaldet vårt. Heldigvis slår utmatting ofte over i rein komikk. Siste lektorale bidrag inn i komiverda var framlegget om at skulane skal opplyse om læraren sin formelle kompetanse på heimesidene. Dei har naturleg nok tinga ei undersøking frå Respons Analyse for å støtte opp under denne usolidariske, sjølvgode og låttelege handlinga. (Skoggarlatter).

Dette innlegget stod først på trykk i Utdanning nr. 10/2019.

Dette er ein tarveleg framstøyt for å styrke mengda lumen i sin eigen stråleglans. For oss som ser på denne oppvisinga av sjølvdyrking frå utsida, ser det mest ut som ei halogenpære som syng på siste verset.

For lektorlaget er ikkje opplæringslova stram nok, ser det ut til. Dei vil ha ein praksis ute i skulane som går mykje lenger enn det er dekning for i lov- og regelverk. På si eiga heimeside går dei eplekjekt ut i åtak på skulane: «Norske skoler skjuler lærernes fagkompetanse». Kva er dette for svada? Lokale skuleeigarar har kniven på strupen og kompetansehevar «i vilden sky» for at alle lærarar skal ha formell kompetanse i nokre prioriterte fag i skulen. Før 2025 skal alle som underviser i dei teoretiske kjernefaga, ha ei viss mengd studiepoeng. Dette er ei utfordring for skuleeigar økonomisk, og ein må med samanbitne tenner la ufaglærte vikarar gjennomføre tusenvis av vikartimar medan lærarane er vekke på samlingar og studiedagar.

Mens dei fleste i skulen løftar i flokk for å få opp kompetansen, står lektorlaget med nasen godt i sky og vil gjere narr av og henge ut dei som dei meiner har for låg kompetanse.

Lektorlaget har ingen vørdnad for den kjempedugnaden som er i full sving i skulen av alle involverte. Lærarar i vidareutdanning tek meirkostnaden i form av tidsbruk, ofte med nettene til hjelp. Skulebudsjetta får søkk i økonomien som gjer at ein må prioritere vekk andre ting. Mens dei fleste i skulen løftar i flokk for å få opp kompetansen, står lektorlaget med nasen godt i sky og vil gjere narr av og henge ut dei som dei meiner har for låg kompetanse. Norsk Illojallag er kanskje vanskeleg å uttale, men det er det Norsk Lektorlag har vore i årevis.

Skulane set inn den beste kompetansen dei har tilgjengeleg. Som tillitsvald i mange år, har eg enno til gode å sjå det motsette. Eg har heller aldri sett døme på at høg formell kompetanse har blitt vald vekk grunna kostnad. Det eg har sett døme på, er medlemmer av Lektorlaget som føler seg fagleg suverene og knapt gidd å yte noko i eit fellesskap som dei ser seg høgt heva over.

Dei aller fleste lærarar er «bra nok». Lektorlaget viser igjen at mengda med studiepoeng i somme tilfelle står i eit diametralt forhold til klokskap og visdom. Ikkje bra nok. Kanskje er dei berre klønete i retorikken, for innimellom har dei kloke utsegner. Det kan og vere snakk om glippar, men det er og glippar blanda med lygn, som denne:

«Norsk Lektorlag er den eneste fagforeningen i skolen som vil ha kompetansekrav for å undervise på alle trinn i alle fag.»

Det er dei altso ikkje. Lygnhalsar i tweedjakke.

Den einaste setninga eg er heilhjarta samd i når eg har nærlese det dei sjølv skriv, er: «For elevene er det selvsagt like viktig at læreren har solid fagkompetanse i mat og helse eller kroppsøving som i norsk og engelsk.»

Det er mest komikveld og Muppet-show på speed frå Lektorlaget sitt oppslag om lærarkompetanse. Business as usual. No vart eg litt trøytt att, kjenner eg, men òg litt forbanna. Lektorlaget gjer ein standhaftig jobb for å gje oss lektorar med meir solidariske tendensar eit dårleg rykte. Vi som liker uttrykket «god nok», og som har eit «vi» som femnar alle stillingskodar der innehavaren har ansvar for barn og unge si opplæring. Inntil dei skjerpar seg, lurar eg på om eg skal kalle meg «Adjunkt med ekstremt med tilleggsutdanning», eller gjere som Prince i si tid. Han kalla seg som kjent «The Artist Formerly Known As Prince»

Beste helsing «Læraren Tidlegare Kjend Som Lektor»

Powered by Labrador CMS