- Når færre klager, så er det eit teikn på at elevane har forstått kvifor læraren har vurdert dei til den karakteren dei har fått, seier assisterande utdanningsdirektør i Rogaland, Hallgeir Bø.  Arkivfoto: Utdanning
- Når færre klager, så er det eit teikn på at elevane har forstått kvifor læraren har vurdert dei til den karakteren dei har fått, seier assisterande utdanningsdirektør i Rogaland, Hallgeir Bø. Arkivfoto: Utdanning

Færre elevar klagar på standpunktkarakteren

Færre elevar klagar på standpunktkarakteren. Hos fylkesmennene trur dei det er fordi lærarane er blitt flinkare til å setje karakter.

Publisert

Fylkesmennene i både Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal trekk i årsrapportane for 2017 fram at talet på klager på standpunktkarakter har gått ned.

– Vi kan ikkje slå fast noko sikkert om årsaka. Men vi håper og trur at det er eit resultat av arbeidet som er lagt ned for betre vurderingskompetansen hos lærarar og skoleleiing, seier assisterande utdanningsdirektør i Rogaland, Hallgeir Bø. Utdanningsdirektør John Ole Vange i Sogn og Fjordane og assisterande utdanningsdirektør Jørn Thomassen i Møre og Romsdal har registrert det same, og båe satsar på same forklaringa som Bø.

Sidan 2010 har Utdanningsdirektoratet hatt opplegget «Vurdering for læring» med betre elevvurdering som mål. Prosjektet blir avslutta denne våren. Da har det vore arbeidd med vurdering i 310 kommunar, alle 19 fylkeskommunar, hos 102 private skoleeigarar og 55 læreverksemder og opplæringskontor, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

 

– Eit krevjande saksarbeid

Samstundes har standpunktvurdering vore eit punkt når fylkesmennene har utført skoletilsyn med tema «eleven sitt utbyte av undervisninga».

– I tillegg har vi, gjennom Høgskulen i Volda, hatt vårt eige opplegg om vurdering, seier Jørn Thommesen i Møre og Romsdal. Også dei to andre fortel om eigne tiltak i regi av fylkesmannen i tillegg til opplegget frå Utdanningsdirektoratet og føringar for nasjonale tilsyn.

– Fylkesmannen i Sogn og Fjordane trekk fram at det særleg har vore ei positiv utvikling for vurderinga i kroppsøving. Kvifor det?

– Vi har sett at problema har vore størst i dei praktisk-estetiske faga. Difor har vi hatt særleg merksemd på kroppsøving, seier John Ole Vange.

– Kva er den vanlegaste feilen lærarar gjer ved vurdering?

– Koplinga til læreplanen er for dårleg, seier Hallgeir Bø.

Opplæringslova krev at elevane skal ha forstått kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Dei skal få tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet deira. Dei skal få råd om korleis dei kan gjere det betre, og dei skal vere involverte i eige læringsarbeid ved blant anna å vurdere eige arbeid og utvikling.

– Så å evaluere er eit krevjande saksarbeid, konstatere Jørn Thomassen.

 

– Vanskelegare å argumentere

Når elevar klagar til Fylkesmannen på standpunktkarakteren, er det dette arbeidet fylkesmannen vurderer.

– Dei aller fleste av dei som klager, dei klager jo fordi dei meiner at karakteren ikkje er rettferdig. Men det vurderer vi ikkje, seier Hallgeir Bø, og held fram:

– Det vi håper, er at når færre klager, så er det eit teikn på at elevane har forstått kvifor læraren har vurdert dei til den karakteren dei har fått. Eleven kan likevel vere ueinig med læraren, men det er vanskelegare å argumentere for at læraren gjer feil, seier han.

88 elevar klaga på standpunktkarakterar i Rogaland i 2017.

– Dette er berre ein promille av alle dei karakterane som blir gitt. Nedgangen over dei siste par åra er på om lag 30 klager. Så vi har ikkje mykje fakta å byggje på. Vi vel likevel å tru at betre kvalitet er årsaka til nedgangen, seier Hallgeir Bø.