Læraren sitt rettsvern er ikkje eit trugsmål mot barnet sitt beste

Debatt: Barnas beste står ikkje i opposisjon til å ta vare på rettane til arbeidstakarar som vert involverte i «krenkesaker».

Publisert Sist oppdatert

Opplæringslova er utan tvil skulen sitt viktigaste dokument. Den er det viktigaste lova for å ta vare på eleven sine rettar i opplæringssituasjonen. Eg har trua på at vi får ei ny opplæringslov som er betre enn den gamle, med nokre utvalde modifikasjonar. Når eg har togge ferdig 810 sider NOU, kjem eg kanskje til ein eller fleire konklusjonar.

Gjeldande paragraf 9A-5 er i dag den mest kjende paragrafen av alle. I utkastet til ny opplæringslov får vi ein ny kapitteloppbygging med nye tal. Dagens kapittel 9 A, Elevane sitt skolemiljø, vert som eg skjønar det til kapittel 11, Skolemiljøet til elevane. Det som i dag vert kalla «krenkeparagrafen», §9A-5, vert til §11-5. Det er heilt uproblematisk, litt semantisk og numerologisk omstillingsevne skal vi klare å mobilisere i det gode si teneste.

Opplæringslova er utan tvil skulen sitt viktigaste dokument.

Dei språklege endringane ser eg er til det betre nokre stadar, andre ikkje. Det ulne omgrepet «skuleeigar» er bytt ut med «kommunen eller fylkeskommunen», eit prisverdig klarspråkgrep. Hurra! Eg er diverre litt skeptisk når eg les at presisjonsnivået har blitt svekka andre stader.

I nye §11-4 ser eg at ein har bytta ut det «å ha eit godt og trygt skolemiljø» med «korleis ein har det». Reint pedagogisk er dette ei utviding av skulen sitt ansvar for den einskilde eleven sitt ve og vel, som opnar for større grad av subjektivisering av situasjonar. Sjølvsagt skal vi ta oss av og utvikle heile mennesket, men vi kan ha eit trygt og godt skulemiljø og likevel ha elevar som opplever manglande tryggleik i opplæringssituasjonen grunna forhold som ikkje har med skulen å gjere.

Eg har trua på den nye §11-5, men om målsetjingane i den skal realiserast, føreset det forstandig forståing av den føregåande paragrafen, §11-4. Her står det: «Når ein elev seier at han eller ho ikkje har det trygt og godt, skal skolen undersøkje saka og så langt det finst eigna tiltak, sørgje for at eleven har det trygt og godt».

Utkastet til paragraf seier ingen ting om innhaldet i denne undersøkinga. Det er her eg etterlyser ei jamstilling mellom opplæringslova sitt fokus på barnet sitt beste, arbeidsmiljølova sitt fokus på arbeidsmiljø og forvaltningslova sine krav til rettsvern og transparent og god sakshandsaming. Denne jamstillinga kan styrkast ved at ein gjennomfører det ein i jussen kallar «dobbeltregulering». Når lover vert vurderte som viktige, både for å styrke medvit og etterleving, har lovskrivarane fullt høve til å påpeike dette meir enn ein stad.

Barnet sine grunnleggande rettar er regulert i artikkel 3 i Barnekonvensjonen og §104 i Grunnloven, og desse står over opplæringslova i lovhierarkiet. Likevel vert desse prinsippa synleggjorde i opplæringslova gjennom særskilt regulering. «Barna sitt beste» forsvarer etter utvalet si vurdering «(…) et unntak fra utvalgets prinsipp om at dobbeltregulering normalt bør unngås» (NOU 2019:23, s. 211)

Barnas beste står ikkje i opposisjon til å ta vare på rettane til arbeidstakarar som vert involverte i «krenkesaker». Den nye opplæringslova bør ta inn over seg at dei delane av lovverket som gjeld arbeidstakarar sitt rettsvern, faktisk har like høgt og akutt behov for styrka medvit og etterleving som barnas beste, og at ei jamstilling truar verken arbeidstakar eller elev, men tvert om trygger det heilskaplege miljøet som både lærarar, leiarar og elevar er i til dagleg. Rettsvern er, akkurat som «Barna sitt beste», «et grunnleggende prinsipp som i tillegg til å være godt kjent for ansatte i kommunen og skolen, også bør være godt kjent for elever og foreldre» (ibid.)

For å gjere livet lettare og meir rettvist for alle, bør utvalet sjå det fornuftige i å spesifisere i nye §11-4 kva det inneber å «undersøkje saka». Det er å snakke med alle som er involverte, og gje den som eventuelt vert skulda for brot på nye §11-5 høve til å gi si skildring av kva som skjedde.

Om det ikkje skjer, kjem dagens høgst varierande praksis til å gå sin skeive gang, der det er stor variasjon i kor djupt rektor «grev i materien» i saker det lærarar er skulda for krenking, før det vert tatt avgjerder med store følgjer for dei involverte. Og då har vi endra lovverk, utan reell utvikling.

Det kan ikkje utvalet ha på seg.