Ikkje skyt medspelaren din, Roar!

Debatt: Eg vil helse ein ny eksamen i norskfaget velkommen når profesjonen får delta aktivt i prosessen.

Publisert Sist oppdatert

Roar Ulvestad skriv som vanleg godt i innlegget om eksamen 3. oktober. Likevel meiner eg at han bommar på nokre vurderingar om norskeksamen og vurderingar av norsklærarlauget.

Det er mogleg å vere skeptisk til tre oppgåver på eksamen og skeptisk til analytisk vurdering av eksamen, utan å ha overdrivne sure oppstøyt i møte med alt nytt. Det kan godt vere at motstanden mot endringar kjem av konservative haldningar til faget, men eg meiner det finst velfunderte grunnar til å ytre seg negativt om forslaget som ligg på bordet.

Læreplanane vart endra etter ein deltakande og transparent prosess, samtidig som det ikkje var mandatet til læreplangruppene å formuler noko om eksamen, noko Ulvestad har vore inne på før i «Dagseksamen – den siste dinosaur» . Ved å sjå læreplan og eksamen i ein heilskap, med røynde folk frå profesjonen om bord, kunne ein fått til det Ulvestad formuler som «ein eksamen som måler det vi driv på med i skulen […]». Etter læreplanarbeidet vart det stilt om eksamen frå Udir. Einskilde drypp viste at den opne prosessen var bytta ut med det paradoksalt motsette. Opp av hatten kom tre oppgåver og analytisk vurdering, utan den store involveringa frå profesjonen.

Som referert av Ulvestad kom det mange reaksjonar. Situasjonen no er at eksamen i vg3 for våren 2023 har to oppgåver. Grunngjevinga for to oppgåver til våren er ikkje at ein har reversert arbeidet, men at ein var for seint til at det var forsvarleg med ny eksamen våren 2023. Til dømes såg endelege eksempeloppgåver ut til å komme no i desember. Ei klok avgjerd av Udir. For 10. klasse og vg2 yrkesfag vert det likevel tre oppgåver våren 2023, slik det truleg og vert for vg3 våren 2024.

Prøvesensur

No i vår vart det i regi av Udir gjennomført ein prøvesensur med over 100 sensorar. Prøvesensuren skulle mellom anna måle forskjell mellom analytisk og holistisk vurdering. Deler av resultatet vart presentert i september; dei som var heldige å få vere med på arbeidet fekk sjå litt bakom forhenget. Kva som endeleg skjer med vurderinga av eksamen heng i den tunge lufta bak dei stengde dørene hjå Udir.

I tillegg til den lukka prosessen er eg og kritisk til fleire kortsvarsvarsoppgåver. «Eksamen er jo den eigentlege læreplanen, som i (altfor) stort monn dikterer det vi gjer i klasserommet.», skriv Roar Ulvestad. Det ser me eit godt døme på i den noverande eksamensforma, der me har kanonisert eit kortsvar. Med tre korte oppgåver på eksamen vert kortskrivingspåverknaden større på faget. Fordjuping, refleksjon, kreativitet og å arbeide over tid får trongare kår når krav til førebuing til eksamen og verknaden av eksamensførebuinga, slår over ende gode intensjonar i læreplanen.

Også vurderinga av eksamen vil påverke faget. Ei analytisk vurdering av så komplekse produkt som tekst er svært vanskeleg. I forsøket med analytisk vurdering no i vår, brukte eg lang tid på å sette poeng på einskilde delar i tekstane. Det er sjølvsagt mykje som vil komme til å bli betre i ein endeleg versjon av analytiske vurderingsmatriser til eksamen.

To problem

Likevel har forslaget to klare problem. Det eine er at uansett kor omfattande eit skjema vert, vil det ikkje kunne fange opp all kvalitet i ein kandidat sin tekst. Det vil alltid vere noko eleven har fått til, som skjema ikkje rommar. Og uansett kor klare kriterier ein har i skjema sitt, vil ein sensor si vurdering vere ei fortolking av desse; to sensorar vil ikkje vurdere likt, trass i same skjema. Til slutt er me attende til ei holistisk vurdering som baserer seg på fagleg dømmekraft. Den krafta meiner eg er sterk i lærarlauget.

Arbeidet med eksamen har ikkje stoppa opp, som Ulvestad skriv, og fjellet som han meiner ikkje kan flyttast er ikkje eksamen, men Udir. Me får ein kortsvars- og avkryssingsprøve som har som mål å kunne vurderast analytisk. Det svarar ikkje på ønska Roar Ulvestad har for eksamen.

Eg vil helse ein ny eksamen i norskfaget velkommen når profesjonen får delta aktivt i prosessen, når arbeidet ikkje er tufta på forsking på halvgjort arbeid (les: rundetidene i sensorarbeidet) og når forslaget heng saman med læreplanen. Før det er eg ein av dei konservative lærarane som vil ha seg fråbeden at ein tuklar for mykje med det eksisterande, utan å forbetre det.

Powered by Labrador CMS