Tradisjonell eksamensmåling er i realiteten grell målstyring som gjev verken tillit eller spelerom til elevane og lærarane, skriv innsendaren.

Eksamen er blitt eit massivt fjell som ingen kan, vil eller tør å flytte på

Debatt: Tradisjonell eksamensmåling er i realiteten grell målstyring som gjev verken tillit eller spelerom til elevane og lærarane.

Publisert Sist oppdatert

Vi har hatt et langt og seigt ordskifte om endring av eksamen i samband med at det vart laga ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å kome med endringar i norskeksamen. Denne gruppa kom med eit radikalt og komplekst framlegg til endringar, der dei argumenterte for fleire kortsvarsoppgåver og det dei kalla «analytisk sensur». Formålet med denne siste endringa var å styrke det ein såg på som for dårleg sensorsamsvar i vurdering av eksamen, går det fram av ein artikkel på Framtida.no 4. mars 2021.

I min eigen erfaring som sensor har det aldri vore slik at sensorane møter med kvar sin karakter som dei tek akademisk rævkrok for å tvinge gjennom.

Difor ville ein legge ei styrka matrise til grunn for sensuren, der sensorane skulle vurdere ulike aspekt ved eksamenstekstane, utan å konkludere med ein endeleg karakter. Dette siste er jo ikkje dumt, men i min eigen erfaring som sensor har det aldri vore slik at sensorane møter med kvar sin karakter som dei tek akademisk rævkrok for å tvinge gjennom. Vi har kome til sensurmøta med sirleg utfylde skjema, der sluttkarakteren stort sett har vore eit audmjukt forslag ope for diskusjon. Eg trur vi har vore «analytiske sensorar» i mange år, men eg var likevel ikkje i mot dette framlegget. Alt som kan styrke ein eins praksis og eleven sin sikkerheit for ei god og lik vurdering uavhengig av kven som er sensor, er sjølvsagt bra.

Les også: Norsk Lektorlag fortsetter å være eksamenstradisjonalist

Framlegget om fleire oppgåver møtte massiv motstand, av lærarar som meinte at det får vere grenser for kva ein kan presse inn i ein eksamensdag. I eit innlegg på Utdanningsnytt.no 16. mai spør professor Tony Burner ut i lufta om dei tradisjonelle (reaksjonære) kreftene er sterkast på vidaregåande. Landslaget for norskundervising (LNU) var i eit innlegg i Aftenposten i mai veldig kritisk til å auke talet på kortsvarsoppgåver og hadde sterkast tru på det eksamen- og sensurformatet vi allereie har.

Akademia mimar etter skulen

To vitale gentlemen frå den lektorale senioravdelinga forsvarer òg eksamen i si noverande form. I eit innlegg på Utdanningsnytt.no 13. mars skreiv Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik at «Eksamen handlar om trening, om motivasjon og om evne til å gjennomføre, også under press. For elevar som går i studieførebuande program, er eksamen opplagt ein del av studieførebuinga.» Ein kan vri på dette og seie at heile opplæringa handlar om trening, om motivasjon og om evne til å gjennomføre, ikkje berre eksamen.

Gikk du glipp av denne? Altfor ofte blir eksamen framstilt som ei tilfeldig og urettferdig kunnskapsprøve

Akademia mimar etter praksis i skulen.

Vi har kome so langt i vår akademiske «Vidunderlige nye verden» at det ikkje lenger er universiteta som dikterer det som skjer i utdanningsløpet før universitetsnivå. Akademia mimar etter praksis i skulen. Fleksible vurderingsformer, videosvar, mappevurderingar og gruppearbeid er i ferd med å bli regelen heller enn unntaket på både grunnskule, universitets- og høgskulenivå. Det er kanskje ikkje berre av det gode, men om lærarane i vidaregåande skule vert ståande att som siste skanse på vurderingsfronten, får vi ein for dårleg intern samanheng i utdanningsløpet.


Ein fastlåst vurderingspraksis

Innhaldet i det vi driv med er jo til sjuande og sist det som skal diktere korleis vi måler, og ikkje omvendt.

I eit innlegg på Utdanningsnytt.no i desember i fjor knytte Thom Jambak, sentral norskfagleg stemme i Utdanningsforbundet og sentralstyremedlem, eksamensform til skulens danningsoppdrag. Han taler nok på vegne av ein ikkje ubetydeleg lærarmasse på tvers av forbund. Sjølv tenker eg at det er å trekke det litt langt, sjølv om er like uroa som han over kvar danninga vert av i alt nyspråket, der vurdering er mykje omtalt, men fagleg innhald ikkje. Innhaldet i det vi driv med er jo til sjuande og sist det som skal diktere korleis vi måler, og ikkje omvendt.

Les også: Utdanningsdirektoratets endringer i eksamen møter sterke reaksjoner

Inger Merete Hobbelstad i Dagbladet kalte det eit svik å gje elevane ei røys med kortsvarsoppgåver, og ho seier òg at: «Eksempeloppgavene som er lagt fram, er banale lese- og skriveøvelser som i svært liten grad gir elevene mulighet til å vise fram sin evne til å resonnere, eller til å få fram hvordan de forstår og bearbeider innholdet i norskfaget.»

Det kan verke som all denne kritikken gjorde eksamensforskarane skrekkslagne, eller kanskje det var Utdanningsdirektoratet sine flogvit som tok over styringa: Det vart difor fyrst fjerna ei kortsvarsoppgåve, før det no til sist vart fjerna ei til. Det ein står att med då, er akkurat det ein byrja med: ei langsvarsoppgåve og ei kortsvarsoppgåve. Dette er ikkje noko direktoratet har vore særleg tydeleg på å formidle, det må klikkast ein god del på heimesida deira før ein kjem til dette bortgøymde poenget: «Vi vil fortsette å prøve ut ulike oppgavetyper og flere oppgaver i tiden fremover. Av hensyn til tilbakemeldinger fra lærere og elever og nødvendig forutsigbarhet for de som skal gjennomføre, vil eksamen i 2023 likevel bestå av samme antall oppgaver som før.»

Det er i alle høve ikkje god reklame for norsklærarane at vi er religiøst fastlåst i ein bestemt vurderingspraksis.

Det er ikkje tvil om at dette er eit nederlag for Utdanningsdirektoratet og det oppdraget dei sette ut til arbeidsgruppa, leia av professor Gustaf Skar. Det er òg ein seier for dei standhaftige soldatane av konservative lærarar som vil ha seg fråbedne at ein tuklar for mykje med det eksisterande. Om det er ein siger for eleven, er eg usikker på. Det er i alle høve ikkje god reklame for norsklærarane at vi er religiøst fastlåst i ein bestemt vurderingspraksis.

Eksamen må måle det vi driv med

Eksamen er jo den eigentlege læreplanen, som i (altfor) stort monn dikterer det vi gjer i klasserommet (...) Eg har enno til gode å høyre nokon spørje om eksamen er relevant for det vi held på med.

Vi er no til endes med fagfornyinga, og ho har fått status av læreplan LK20. Alt er endra, bortsett frå eksamen. Det vil seie at svært lite er endra. Eksamen er jo den eigentlege læreplanen, som i (altfor) stort monn dikterer det vi gjer i klasserommet. «Er det relevant for eksamen?» høyrer vi ofte, men eg har enno til gode å høyre nokon spørje om eksamen er relevant for det vi held på med. Fagfornyinga er ikkje fullført før eksamen er endra i takt med læreplanen, slik at den summative vurderinga står i tråd med dei mange åra med undervising eleven har gått gjennom før ein skal sorterast etter talverdi og losast vidare i utdanningssystemet.

Vi må slutte å låse avgangselevar inne i store salar isolert frå omverda, der dei må tigge ein pensjonist om å få late vatnet og få litt frisk luft. Å utsetje alle for like dårlege vilkår er slett demokrati. Vi treng ein eksamen som måler det vi driv på med i skulen, som samarbeid, kritisk kjeldebruk, tenking, kreativitet, individualitet og det å arbeide over tid med høve til å både prøve og feile. Tradisjonell eksamensmåling er i realiteten grell målstyring som gjev verken tillit eller spelerom til elevane og lærarane. Meir om dette i eit innlegg på Utdanningsnytt.no 21. februar.

Les også: Dagseksamen – den siste dinosaur

Målstyring er kjenneteikna ved at eit mål er forma ut på førehand, kriteria for kvalitet på det endelege produktet er spissfindig spesifiserte, og det er som regel ein liten og trong boks å orientere seg i, som treff berre dei mest lydige og oppskriftsorienterte av elevane. Gu’ ko kjedeleg, og alt i den pålitelege sauesorterings namn. Vel og bra at sauer er ålreite dyr, men elevar fortener betre.

Elevane sit der no med læreplan for framtida og eksamensform frå latinskuletida.

Det er sjølvsagt mogleg at kunnskapsminister Tonje Brenna har teke eit medvite grep og sett eksamensutviklinga på pause fram til Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS) er ferdig evaluert. Vi får sjå når første livsteikn frå arbeidsgruppa kjem på nyåret og den endelege rapporten som ein NOU neste haust. Det eg fryktar, er at denne gruppa må fordele merksemda si på so mange område at dei ikkje får gjort kvart enkelt grundig. No har vi hatt to store arbeid: først ei ekspertgruppe som kom med tilrådingar for eksamen generelt i samband med fagfornyinga, so grupper som lage framlegg til endringar for norsk, engelsk og matematikk. Eg kjenner ikkje til stoda for engelsk og matematikk, men norskfaget står dørgande stilt, og alt det gode arbeidet som er gjort, er sett til side. Det er ikkje småpengar som er spylt ned i Utdanningsdirektoratet sine metaforiske store kvite telefonar der. Kan ein ansvarleg politikar i regjeringa forklare planen slik at eg kan forstå den? Elevane sit der no med læreplan for framtida og eksamensform frå latinskuletida. Er utviklinga for innvikla, eller er det innviklinga som er for godt utvikla? Eksamen har i alle høve enda opp med å bli eit massivt fjell som ingen kan, vil eller tør å flytte på.

Powered by Labrador CMS