- Lærarar som sluttar i lærarjobben, seier svært ofte at ein viktig grunn til at dei sluttar er det store talet på elevar som dei har ansvar for, seier Steffen Handal i Utdanningsforbundet. Arkivfoto: Utdanning

- Elevtalsnorm må gjelde på skolenivå

- Ei norm for storleiken på elevgruppa per lærar i grunnskolen må gjelde på skolenivå, ikkje på kommunenivå, sa leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal i Stortinget i dag.

Publisert

Fire stortingsrepresentantar frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Geir Sigbjørn Toskedal og Anders Tyvand, har kome med eit framlegg til Stortinget om å sikre ein gjennomsnittleg storleik på elevgruppene i grunnskolen til 16 elevar på første til fjerde trinn. Dei foreslår at dette skal vere norma på skolenivå.

I dag hadde Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget høyring om saka.

Både Steffen Handal frå Utdanningsforbundet og Anne Finborud frå Skolenes landsforbund understreka under høyringa at det var svært viktig at norma gjeld på skolenivå, ikkje på kommunenivå. Med det støtta dei framlegget frå dei fire representantane.

Eit argument for at norma bør gjelde på skolenivå, var at det ville sikre større likskap mellom skolane. Samstundes understreka dei at norma ikkje skulle fungere som det gamle klassedelingstalet, som vart avskaffa i 2003. Det kravde automatisk klassedeling etter elevtal. Skolane må ha fridom til å dele gruppene enn det klassedelingstalet gav rom for. Dei to fekk ikkje sterke motargument frå politikarane på dette punktet.

Norsk Lektorlag, derimot, meinte at andre tiltak var viktigare for kvaliteten i skolen enn talet på elevtal per lærar. Leiar Rita Helgesen trekte særleg fram den sterke faglæraren. Ho ville satse på meir etter- og vidareutdanning for lærarar. Spesielt ville ho at dei lærarane som i dag har den tyngste utdanninga skal bli betre inkludert i etter- og vidareutdanningstiltaka.

Solveig H. Dahl frå Skoleleiarforbundet ville ha fleire ressursar til skolen. Men ho trekte fram at det var naudsynt med meir enn berre klasselærarar, og nemnde både sosiallærarar og rådgivarar. Dessutan ville ho ha meir støtte i administrasjonen.

- Ei norm er for enkelt og har fleire ulemper enn fordelar, sa avdelingsdirektør i KS, Erling Lien Barlindhaug. Han meinte at å auke handlingsrommet for kommunane er ein betre måte å auke kvaliteten i skolen på.

- Vi har følgt fleire råd frå KS for å redusere elevtalet per lærar. Men dei har ikkje vore vellykka, repliserte Audun Lysbakken frå SV.

- Er det nok lærarar til å fylle ei slik norm, var blant spørsmåla politikarane stilte.

- Ikkje i dag, svarte Steffen Handal. Men han meinte vi har godt grunnlag for å seie at å redusere elevtalet per lærar vil auke rekrutteringa.

- Lærarar som sluttar i lærarjobben, seier svært ofte at ein viktig grunn til at dei sluttar er det store talet på elevar som dei har ansvar for, sa han.

 

 

 

Powered by Labrador CMS