Kompetansekravet står fast, men det kan bli ny runde til våren

Stortingsfleirtalet held fast ved at lærarar utdanna før 2014 må ta etterutdanning for å undervise i fag der dei ikkje har nok studiepoeng til å fylle dei nye krava. Men Senterpartiet gir ikkje opp.

Publisert


Det var i samband med budsjetthandsaminga i går at Senterpartiet sette fram framlegg om at lærarar utdanna før 2014 framleis skulle ha full undervisingskompetanse, sjølv om dei ikkje har nok studiepoeng til å oppfylle dei nye krava i norsk, engelsk og matematikk. Men partiet fekk berre støtte frå Kristeleg Folkeparti, SV og Miljøpartiet.

– Det er ein sjanse til, seier likevel Anne Tingelstad Wøien frå Senterpartiet til Utdanning.

– Arbeidarpartiet har varsla at dei ein gong til våren vil kome med eit framlegg om realkompetanse. Det bør vere mogleg for oss å knyte oss opp til det kravet eller få til eit samarbeid etter dei linene, seier ho.

– Trur du at folk som sjølv opplever strenge krav om fagleg oppdatering i sine yrke, synest dei nye krava til lærarane er rettferdige?

– Ja, det trur eg mange gjer. Men dei tar feil. Dette er noko anna. Det er grunnutdanninga til lærarane som blir underkjent. Ein lege kan få krav om fagleg oppdatering utan at det endrar statusen på grunnutdanninga. Vi har nå fått eit godt opplegg for fagleg oppdatering for lærarar. Byggjer vi vidare på det, har vi gode reiskap til å auke lærarkompetansen, seier Anne Tingelstad Wøien.

 

Powered by Labrador CMS