Grunnleggande dugleikar er ikkje so enkle som riddar Blå vil ha det til

Debatt: «Eg har til gode å sjå ein elev, student eller deltakar gjere noko fagleg som ikkje òg er ei øving av grunnleggande dugleikar.»

Publisert

Eg er rett og slett misnøgd med korleis heile konseptet «Grunnleggande dugleikar» vert brukt i det som vert kalla utdanningspolitikk, men som i røynda er polemikk, der parolar, slagord og spissformuleringar er viktigare enn skulefagleg substans. Grunnleggande dugleikar, eller «ferdigheiter» er ikkje so enkelt som somme politikarar vil ha det til.

Når omgrepet vert brukt for politiske poeng, er det som oftast med ein heilt overflatisk tilnærming til det faglege innhaldet, der «grunnleggande» ser ut til å vere forveksla med «enkel». Eg vil trekke det so langt at eg vil hevde at omgrepet ofte vert brukt til å bygge det ein i retorikken kallar ein «falsk dikotomi». På den eine sida har du dei grunnleggande dugleikane lesing, skriving, rekning, og munnlege og digitale ferdigheiter. På den andre sida har du dei meir overordna og høgtsvevande målsettingane i læreplanen, som handlar om verdiar, tverrfaglege tema og det som er meir abstrakt knytt til mandatet vår, slik det er nedfelt i overordna del av læreplanen.

Les også: – Fagfornyelsen kan gjøre at skolen glipper på de grunnleggende ferdighetene

Når ein gitt diskusjon vert for kompleks og høgttravande, kjem det alltid ridande inn ein riddar på blå hest, og gjallar: «Men hva med de grunnleggende ferdighetene?» Særleg er det Mathilde Tybring-Gjedde som har tatt på seg denne vesle korstogsaktiviteten, men ho har gått ein slags skule hos moderpartiets kong Arthur, Kristin Clemet. Eg tykkjer det er fagleg trist at denne falske dikotomien vert halden i live, og det er på tide at vi dumpar den.

Ofte opptrer «grunnleggande dugleikar» som ein kunstig partnar til meir erklærte politiske standpunkt, som når Tybring-Gjedde på Twitter skriv: «Mange i Osloskolen er bekymret for elevenes grunnleggende ferdigheter og manglende styring av Osloskolen.»

Clemet er litt betre i eit blogginnlegg: «Jeg er uenig i at satsing på lesing, skriving og regning er “teori”, uttrykk for et smalt eller foreldet kunnskapssyn, eller at det stenger for at elevene dannes. Jeg mener at denne satsingen går til kjernen av skolens samfunnsoppdrag.»

Snever forståing av grunnleggjande dugleikar

Dette er eg samd i, men for Clemet går dette inn i en argumentasjon for ein systematisk testing og måling av basisferdigheiter, sånn at ein har noko å styre ut i frå. Læra er dermed ikkje heilt på trynet, men i livet vil det stramme fokuset på testing og måling gjere at eit for snever forståing av grunnleggande dugleikar vert halden ved like. Ikkje fagleg bra nok, Clemet.

Clemet skriv òg på Twitter: «Noen mener at det ikke er så viktig å satse på grunnleggende ferdigheter som lesing, skriving og regning i skolen. Man skal ikke studere så veldig mange kommentarfelt (selv blant lærere, dessverre) for å se at det er feil.» Kven «noen» er, vart aldri klart i den tråden som oppsto.

«Noen» har forresten ein interessant etymologi: «norrønt nǫkurr, samandratt av urnordisk ne-wait-ek-hwarjar («ikke-vet-jeg-hvem»). Eg veit heller ikkje kven, kanskje det er den store berømte stråmannen? Stråmannen hatar grunnleggande dugleikar, det er det dermed ingen tvil om. Meiner Clemet seriøst at om rettskriving er på plass, so er dei grunnleggande dugleikane på plass? Det er berre ein del av den mangslungne kompetansen som ligg i omgrepet, og kva tid vart sosiale media ein påliteleg indikator på ei yrkesgruppe si språklege kompetanse?

Fakta er at Høyre er veldig opptatt av nivået på dei grunnleggande dugleikane akkurat når elevar skal testast i nasjonale testar, og særleg i lesing. Skriving er ein meir uhandterleg storleik med mange parameter som er vanskeleg å tolke og samanhalde utan eit fagleg skjøn.

Nasjonale skriveprøver har vore utarbeidde av mellom anna professor Kjell Lars Berge, faktisk etter påtrykk frå Clemet sjølv (i 2003), men som professoren sjølv uttrykker seg på forskning.no: «En annen utfordring er det at samtidig med at mange skoler aktivt arbeider med å styrke skriveopplæringen, bestemte Utdanningsdirektoratet uten forvarsel januar 2017 å stoppe arbeidet med utvalgsprøvene i skriving.» Ryktet seier at pengane som vart spart, gjekk til innkjøp av nokre nye sørvarar eller andre typar datamaskiner med høg prislapp. Kvifor dåverande kunnskapsminister Røe Isaksen sette eit punktum for eit viktig arbeid dei sjølv initierte er ei gåte. Det er i alle fall ein klar attest på at det ikkje er alle grunnleggande dugleikar som er like viktige lenger. Etos i oppløysing kallar eg slikt.

Norskfaget

Eg kan best snakke for norskfaget sin del, som har hovudansvaret for tre av fem grunnleggande dugleikar; lesing, skriving og munnlegheit. Rekning er det lite av i norskfaget, og personleg tykkjer eg vi er der at det digitale ikkje er ein dugleik, men eit miljø, som vi i dag er opererer i, nesten uansett kva vi gjer.

Eg har undervist i norsk i grunnskule, vidaregåande, universitet og vaksenopplæring, eg var med å utforme faglege kjerneelement for faget, og uansett kva klasserom, seminarrom eller auditorium eg vender meg i, ser denne dikotomien like blass og meiningslaus ut, der er ingen motsetning mellom å arbeide med dei grunnleggande dugleikane og det å arbeide mot meir overordna mål. Det er ei og same sak.

Eg har til gode å sjå ein elev, student eller deltakar gjere noko fagleg som ikkje òg er ei øving av grunnleggande dugleikar. Dugleikane er eit sett med kompetansar som går frå enkel til kompleks, både ein førsteklassing som driv med avkoding og den fyrste leseopplæringa, og ein stipendiat som tek siste runde på korrektur av oppgåva si og nærles dei faglege poenga, øver grunnleggande dugleikar, berre i ulik ende av skalaen. Denne progresjonen er heilt krystallklar i læreplanen:

«Utviklingen av muntlige ferdigheter i norsk går fra tidlig samhandling i lek og faglige aktiviteter til å bruke det muntlige språket stadig mer presist og nyansert i ulike norskfaglige samtaler og presentasjoner.» Både barneskuleeleven og professoren kan plassere sin munnlege aktivitet i denne prosesstilnærminga for munnleg kompetanse. Det same gjeld for det skriftlege: «Utviklingen av å kunne skrive i norsk går fra den grunnleggende skriveopplæringen til å planlegge, utforme og bearbeide tekster i ulike sjangre og tilpasset formål, medium og mottaker. Skriving i norsk innebærer å uttrykke seg med en stadig større språklig sikkerhet på både hovedmål og sidemål.»

For det å lese: «Utviklingen av å kunne lese i norsk går fra den grunnleggende avkodingen til å lese, tolke og reflektere over tekster i ulike sjangre, for ulike formål og av ulik lengde og kompleksitet.»

Og til sist det digitale påhenget: «Utviklingen av digitale ferdigheter i norsk går fra å lage enkle sammensatte tekster til å planlegge, utvikle og redigere sammensatte tekster basert på kunnskap om hvordan de forskjellige uttrykksformene virker sammen. Utviklingen innebærer også å vise en stadig større grad av selvstendighet og dømmekraft i valg og bruk av digitale kilder.»

Når politikarar skal leike skulefolk

Det er altså ein prosesstilnærming i korleis ein forstår grunnleggande dugleikar, som er heilt fråverande når politikarar skal leike skulefolk. Det er ikkje berre dei to nemnte riddarane som forenklar til det fordummande, det er i ferd med å setje seg ei altfor snever forståing av omgrepet, over heile den politiske skalaen, sjølv om det er høgresida som ropar høgst og mest konsistent når diskusjonen blir for vanskeleg.

Eg skal ta eit heilt konkret døme. Om eg vil arbeide med eit overordna tema, som til dømes «berekraftig utvikling», er grunnleggande dugleikar til stades i heile den didaktiske prosessen. Eg har gjerne ein innleiande fase, der eg på ulikt kan aktivisere og kartlegge elevane sine førekunnskapar, det vil alltid bli gjort i ein kombinasjon av munnleg og skriftleg aktivitet, digitalt eller analogt. Vi vert samde om strategiar og avgrensar oss til nokre faglege målsettingar, og korleis vi vil nå dei. Vi lagar arbeidskrav der vi nærles og tolkar føringane i læreplanen, og vi blir samde om kva fagleg produkt det skal munne ut i.

Sluttproduktet vil som regel anten hamne i hovudkategorien munnleg eller skriftleg, men med ei opning for å arbeide etter individuelle målsettingar. Om det vert munnlege eller skriftlege produkt, er det alltid orientert mot det digitale miljøet og dei høva vi har til varierte uttrykksformer. Eit slikt tema vil nok profittere på eit rikt og variert teksttilfang av både sak- og skjønnlitterære sjangrar, og elevane får då øvd ulike lesemåtar.

Lesinga, sjølv av dei mest avanserte tekstene, vil aldri vere berre på eit abstrakt makronivå, ein vil og jobbe på mikronivå, og alltid lære meir om til dømes både ordtilfang, morfologi og syntaks. Om dette er i eventyrlesing i barneskulen eller i lesing av ein fagtekst om postkolonialisme på universitetet, vil dette spennet frå mikro- til makronivå vere noko ein jobbar med. Det vil ikkje vere eit fagleg minutt der grunnleggande dugleikar ikkje vert jobba med!

Kan vi gje oss med grove forenklingar? No er «grunnleggande dugleikar» i ferd med å bli eit politisk banner som vert tommare og tommare fagleg kvar gong det vert brukt av ein av dei blå riddarane. Eg er sjølv hundre prosent for grunnleggande dugleikar og hundre prosent for å arbeide mot dei verdifunderte målsettingane i læreplanen. Fordi det er ei og same sak. Sjølvsagt å forstå for lærarar som har heile livslaupet til eleven for auge. Vanskeleg å forstå for politikarar som er mest opptekne av kva ein femtenåring skal prestere for å vise OECD kor flinke vi er på PISA-testar.

Powered by Labrador CMS