VALG 2019

Gerd Botn Brattli, nyvald fylkesleiar i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal. Arkivfoto: Ståle Johnsen

– Politikarane skal halde seg unna skulen sitt indre liv

Den nye leiaren i UDF Møre og Romsdal meiner at «krenkjeparagrafen» har skapt mange unødige personalsaker.

Publisert Sist oppdatert

– Kva er dei største utfordringane i barnehage- og skulesektoren i Møre og Romsdal?

– Når det gjeld barnehage, er det implementering av pedagogonorm og dispensasjonar. I skulesektoren er det store utfordringar i vidaregåande opplæring knytt til kommuneøkonomien. Utfordringane er knytt til bortteljing av timar og praktisering av arbeidstidsavtalen. Det er også utfordringar med trong økonomi i dei fleste kommunane, dette gir også tronge rammer for den store sektoren som skule er. Tid til å vere lærar!

Nokre av dei store utfordringane er knytt til lærarane sitt arbeidsmiljø. Dette gjeld både i skule og barnehage. Å kunne vere trygg på jobben, er ei sak vi har arbeidd mykje med. Den gjeld vald, truslar og trakassering og ikkje minst det lærarar opplever som ein rettslaus tilstand knytt til saker i samband med paragraf 9A-5 i opplæringslova (om skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider ved skulen, krenkjer ein elev, red.anm.).

– Har du fått nokre signal frå lokallag om korleis dei einskilde kommunane disponerer sine budsjett, og kvar dei største behova for satsing er?

Valg 2019

Navn: Gerd Botn Brattli (66)

Verv: Fylkesleiar for Utdanningsforbundet Møre og Romsdal frå 1. august 2019

– Eg har ikkje noko fullgod oversikt over utfordringane i kommunane, men eg har ved fleire høve fått tilbakemeldingar frå lærarar om at dei har for lita tid til kvar einskild elev. Dette gjeld ikkje minst elevar som treng særskilde tiltak og/eller spesialundervisning.

Det er også behov for fleire kvalifiserte lærarar og spesialpedagogar.

– Kva er dei viktigaste sakene for dykk i valet 2019?

– Eleven sin rett til ein kvalifisert lærar i barnehage og skule. Eleven sine rettar til å få dei timane dei har krav på. Dette gjeld spesielt vidaregåande opplæring.

– Kva for eit politisk forslag har gjort deg mest forbanna?

– Opplæringslova paragraf 9A-5. Den har skapt uendeleg mange unødige personalsaker.

– Og kva for eit politisk forslag har gjort deg mest glad?

– Vedtaka om lærarnorm i skule og pedagognorm i barnehage! Dette er ein god start som må følgjast opp og utviklast til å gjelde heile det 13-årige skuleløpet.

– Kva har vore dei viktigaste politiske sakene for dykk dei fire siste åra?

– Arbeidstidsavtalen både i barnehage og skule, og arbeidsmiljøproblematikk knytt til lærarar i skulen.

– Og kva har vore den største sigeren i denne perioden?

– Eg veit ikkje om ein kan kalle det ein politisk siger, men vi har fått god drahjelp av Arbeidstilsynet når det gjeld lærarane sitt arbeidsmiljø med fokus på dei rettane også lærarane har til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Dette byrjar å gi ringverknader i arbeidet.

– Kva vedtak skulle du helst reversert?

– At vedtaket om endra kompetansekrav til lærarane som undervisar i norsk, matematikk, engelsk, samisk og tegnspråk fekk tilbakeverkande kraft. Dette vedtaket har ført til at det meste av kompetansehevingsmidlar vert nytta til å gi lærarar den same kompetansen på nytt, på bekostning av å gi ny kompetanse til dei som treng det!

– Om du var fylkesordførar for ein dag, kva ville du ha gjort?

– Eg ville ha gitt profesjonen tilbake tilliten! Eg ville ha bede alle politikarar halde seg unna skulen sitt indre liv og ha respekt for den kompetansen profesjonen har og det mandatet som er delegert ned. Dette gjeld både skule og barnehage!

Vi har snakka med leiarar av store lokallag landet over og med fylkesleiarar i Utdanningsforbundet. Alle intervjua finn du her.

Powered by Labrador CMS