Yrkesfaglærarane må opp og fram

Debatt: Status til yrkesfag må opp, og vilkåra for elevane på yrkesfag må styrkast.

Publisert Sist oppdatert

Som det største lærarforbundet organiserer Utdanningsforbundet lærarar i heile oppvekst- og utdanningssektoren, med hovudtyngde i barnehage, grunnskule og vidaregåande. For dei fleste er Utdanningsforbundet eit naturleg val, fordi vi jobbar målmedvitne for å styrke løns- og arbeidsvilkår for dei, og vi køyrer interessekampen deira aktivt og ofte inn i ordskiftet.

Nokre grupper er vi ikkje fullt so medvitne om, og det gjer at vi heller ikkje er eit naturleg og sjølvsagt førsteval når ein skal organisere seg. Skal dette endre seg, må vi få ein politikk og ein retorikk som styrkar vilkåra deira på brei front.

I samband med ny fullføringsreform er det eit forsterka behov for å granske alle sider ved yrkesfagleg utdanning, der det er flest som slit med å gjennomføre. Ut frå høyringssvara so langt er det tydeleg at mange er glade i generell smalltalk utan retning, og i marginal grad fokuserer på elefanten utan fagbrev i rommet. Og dei som undervisar han eller ho.

Status til yrkesfag må opp, og vilkåra for elevane på yrkesfag må styrkast. Dei einaste som har imponert med konkrete bidrag der verneskoen trykker, er faktisk Framstegspartiet, eit parti som eg elles har slite med sidan eg stemte for fyrste gong på midten av 1980-talet. Rett skal uansett vere rett, her er dei faktisk best av alle partia, dei tør å vere presise der andre er vage, diffuse og hjelpelause. Her har dei omsider lukkast med å kalle ein spade for ein spade.

Les også: Frp vil ha karakterkrav for å starte på yrkesfag

Ein sentral skikkelse i yrkesfag er programfaglæraren, praktikaren med erfaring frå yrket som elevane skal ut i. Elevane treng å møte lærekrefter som representerer den kvardagen dei skal inn i, og kjenner til den som ferskvare og ikkje som eit vagt minne. Statusen til yrkesfaglæraren må opp, og løns- og arbeidsvilkåra må vere slik at ein ikkje går ned 2-300.000 om ein går frå å utøve yrket til å undervise om det. For ein praktikar i sine velmaktsdagar er ikkje dette eit teoretisk søkk i lønsutbetaling, men heilt reelt.

I den praktiske ånd (!) som Framstegspartiet legg for dagen i dette temaet, vil eg kome med heilt konkrete forslag. Gje yrkesfaglæraren med ti års ansiennitet i yrket løn tilsvarande lektorløn, og innfør ein ny stillingskode som vi sidestiller med lektoren. Eg er lektor i norsk. Ein med fagbrev i røyrleggar- eller blekkslagarfaget er ikkje mindre fagmann på sitt område. At utdanninga er på vidaregåande nivå og ikkje høgskule, er berre semantikk og lønsteknisk snobberi. No er det på tide å anerkjenne dei som har bygd og som skal halde fram med å bygge landet, og sidestille vedkløyvarar og ordkløyvarar. Å løfte desse vil vere rimelegare enn ein reform for heile vidaregåande, og faktisk bidra til reforma sitt hovudmål: auka gjennomføring

Kva skal tittelen vere? Det var ein diskusjon i akademia om ein tittel, som rann ut i sanden. Kanskje vi som ikkje er fullt so tunge i toppetasjen kan knabbe namnet «praktor», ikkje ein «tullelektor» men ein likestilt praktisk lektor? Frå teksten: «Omgrepet praktor er inspirert av praxis (jfr. poiesis-praxis) og knyter an til ein 2400 år gamal akademisk tenketradisjon. I tråd med denne tradisjonen blir praktor eit omgrep for den erfarne, reflekterande og kloke praktikaren.»

Les: Slik blir du lærling i Forsvaret

Det vil ikkje automatisk løyse alle problem i sektoren, men det vil vere eitt bidrag for å styrke omdømmet til dei som verkeleg fortener det, styrke motivasjonen til dei praktorane som allereie er i gong med å undervise på yrkesfag, og ikkje minst skape litt konkurranse om å undervise framtida sine tømrarar, elektrikarar og røyrleggarar. Ja til godt betalte praktorar. Det vil og syne elevane på yrkesfag at vi meiner alvor, og tek dei på alvor.

Powered by Labrador CMS