Leksehalvtimen er gull verdt for elevane

Debatt: Politikarar gjer ofte vedtak som skal vera positivt meint, men dei ser gjerne ikkje heile biletet. 

Publisert Sist oppdatert

Fritt skuleval vart vart eit val for dei flinke, til populære skular. Mange skular opplever ein jo-jo i søkjarmassen med nedlegging av klassar eller plassmangel med påfølgjande variasjon i lærarbehova.

Leksefri er ein annan populistisk variant. Stundom støttar òg skulefolk ideen! Lekser skal ikkje vera vanskeleg nytt stoff som borna ikkje klarer, og foreldra heller ikkje skjønar. Lekser skal vera repetisjon og forsterking av læring. Alle som kjenner litt til læringsteori, veit at hjernen er slik laga at repetisjon må til skal læringa verta varig. Den fyrste repetisjonen må koma kort tid etter fyrste innlæring, altså som heimelekse.

Det andre viktige momentet er fellesskapen og kontakten mellom foreldra og barnet i ein slik situasjon. Born og foreldre er så opptekne med fritidsaktivitetar, TV, mobil og internett at leksehalvtimen er gull verd som kontaktpunkt i tilværet. Øving i høgtlesing og lesing til barnet vil ha ein positiv effekt for resten av livet.

Lukke til med eit godt fellesskap om leksene!

Powered by Labrador CMS