I fagfornyinga har mange av skulefaga blitt strypt og fått svekka forankring i disiplinfaga slik vi møter dei på universitetet, skriv Roar Ulvestad. Arkivfoto: Utdanning

Har fagfornying blitt forgløyming?

I fagfornyinga har mange av skulefaga blitt strypt og fått ei svekka forankring i disiplinfaga. Før var det universitetsfaget som låg til grunn for skulefaget. No skal veslesyster leie storebror inn i framtida.

Publisert

Eg vil ikkje ha pensumlistene tilbake, men eg vil som samfunnsfaglærar, KRLE-lærar og norsklærar ha faglege bestillingar på kva kompetanse elevane skal ha, basert på eit truverdig kompetanseomgrep som kviler på dynamisk og oppdatert kunnskap som har forankring i både historie, forskingsfeltet og pedagogiske praksiserfaringar.

Utkastet til ny læreplan i samfunnsfag i ungdomsskulen er ingen garantist for at elevane får ein slik kompetanse.

 

I tillegg veit vi som har stått i faget at det er få eller ingen faglege krav til dei som underviser i desse faga. Både KRLE og samfunnsfag er typiske «fyllfag» som «kven som helst» kan ta. Ein fag-tom plan og eit fagfellesskap som har svært varierande fagkompetanse er ein dårleg blanding. Eller som Chris Rea syng: «This is the road to hell».

Eg ser no at eg kan ha vore for naiv med omsyn til fagfornyinga som er i full gong, der læreplanane i alle fag er under nyskriving. Eg har teke til å lese meir kritisk gjennom dei svært uferdige utkasta til planer i fleire fag, som vert grunnare og grunnare for kvar gjennomlesing.

 

Det som skjer, skjer på vakta til Høgre, som kallar seg «kunnskapsparti». Eg hadde vona at dei dermed kunne heva seg over dei trendane vi har i dag, der «teoretisk», «akademisk» og «fagleg» har blitt skjellsord, og at ein difor reint kvantitativt bør redusere eitkvart anslag av teori, akademisk tenking og faglegheit.

Det er kvaliteten på teorien som avgjer relevansen, ikkje kvantiteten. Akademia måler heller ikkje teori med volum eller vekt, og akademisk kunnskap er ikkje ein statisk haug med grafar, kronologiar og teoriar.

 

I fagfornyinga har mange av skulefaga blitt strypt og fått svekka forankring i disiplinfaga slik vi møter dei på universitetet. Før var det universitetsfaget som låg til grunn for skulefaget, no er det omvendt: veslesyster skal leie storebror inn i framtida.

Det heng saman med det ein nesten kan kalle eit paradigmeskifte: eit omskifte frå ein kunnskapsbasert til ein kompetansebasert utdanningsstruktur. I kompetanseomgrepet ein no brukar i endring av skulen, er fagkunnskap mest som hinder å rekne.

 

Eg voner det er eigen vrangvilje og inkompetanse som ligg til grunn, men eg har blitt skeptisk til synet på kunnskap som eg opplever som implisitt i mykje av det som skjer. Sjølvaste Stein Ludvigsen som leda utvalgsarbeidet som ligg til grunn for fagfornyinga har sagt og skrive mange plassar at no «skal ikkje elevene lenger bare huske og gjenta informasjon».

Når har vi gjort det eigentleg? Sidan eg tok førebuande prøver for tretti år sidan, har eg tatt mange studiepoeng innan ulike fag. Det har aldri handla om å huske og gje att informasjon, men å anvende og utvikle etablerte forståingar og kunnskapar i møte med dagsferske og aktuelle problemstillingar.

 

Kunnskap har i liten grad vore statiske og hegemoniske informasjonsklynger, og faghistoria i dei einskilde faga eg har utdanning i, handlar om korleis nye perspektiv har utfordra gjeldande situasjon. «Den som ikkje kjenner historia sine mistak er dømd til å gjenta dei osb.»

Mykje av det eg lærte hausten 1988 har følgt meg gjennom yrkeslivet, til dømes Karl Popper sitt falsifikasjonsprinsipp, den hermeneutiske sirkel og Kant sitt kategoriske imperativ. Dette er ikkje tankebygnader, modellar eller prinsipp som oppstår av seg sjølv i eit klasserom, men teoretiske konstruksjonar som har liggje til grunn for mykje av den kunnskapsutvikling og etiske praksis som dagens samfunn er tufta på.

 

Eg er redd for at vi no det som verkar som ein kongstanke om relevans og samtidsorientering prøver å distansere oss frå den kunnskapsbakgrunnen som samtida faktisk er tufta på. Ein av dei konkrete angstane mine er korleis det skal gå med samfunnsfaget i ungdomsskulen, eit fag eg alltid har likt å ha. Med bakgrunn i antropologi har det vore midt i blinken, sjølv om eg alltid har sakna solid historiebakgrunn frå akademia.

Eg har «alltid» hatt ein fot i klasserommet og ein i akademia, og er engsteleg for at kontakten mellom disiplinfaga på universitetet og klasseromspraksis blir svekka i arbeidet med dei nye planane. Det er heller ikkje krav frå Utdanningsdirektoratet om at læreplangruppene skal ha representantar frå det eller dei disiplinfaga som er i eit gjeve skulefag, berre at dei skal ha «skulefagleg bakgrunn»

 

Skulefaga treng den disiplinfaglege forankringa, kontakten til kunnskapsbasen og forskingsfronten som vi faktisk har på universiteta. Eit døme: faggruppa som har ansvar for samfunnsfaget i ungdomsskulen har ingen medlemmar knytt til forsking i nokon av dei faga som i dag utgjer samfunnsfaget: historie, geografi og samfunnskunnskap. Dei to medlemmane frå UH (Universitet- og høgskule) har sitt hovudsete i det samiske. Det borgar for god dekking av eit viktig kunnskapsområde, men slagsida er kritisk.

Historie, som kanskje har vore heidersfaget i skulen, vert med det nye planutkastet heilt marginalisert i ungdomsskulen. Faget handlar ikkje som mange «kompetente» vil ha det til, om å huske årstal, men å kjenne til dei lange årsaksrekkjene som ligg til grunn for notida. Det handlar om å stille seg sjølv inn i ein samanheng, og ikkje innbille seg at ein står på toppen av historia. Med Peter Wessel Zapffe: «Den dag vil komme da de som husker deg, er glemt». I møtet med historia vert vi audmjuke og ser at vi er ein del av historia, ikkje endeproduktet.

 

Geografi som det store syntesefaget, der kultur- og naturgeografien viser oss korleis topografi og næringsgrunnlag ligg til grunn for korleis vi organiserer oss: borte vekk. Ein kan kjenne att litt av faget i planutkastet for barneskulen, men geografi er eit komplekst fag som ein ikkje kan bli ferdig med tidleg i utdanningsløpet. Faget er meir enn å teikne vulkanar og sjå på klipp av Pangea sin utvikling. Det handlar om samspelet mellom dei fysiske og menneskelege føresetnadane både på mikro- og makronivå.

Samfunnskunnskap, som og er eit syntesefag, der vi har boltra oss i antropologi, idehistorie, sosiologi med meir: også ofra på det store tverrfaglege alteret, som paradoksalt nok no er fylt av alle fag og ingen fag.

 

Faget er i ferd med å bli ein light-utgåve av samfunnskunnskap, med strøtankar frå historie og geografi som krydder. Eit medlem i gruppa som lager nye planar sa på eit føredrag at «vi bryr oss ikkje so mykje om kva dei driv med på universitet og sånn». Det manglar berre eit «lissom».

Dei ulike faga har sine verdiar, spenningar, kunnskapsområder og historie som er heilt avgjerande om ein skal utvikle kompetanse som faktisk legg vekt på alle dei tre komponentane i gjeldande kompetanseomgrep; ferdigheiter haldningar og kunnskap. Dei ulike faga har ulike metodar og strategiar for kunnskapsutvikling, der både teljingar og forteljingar spelar ei rolle. Dei har kvar sin eigen faghistorie, som speglar og påverkar samfunnsutviklinga. Eg saknar geografen, sosiologen og statsvitaren si stemme inn i dette. Elevane skal ikkje leiast inn i vrengebilde og drøymebilde av det som skjer i dei ulike fagfelta.

 

Det er i ferd med å skje. Kunnskap er og blir marginalisert, banalisert eller sett til side, og å slåst for faglegheit er å få «anakronisme» svidd inn i panna. Kunnskap er ikkje «eit tastetrykk unna», det er det informasjon som er, og informasjonsoverskotet er i ferd med å utmatte oss. I løpet av 48 timar vert det i dag produsert meir teikn enn det som skjedde i den samla historie fram til 2003. Då er kanskje google-søk meir egna til kognitivt samanbrot enn reiskap til å skjøne noko om verda og seg sjølv.

 

 

Powered by Labrador CMS