Frontfagmodellen må justerast

Debatt: Det kan ikkje vere bra for Norge at vi etter kvart blir ståande med eit «B-lag» i skulen og i andre delar av offentleg sektor.

Publisert Sist oppdatert

NHO, LO, politikarar og nokre økonomar seier at frontfagmodellen er viktig for norsk økonomi. Men faktum er at dei siste åra har denne modellen gjort at store grupper i offentleg sektor ikkje lenger klarer å rekruttere nok kvalifisert arbeidskraft. Frontfagmodellen gjer det vanskeleg både å rekruttere og halde på «dei rette personane». Det må setjast i gong eit arbeid for å justere og utvikle ein modell som er meir tilpassa dei utfordringane kompetansesamfunnet vårt står overfor dei nærmaste åra.

Frontfagmodellen vart etablert under andre vilkår enn i dag. Frontfagmodellen er ein særnorsk konstruksjon som set marknadstilpassinga for lønnsdanninga ut av spel. Den same marknadsmekanismen lovprisar NHO i andre samanhengar.

Vi har i dag eit stort oljefond og store valutareservar som har bygd seg opp gjennom store overskot i utanrikshandelen, og som gjer at det i nær framtid ikkje bør vere dei konkurranseutsette næringane åleine som skal bestemme lønna til mange andre yrkesgrupper. Det er ikkje rimeleg at ein liten del av arbeidsstyrken skal bestemme og legge føringar for lønnsoppgjera i sektorar der det er heilt andre utfordringar. Dei konkurranseutsette næringane er mindre viktige for sysselsetjinga no enn for 20-30 år sidan.

Les også: KS sier nei til å rokke ved frontfaget

Konkurranseevna er ikkje berre avhengig av lønns- og prisnivået i Norge , men også av valutakursutviklinga, produktiviteten, eit godt utdanningssystem og andre produksjonsfaktorar som avgiftsnivå og straumprisar. Og minst like viktig er den generelle økonomiske politikken som gir gode og stabile rammevilkår for all verdiskaping. Ei styrking av den norske kronekursen i perioden 2020-2021 har hatt vesentleg større negativ betydning for konkurranseevna enn lønnsutviklinga i Norge.

Valutakursen og andre faktorar som påverkar konkurranseevna, er også påverka av pengepolitikken gjennom rentenivået og finanspolitikken. I tillegg er vi stadig meir avhengig av eit godt utdanningssystem som gir folk den kunnskapen norsk næringsliv i framtida er heilt avhengig av. Det er denne kompetansen som er hovudstyrken i vår framtidige konkurranseevne, til tross for eit lønnsnivå som ligg over gjennomsnittet i OECD.

Verdiskaping handlar ikkje berre om eksport. Verdiskaping skjer så lenge det oppstår eit behov for ei vare eller teneste som nokon er villige til å betale for. Eksport er først og fremst viktig for å utvide marknaden og skaffe oss valuta til import. Ein konsulent som sel sin kunnskap til ei eksportbedrift i Nord Norge for 1 million kroner gir like høg verdiskaping som ei bedrift som eksporterer varer til ein verdi på 1 million direkte til utlandet.

Utdanningsgruppene i offentleg sektor konkurrerer blant anna med funksjonærane i industrien. Industrifunksjonærane, ingeniørar og dei som jobbar i finansnæringane, som undervisningstilsette konkurrerer med, har i dag ei lønn som ligg omlag 150-200 000 kr over tilsvarande grupper i offentleg sektor. Dette lønnsgapet som stadig har blitt større, er ikkje mulig å tette med dagens modell, og vil sannsynlegvis berre fortsette å auke i åra framover om den vert brukt slik som i dag. Det viser utviklinga dei siste åra.

Les også: Fafo-forsker: Tviler på at Stortinget vil si nei tvungen lønnsnemnd

Slik det er no, kan det virke som arbeidsgjevarane i offentleg sektor brukar den «innsnevra forståinga» av modellen til å halde lønningane nede. Politikarane seier som dei har sagt dei siste åra, at dei ikkje kan leggje seg bort i lønnsforhandlingane, og peikar berre på KS og staten som ansvarlege for å bli samde.

Dette kan ikkje fortsette lenger. Det blir eit endå større problem i tida framover om vi ikkje får skaffa oss nok kompetent arbeidskraft der behovet er størst. Ei utfordring er også at mange dyktige lærarar og mange offentlegetilsette med god erfaring sluttar. Det er få karrierevegar i skulen, og topplønna er nådd etter 16 år.

Dette lønnsgapet som stadig har blitt større, er ikkje mulig å tette med dagens modell

Det kan ikkje vere bra for Norge at vi etter kvart blir ståande med eit «B-lag» i skulen og i andre delar av offentleg sektor. Norsk økonomi toler godt at det i enkelte år vert prioritert å gi noko større lønnstillegg for yrke der det er vanskar med å rekruttere kompetent arbeidskraft. Lønningane for desse yrka kan i enkelte år auke 1-2 prosent meir enn ramma i frontfaget utan at det tek knekken på norsk økonomi. Alternativet er ein heilt nødvendig opptrappingsplan over 2-3 år for å tette lønnsgapet.

Powered by Labrador CMS