Ein bilmekanikar i dag, der 60 prosent av dei selde bilane er elektriske, er ein annan enn den som vart utdanna for tjue år sidan.

Den digitale utviklinga endrar også yrkesfaga

Debatt: Er vi gode nok på å møta teknologiutfordringane i skulen? Eg trur ikkje det er yrkesfaglærarane som står i vegen for utviklinga.

Publisert

Eg opplever at fleirtalet av vi som jobbar i skulen, ofte får ein merkelapp der det står ludditt. Omgrepet ludditt kjem frå den påståtte maskinstormaren Ned Ludd. I protest mot at maskinene tok over arbeidet på spinneria på slutten av 1700-talet i Storbritannia, øydela han to strikkemaskiner og vart ei legende. Sidan har namnet vorte forbunde med teknologiskepsis. I skulen er det ofte lærarane som sver til tavle og krit som får merkelappen. Men kva med yrkesfaga? I alle yrke kjem det stadig raskare ny teknologi. Er vi gode nok på å møta teknologiutfordringane i skulen? Eg trur ikkje det er yrkesfaglærarane som står i vegen for utviklinga.

Digital framtid

Det hender det blir sagt at dei framtidige yrka blir meir og meir digitale. Generelt vil sannsynlegvis digitalisering og robotisering endra måten vi jobbar på. Ofte blir TIP (teknikk og industriell produksjon) trekt fram som døme.

Denne kronikken stod først på trykk i Yrke nr. 3/2021.

Om forfattaren

Thom Jambak er adjunkt med tilleggsutdanning.

Sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet sidan 2015. Lærar ved Røyken videregående skole.

Leiar av kontaktforum for vidaragåande opplæring/fagskule.

Ein bilmekanikar i dag, der 60 prosent av dei selde bilane er elektriske, er ein annan enn den som vart utdanna for tjue år sidan. Det er nok heilt rett. Likevel er det òg slik at fastnøkkelen stadig er i bruk. Like så er grunnleggande trearbeid fjernt frå det digitale sjølv om dagens tømrar òg må meistra det digitale. Kanskje mest med alle krava som kjem med å driva ei lita bedrift eller følgja opp kundar og byråkrati. Men det er nok mange på byggfag som brukar 3D-modellar og finn arbeidet med dei spennande og nyttig.

Slike modellar der ein kan visualisera og finna den beste løysinga på tvers av fag frå konstruksjon, elektro, røyr, til ventilasjonsteknikk, vil nok mange som vel byggfag, komma borti på eit tidspunkt. Men dette digitale programmet må brukast saman med praktisk erfaring i verkstaden eller på anleggsplassen.

På same måte er det eit stykke frå helsefagarbeidarens relasjonelle kompetanse til det å kunna meistra velferdsteknologi på ein sjukeheim. Velferdsteknologi blir definert av Helsedirektoratet som teknologisk assistanse som bidrar til auka trygd, trygging, sosial deltaking, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet, og styrker den enkelte si evne til å klara seg sjølv i kvardagen trass i sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne.

Helsefagarbeidarar og yrkesfaglærarar treng difor jamleg oppdatering av eigen digital kompetanse for å handtera korleis velferdsteknologien fungerer i dei ulike kommunane. For ikkje å snakka om etikken i dette. I kva grad skal teknologi erstatta mellommenneskeleg kontakt?

Mykje av treninga på ei dokke er bra, og tryggingsalarm og komfyrvakt kan spara mykje tid for personalet, men møtet med verkelege menneske er nødvendig for å skaffa seg erfaring. Dette er dekt i læreplanane i kjerneelementet om velferdsteknologi og etikk.

Praktisk erfaring

For å skaffa seg yrkesfaglege evner treng elevane å trena på det dedikerte utstyret ein skal bruka i det utøvande yrket. Kopling av ein sikringsboks er eit godt døme på at ein instruksjonsvideo ikkje held mål som einaste læring.

Eg trur desse døma viser at vi bør vera glade for at elevane får praktisk erfaring. om vi tenker oss vår eigen sikringsboks i heimen eller bestemor på pleieheim. Likevel trur eg digitalisering vil gjera yrkesfaga endå meir spennande og interessante. Dei nye læreplanane på yrkesfaga er òg meir oppdaterte på dette feltet, og det blir spennande å følgja med på korleis desse blir mottatt i skulane over heile landet.

Er dei praktiske og gode, slik at teknologi og digitalisering får endå tydelegare plass i faga, eller stoppar det med intensjonane på grunn av for lita satsing på utstyr og etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar? Det bør uansett komma ein breiare debatt om kvar vidaregåande skule skal legga seg med tanke på korleis vi kan løysa utfordringane med å vera oppdaterte digitalt og på utstyr, samtidig som vi ikkje gløymer dei heilt grunnleggande praktiske evnene.

Er det slik at elevane treng inngåande digitale evner, først og fremst? Eller er det dei grunnleggande yrkesfaglege evnene som er mest vesentlege å læra i vidaregåande opplæring?

Arbeidslivet leitar no etter meiningsfulle alternative opplæringsformer. Koronakrisa har aktualisert utfordringa. Her har både fylkeskommunar og arbeidslivet mykje å gå på når det gjeld samarbeid. Eg trur ikkje det er lærarane som er bremseklossane i ei slik satsing, det vil vera mange moglegheiter for å bygga kompetanse og ny kunnskap i eit slikt samarbeid. Men da må arbeidsgivar stilla opp med tid og ressursar. Er norske politikarar villige til å møta desse utfordringane med dei nødvendige løyvingane og fylkeskommunane med den praktiske tilrettelegginga for å få dette til?

Eg trur mykje kunne vore annleis om fleire elevar hadde fått større moglegheit til å arbeida praktisk med fleire materiale på barne- og ungdomsskolen. Både stoff-, tre- og metallarbeid kunne elevane fått prøvd seg på tidleg. Men også grunnleggande omsorgsarbeid og førstehjelp kunne kanskje vore vektlagt meir, og ikkje minst kreative kunstnariske uttrykksformer. På den måten hadde kanskje fleire elevar møtt betre budd og med meir entusiasme til yrkesfaga.

Men skal vi oppfylle intensjonane om bruk av teknologi og digitale hjelpemiddel i yrkesfaga, må skular få betre finansiering, og lærarane må få tilbod om etter- og vidareutdanning. Utan det kjem vi oss aldri vidare.

Powered by Labrador CMS