– Det går berre heilt unntaksvis bra når menn skal multitaske, det er noko alle veit, skriv Roar Ulvestad. Foto: Wikimedia Commons/Draizinbrew.

#DigiAlvorlegTalt

Debatt: «Det går berre heilt unntaksvis bra når menn skal multitaske, det er noko alle veit. Lenge leve monotasking, denne gløymte aktivitet og antikvitet».

Publisert Sist oppdatert

No har eg aldri røykt, men eg veit av erfaring at det er lite som er meir irriterande enn folk som har slutta og skal blære seg med det i tide og utide. Med fare for å dette i same kategori av nyfrelste vil eg kort dele nokre erfaringar med digital nikotin og edb-røykestopp.

Endeleg kan vi vere globale borgarar og sofagrisar på same tid.

Eg har som mange latt meg rive med av den digitale utviklinga, heilt frå då eg spelte dataspelet «Snake» på Tandberg-maskiner i 1984. Den gong då EDB faktisk vart kalla EDB. Internett kom, og trass spådommar om å vere eit blaff, blei det ikkje berre verande, men utvikla seg til å bli eit nettverk med fangarmar inn i alle krokane i det offentlege og private liv. Med verda i fingerspissane har vi lete oss globalt forføre og vent oss til alle snarvegane som det digitale har gjeve oss. Endeleg kan vi vere globale borgarar og sofagrisar på same tid.

Med Facebook i suspekt front har vi fått ein viltveksande jungel av sosiale media der vi finn avhengigheit for ein kvar smak, tilbøyelegheit og personlegdom. Streamingtenestene har for lengst knust lineær-tv og definerer dagleg musikkvanane for majoriteten av oss, og logaritmane jaktar vilt etter kjøpekrafta vår. Kunnskapsformene våre er i ferd med å endre seg når læring har blitt til konsum. «Den lange tanke» og resonnementet bygd opp på sakkunnskap blir i stadig større grad utfordra av marknadsføring og slagordprega ordskifte

Vi er nok ulike på skjermfronten, eg er nok av dei som har blitt forført av kor lett tilgangen har blitt, både til å eksponere seg sjølv og å få input i bøtter og spann på små og store skjermar. Det er mange måtar å rettferdiggjere seg når strikken vert tøygd frå vane over i uvane, ein av dei er at det er alltid nokon som er verre. Akkurat som i samband med rusbruk.

Berre med Facebook, Twitter og Spotify var det rikeleg mange nok utfordringar for evna mi til å halde på med uavbrotne aktivitetar over tid. Å følgje opp varslingar, sjekke mail, tvitre og kommentere tweetar, legge ut innlegg på Facebook og drøfte både dei og andre innlegg, medan eg høyrte på hundrevis av halve songar frå Spotify. Alle desse skjermane som blinka forbi, lite visste eg at det var livet osb.

Med fare for å bli personleg, gjekk det for langt for min del, og når du høyrer frå dine næraste at du ikkje er den du ein gong var, er det på tide å stogge opp. Då er det berre å telle timane i døgeret, sjå på kva du helst vil, og prioritere deretter.

Det går berre heilt unntaksvis bra når menn skal multitaske uansett, det er noko alle veit.

Det går berre heilt unntaksvis bra når menn skal multitaske uansett, det er noko alle veit. Lenge leve monotasking, denne gløymte aktivitet og antikvitet! I tillegg til denne mediale kakofonien som skjermmengda utgjer for oss, er det ingen tvil om at den påfører oss det eg vil kalle eit taktilt tap. Kvar er luktene, sansinga og den uventa fortapinga i eit sansetrykk som kjem brått og sterkt på? Eg trur beredskapen vår for å gå inn i det uventa og vere til stades her og no blir svekka av den digitale straumen vi står i gjennom heile døgeret. Ikkje berre for meg, men for andre og.

Litteraturprofessor Toril Moi skriv i eit innlegg i Morgenbladet om korleis det definerer oss å vere det ho kallar «firedimensjonale menneske», med skjermen som det fjerde: «Å være et firedimensjonalt menneske er å være et menneske som stadig dokumenterer seg selv. Vi blir besatt av vår digitale identitet. Men Facebook og Instagram er jo ikke det samme som virkeligheten. De utgjør en nøye kuratert, offentlig profil. Vi legger ikke de verste bildene, de mest nedslående nyhetene, de kjedeligste øyeblikkene ut på nettet. Og om noen gjorde det, kunne det lett oppfattes som et systematisk forsøk på å skape kunst, snarere enn virkelighet.» (Morgenbladet 26.02.2016)

Fiksjonen har ut frå denne logikken dermed blitt normalen, og den fysiske røyndomen eit avvik.

No spoler eg i skamrødmen sitt namn litt fram i historikken. Eg gjennomførte eit år utan smarttelefon samstundes med at eg kutta Facebook og Twitter for godt. Sjølvsagt ikkje utan abstinens, og det i seg sjølv er jo verkeleg eit symptom å ta alvorleg. Det viste seg etter kvart at det einaste eg faktisk sakna, var Skyss-appen. Eit godt gammaldags månadskort ordna den biffen.

Kva førte det elles til? Eg har for det første lese eit par hundre bøker som har stått i hylla i årevis og fånyttes ropt «les meg, les meg!», og boksamlinga har teke til å vekse att. Eg kan arbeide konsentrert over tid utan å distrahere meg sjølv med å oppsøke sosiale media eller å bli uroa av varslingar derifrå. Eg merka at eg fekk mindre uro i kropp og hovud, og at eg igjen kunne utforske dei kreative konsekvensane av å kjede seg. Ta den digitale lakmustesten på deg sjølv, sjå kor lenge du klarar å lese i eit strekk i ei bok du veit du kan like. Vart det fem sider, vart det tjue, vart det ei? Eg trur eg var nede i to-tre sider, sjølv i møte med litteratur eg sette pris på. No kan eg lese som eg gjorde før, til eg må på do eller hente meir kaffi. Eit lite steg for menneskeheita, men eit stort seg for meg.

I nyfrelst analog ånd gjekk eg difor inn på Finn.no og kjøpte meg ein platespelar og nokre plater på Platekompaniet. Etter årevis med Spotify, der eg har høyrt dei første ti sekunda av tusenvis av songar, lyttar eg no til heile plater. Med mindre tilgang ser eg at eg får meir input med kvalitet. Eg kjenner nesten att meg sjølv, og det trur eg andre gjer og. Det er elles ufatteleg mange skattar på B-sidene på LP-platene!

Toril Moi seier (herleg ironisk i byrjinga) i innlegget eg refererte til tidlegare: «Det er noe heroisk over barndommens kjedelige ensomhet. Men likevel: For en lettelse å unnslippe den! For en lettelse å kunne søke tilflukt i konstant tilgjengelige venner og tv-programmer! Den lysende skjermen holder oss både oppslukt og fanget. Men hva gjør den med oss?» (ibid.)

I mitt tilfelle er det ingen tvil om at kva overdriven skjermbruk gjorde, og at «less is definitely more», kvantitet er ein trussel mot kvalitet og at fritt tilgjenge gjer noko med evna til å leve seg inn. Det er noko heroisk over middelalderdommen si kjedelege einsemd og, der kan det skje magi!

Eg trur ikkje det er lurt om vi tillet oss at konsentrasjon går ut på dato, no i «djupnelæringa» sin tidsalder, eller renessanse alt etter som. Professor Marthe Blikstad-Balas framsnakkar langlesinga sine gode sider i eit ferskt innlegg i Klassekampen.

Om vi deler dette synet, må vi kanskje gå både i oss sjølve og det som er av påliteleg forsking og sjå på kva som står i vegen for langlesinga, både for store og små. Kor mange timar går med i di eiga arbeidstid for å følgje med på Facebook, naboen sine Syden-bilete på Instagram, og ungane dine sine snap? Nå vi snakkar skjermbruk, er det gjerne smarttelefonen vi snakkar om. Ifølgje John Hattie sine metastudier, er ADHD det største hinderet for god læring, i selskap med depresjon, døvheit og keisemd. Då var kanskje ikkje Hattie so interessant likevel for somme.

Samstundes har vi forsking som langt på veg sannsynleggjer at overdriven bruk av smarttelefonar kan føre til ADHD liknande symptom i både kropp og sjel. Å bruke noko sjukdomsframkallande til å bøte på sjukdom kan då umogleg vere sunt. «It's important to be clear that we're not saying smartphones cause ADHD itself—there's been no research on that,» he told VICE. «What can be said is that it can [exacerbate symptoms] of hyperactivity.» https://www.vice.com/en_au/article/dp5akx/esearchers-find-that-smartphones-are-causing-adhd-like-symptoms-in-adults-vgtrn

Har du moralsk dekning for å oppdra dine eigne ungar i skjermbruk, eller er det eit stort og unhappy rusfellesskap som deler på sprøytene og trur det skal vere sånn? Med den store moralistiske peikefingeren til ein nyleg omvend trykt inn i fjeset ditt, vil eg hevde at det er liten tvil om at det går med nokre tusen årsverk til bruk av berre sosiale media, om det no er offentleg eller privat verksemd. Her har gjerne ssb.no statistikk, med mindre den type «big data» er lagt under politisk lokk.

Alt vi ikkje liker er som kjend Fake news! Psykologien snakkar om psykologiske forsvarsmekanismer når vi i møte med ny kunnskap til dømes får problematisert vanene våre som uvanar, vi opplever det som vert kalla dissonans. Kva gjer vi då? Vi avviser eller stiller spørsmålsteikn ved den nye kunnskapen, ikkje vanane våre, eit godt døme er klimasvinet sitt møte med klimakrisa: https://forskning.no/klima-psykologi/psykologifaget-er-medansvarlig-for-klimakrisen/1319762

Eg trur mange og er redde for å bli sett på som digitalt bakstreverske, slik at ein ikkje tør å artikulere kritikken (og sjølvkritikken) ein går rundt og ber på. Andre har det eg vil kalle ei smal forståing av utvikling, og at den er gitt ein gong for alle. Vi har ei utvikling, ja: men korleis vi brukar denne utviklinga er ikkje gitt. Og vipps so er vi med å styre utviklinga. Vil vi styre eller bli styrt?

Etterpåklokskap er som kjend verdas beste vitskap, og eg er knallgod på det.

For min del står det berre att å dumpe HBO og Netflix, då reknar eg med at eg tek til å sjå film att og, og elles held fram med stort sett å feie for eiga dør. Kanskje eg kan bli det som ein i helsesektoren kallar erfaringskonsulentar, also known as fanden som har gått i kloster? Etterpåklokskap er som kjend verdas beste vitskap, og eg er knallgod på det.

Powered by Labrador CMS