Ny undersøking: Alle elevar bør ha eigne digitale verktøy 

Eigne digitale verktøy til kvar elev har vore avgjerande for den digitale omveltinga i norsk skole.

Publisert

Det er blant konklusjonane i ein gjennomgang av 262 kunnskapsoversikter om databruk i norsk skole, dei aller fleste frå åra 2019 til 2022. Gjennomgangen er presentert i undersøkinga  «GrunnDig - Digitalisering i grunnopplæring: kunnskaper, trender og framtidig forskningsbehov»

Digitaliseringa har betra sjansane for høgt læringsutbyttet til elevane. Endringa er lita, men tydeleg, og svært avhengig av læraren, viser undersøkingane.

– Kvifor er det viktig at alle har digitalte verktøy?

Utdanningsnytt spør Ola Andres Erstad, som saman med Elaine Munthe har vore prosjektleiar for undersøkinga . Her er desse kunnskapsoversiktene studert og oppsummert.

– At det er viktig med eigne digitale einingar til kvar elev, er ein konsekvens av den norske politikken om at vilkåra for undervisning skal vere like for alle, seier Erstad, som er professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo.

Samstundes viser studiar at der alle har eiga eining varierer resultatet mellom å vere sterk positivt til moderat positivt på læringsutbytte, samanlikna med der elevane ikkje har dette.

Alt i alt slår rapporten fast at digitale verktøy opnar for meir elevstyrt og sosial læring. Verktøya kan hjelpe elevane til å sjå samanhang mellom kunnskapsområda og med det ei djupare innsikt. Andre positive sider som blir trekt fram er at elevane får høve til å delta i planlegging, problemløsing, utforsking og vurdering av eiga læring.

Mye vi ikkje veit

– Er desse funna sterke nok til at foreldregrupper og andre som vil ha nettbretta ut av skolen må erkjenne seg slått?

– Det er framleis mye vi ikkje veit om utbytte av digital undervisning. Det vi veit byggjer mest på faga språk, matematikk og naturfag. Om dei andre faga veit vi mindre, seier Erstad.

I rapporten blir det erkjent at sjølv om vi ser kva for forbetringar digitale verktøy kan tilføre undervisning veit vi ikkje om det er dette som faktisk skjer heile tida. Potensialet for digital undervisning kan like gjerne vere eit tenkt potensiale som eit reelt, heiter det.

Læraren er avgjerande

– Det er ingen automatikk i at undervisninga blir betre av seg sjølv berre vi tar i bruk digitale hjelpemiddel. Men det vi veit sikker, er at korleis læraren legg opp og styrer undervisninga, det er heilt avgjerande for om kvalitetane ved digital undervisning blir utnytta eller ikkje, understrekar Erstad.

Svært mange av dei studia rapporten bygger på trekk fram at læraren er avgjerande for at digitale hjelpemiddel skal gi undervisninga eit løft. Men noen kjappe triks om korleis læraren skal gjere dette, det har Erstad ikkje. Tvert om konkluderer rapporten med at vi ikkje har noen solid kunnskapsbase som kan støtte lærarane i dei vala dei må ta i digital undervisning.

– Da eg gjekk på skolen glodde vi ut av vindauget eller skreiv lappar til kvarandre når vi tok oss hemmeleg pause i timen. Det såg lærarane. Men kva ein elev eigentleg gjer på den skjermen læraren berre ser baksida av, det er ikkje like lett å vite, konstaterer han.

– Men dette er blant dei tinga læraren må finne ein måte å handtere, avsluttar Ola Andres Erstad.

Ifølgje grunnskolens informasjonssystem (GSI) var éin-til-éin dekkinga av digitale hjelpemiddel i grunnskolen hausten 2021 på 98 prosent i ungdomsskolen, 90 prosent på 5.–7. trinn og om lag 80 prosent på 1.–4. trinn. Dette skilje, som har skjedd i løpet av dei siste ti åra, representerer eit avgjerande skilje i norsk undervisning, står det i rapporten.

Powered by Labrador CMS