Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem og «Schrødingers elefant»

Debatt: – Eksamen har blitt til den store elefanten i rommet.

Publisert Sist oppdatert

Neste veke var eg invitert til å halde eit kort innlegg på Lærernes hus i Oslo i samband med framlegging av delrapporten til Kvalitetsutvalet, som er i arbeid med å gå gjennom Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS). Eg måtte diverre melde avbod av grunnar utanfor min kontroll, men har likevel lyst å dele nokre av dei tankane eg hadde planlagt å komme med.

Det er ikkje tid til å reflektere over alle komponentane i NKVS, so eg vel å nemne dei delane eg veit mest om: kartleggingsprøver, nasjonale prøver, PISA og til sist eksamen. Eg har òg ein joker som eg har tenkt på som ein naturleg del av NKVS. Utan å fortape meg i mimring og cv vil eg seie at eg har undervist i mange ulike fag i grunnskule, vidaregåande, norsk språk- og litteraturdidaktikk ved universitetet og underviser no i vaksenopplæring for språklege minoritetar med kort butid, som tek studiekompetanse på to år.

Sjølv om eg har gått inn og ut av ulike klasserom opp gjennom åra, er det noko heilt eige med denne elevgruppa, eller «deltakarar» som opplæringslova kallar dei. Det er på at dei vert kalla «elevar» slik som andre elevar i vidaregåande skule, med fulle rettar til kontaktlærar og anna oppfølging, men det er noko eg har adressert før.

Som lærar i mange år, og med åtte år bak meg som tillitsvald der eg har besøkt mange skular og arbeidd med fagforeiningsfeller og lærarar frå heile utdanningsløpet, dristar eg meg til å konstatere at kontrollmekanismane og «kvalitetsvurderingane» er meir omfattande og systematiske til lågare du kjem i utdanningsløpet. NKVS er ikkje likt distribuert, og særleg på ungdomsskulen er det ein stor iver etter å finne talmateriale for å gjere samanlikningar som set skular, byar og kommunar i det eg vil kalle fingerte konkurransesituasjonar.

Kan vi sjå på det som indikasjon på at kvalitetsvurderingssystemet signaliserer ulike gradar av tillit? Der eg sjølv underviser no, har vi som fellesskap høg grad av tillit og stort didaktisk handlingsrom, og eg meiner å sjå at det stimulerer til å gjere ein god jobb for heile laget. Det er eit større ansvar å bli stolt på enn å bli gjennomkontrollert, eg trur det styrker både kvalitet, identitet og verdigheit, og ikkje minst varig tilknyting til yrket, eller «eigarskap» som blårussen yndar å kalle det. Mykje av NKVS må gjennom «downsizing» eller fjernast heilt om vi kan ta vekk hermeteikna rundt ordet «tillitsreform».

Kartleggingsprøver

Eg vil først nemne kartleggingsprøver, som eg har brukt litt av i ungdomsskulen. Eg har hatt langt større nytte av desse enn av nasjonale prøver. Dei er slett ikkje av det vonde, men kan vere gode reiskapar for å gjennomskode eleven sitt nivå og utfordringar. Eg ønsker meg gode kartleggingsprøver for både lesing og skriving som kan fortelje noko om generell lese- og skrivekunne, men òg om spesifikke utfordringar som konsentrasjonsvanskar og dysleksi.

Alle elevar burde bli kartlagde for dysleksi og avkodingsproblematikk. Eg har ikkje trua på adaptive prøver, sjølv med det potensialet som no er i kunstig intelligens og bruk av big data, trur eg det er ein blindveg. Stigmaet rundt å gjere det dårlegast vil uansett bestå, og ein får gode nok indikasjonar på meistringsnivå med like prøver og det at folk snakkar saman.

Eg vil fortsette litt med PISA. For meg som har vore i klasserommet under heile PISA-perioden, har PISA ikkje hatt nokon som helst positiv fagleg verdi. Då vi fekk det som vart kalla ei «midt på treet»-plassering i 2006, vart det etablert ei kriseforteljing om at norsk skule er dårleg. Det enda opp som ein tverrpolitisk alarmtilstand for å få sjølvkjensla på plass igjen. Vi var dårlegare enn mellom anna dei baltiske landa, men hadde vi ein dårlegare skule for det? Neppe!

Vi fekk i den kollektive panikken som følgde både kunnskapsløftet, revisjon av kunnskapsløftet og no fagfornyinga som har enda opp som læreplan LK20. Ikkje nok med det, men det har hagla på med NOU-ar og ekspertutval som er meint å kome med framlegg til å bøte på krisa og ordne «vei i vellinga.» Det er på høg tid at kriseforteljinga som PISA etablerte for oss blir parkert.

Vi greier oss utan PISA

PISA er i ferd med å utspele si rolle, det er vi sjølv som må definere vår kunnskapskultur.

Roar Ulvestad

Vi har ein god skule med verdas beste elever, lærarar og skuleleiingar, og vi blir ikkje betre av å bli stempla som midt på treet av ein test frå OECD som ikkje tek omsyn til verken nasjonal læreplan, skilnader i lydigheitskultur eller nasjonale fritaksprosentar. PISA er i ferd med å utspele si rolle, det er vi sjølv som må definere vår kunnskapskultur, og denne kulturen må famne alle kunnskapsområde. Vi er sterke nok til å ikkje dilte etter OECD i eitt og alt.

Les også: – Lærerne opplever ikke at vurderingssystemet gir god nok støtte

Nasjonale prøver ser eg heller ikkje på som eit onde, men ein heilt nøktern test av lesekunne i møte med ulike teksttypar. I tillegg til å gje oss informasjon om individa si meistring, gjev også prøvene signal om kva teksttypar som vert sett på som viktige. Baksida av nasjonale prøver er at dei blir brukt nasjonalt som indikatorar på skule- eller undervisingskvalitet, utan å ta omsyn til elevgruppene sin sitt utgangspunkt.

Eg har fleire gonger hatt parallellklasser med stor nivåforskjell på NP, men eg er neppe ein god lærar i den eine klassen og dårleg i den andre. I og med at prøvene er normalfordelte, kan ein då stille seg spørsmål om kor nyttige dei er, i og med at ein ikkje kan bruke normalfordeling verken på ein skule eller klasse. I heile populasjonen vil vi alltid ha en viss del elevar på dei ulike meistringsnivåa. Nasjonale prøver er difor eit altfor ustadig referansepunkt for kvalitet og samanlikning. Kulturen for å bruke dei må endrast, dei blir altfor ofte misbrukt i politisk spel om å definere retningar for skulen.

Nasjonale prøver har i alle år vore mat for pressa, som elskar å sortere i vinnarar og taparar, men no ser det ut som til og med pressa har mista interessa for NP. Det kan vel enten bety at vi kan ta til å bruke prøvene på en forstandig måte, eller kanskje gjere dei frivillige på skulenivå, for å plassere fokuset der det bør vere: på pedagogisk bruk. Nasjonale prøver er eigentleg ei lita hending for eleven, det er ein glugge inn til elevlivet med svært mange manglar.

Eg trur uansett at nasjonale prøver på nasjonalt nivå har fungert som ei forlenging av PISA. Det har gjort at vi har sett med skylappar på lesekompetanse, medan dei andre grunnleggande ferdigheitene har kome i bakgrunnen. Vi har eit nasjonalt skirivesenter, og vi har matrisene til Udir som eg tykkjer er greie å forholda seg til, men det er lesinga som er grunnleggande ferdigheit nummer ein. Ein dugleik som ikkje ein gong har fått sitt eige senter, er munnleg kompetanse.

Med lesesenter i Stavanger og skrivesenter i Trondheim er det på tide å få retorisk senter i Bergen. Dette meiner eg i fullt alvor. Eg les i eit innlegg på Utdanningsnytt.no at å satse meir på munnlegheit kunne gje gyldig korreks til (mis)bruk av kunstig intelligens, men marginaliseringa av munnlegheit som grunnleggande dugleik er langt eldre enn kunstig intelligens.

Kunstig intelligens

Det er på tide å ta dei andre ferdigheitene like alvorleg. Særleg no med kunstig intelligens som kan medføre at elevar for tidleg hoppar til avansert tekstproduksjon, kanskje utan at dei skjøner kva som blir skrive for dei. Elevane skriv og skriv heile tida, det er det som i kvardagen gjev oss mest grunnlag for vurdering, men det er likevel lesing som har hovudfokus. Akkurat som Erna fjerna skolefrukta for å bruke hundre millionar på matematikkompetanse, kan vi for eksempel fjerne skolebidragsindikatorane og bruke pengane på skriving og munnlegheit.

Det er og målingar som allereie finst, som eg ser på som ein del av kvalitetsvurderingssystemet. Det kan godt bli tilførd der reint formelt. Eg tenker då på kalkulator for lærarnorm, som ligg ute på Udir sine sider. Nok og rett kompetanse er den første og største garantisten for kvalitet i opplæringa. Kva lærarkompetanse ein skule har, dikterer kvaliteten i skulen. Eg ser på dette som ein mogleg joker som bør formaliserast som ein del av det nye NKVS

Dermed kjem eg til det siste eg vil snakke om, som eg ser på som det viktigaste for meg i klasserommet. Kva med eksamen? Vi har eit budsjettforlik der det står at nye eksamensformer skal prøvast ut, og det er snakk om utprøving i Osloskulen, men det er rart om dette skjer heilt på sida av arbeidet til kvalitetsutvalet. Arbeid med å fornye skriftleg eksamen for å få tettare band mellom den og ny læreplan burde ha aller høgste prioritet.

Eksamen er den viktigaste komponenten i kvalitetsvurderingssystemet. Den har likevel blitt til elefanten i rommet. Kanskje vi kan snakke om Schrødingers elefant i rommet, som er både levende og død fram til nokon tør å opne døra og sjekke.

Eksamen har grodd seg fast som en konstant i ein pedagogisk kvardag som elles endrar seg på alle kantar. Kvalitetsutvalet kan foreslå endringar i NKVS i hytt og pine, det vil ha marginal påverknad på det vi gjer i klasserommet. Berøringsangsten knytt til eksamen gjer at vi til nå har fått berre kosmetiske endringar av eksamen. Fem timer faglag arbeid i isolasjon er en vurderingssituasjon som blir pussigare for kvart skoleår som kjem. Samstundes vil uregulert tilgjenge på kunstig intelligens så tvil om autentisiteten til alle elevprodukt som ikkje er laga i klassen. Dette dilemmaet må adresserast, og kan ikkje berre heile tida sendast vidare til neste ekspertutval, som ein glødande stafettpinne som ingen vil halde i. Blyant og papir er ikkje eit alternativ.

Det fordrar ein statsråd på topp som tek ansvar for å regulere bruken av juksemiddel nummer ein om dagen: OpenAI sin ChatGPR, ei oppfinning som sjølv arkitekten bak kallar eit monster, om personvern og kontroll ikkje vert styrka.

Powered by Labrador CMS