Toppstyrt pedagogikk i store barnehagekjeder trugar mangfald og metodefridom

Leiar: Politikarane bør bli vel så opptekne av pedagogisk fridom som pengar i diskusjonen om private versus offentlege barnehagar.

Publisert Sist oppdatert

Denne lederen ble første gang publisert i Utdanning, utgave 5, 2021.

«Private barnehagar trugar mangfaldet» uttalte SV-leiar Audun Lysbakken i eit intervju med NTB i november 2019. Han peika på at makt og pengar blir samla på færre hender når dei store selskapa kjøper opp fleire og fleire barnehagar. «Mangfald er meir enn eigarskap», svara Anne Lindboe, direktør i Private Barnehagers Landsforbund (PBL), i eit debattinnlegg på Utdanningsnytt.no like etter.

Det har ho heilt rett i. Men når ho påstår at «dei private barnehagane ER mangfaldet», er det mykje som tyder på det motsette.

På Utdanningsnytt kan du lese om korleis pedagogikk og aktivitetar i barnehagane i store kommersielle kjeder blir styrte frå toppen i konserna. Det betyr at etter kvart som kjeder kjøper opp stadig fleire barnehagar, er det ein risiko for at tilbodet blir likare, ikkje meir mangfaldig.

Hanne Fehn Dahle, høgskolelektor ved Høgskolen i Innlandet, har intervjua 18 tilsette i barnehagar i dei store kjedene. Dei fortel at ikkje berre skal barnehagane sjå like ut i fargar og interiør, men dei skal òg følgje pedagogiske opplegg som er laga sentralt.

Fehn Dahle konkluderte med at eigarane av dei store private kjedene ser ut til å «bryte med den norske barnehagepedagogiske tradisjonen ved å ta kontroll over faglege tema gjennom definerte standardar og utbyttegarantiar». Ho meiner dessutan at barnehagelærarane ser ut til å miste påverknad over profesjonsfeltet.

Les også: Standardisering av pedagogikk i barnehagene vil ikke gi mangfold, mener UDF

Dei siste åra har barnehagelærarrollen blitt meir profesjonalisert. Og i takt med at krava til innhald og oppfølging i barnehagane er blitt fleire, tar mange hundre barnehagelærarar i Noreg mastergradutdanning kvart år. Spørsmålet er om dei og deira kolleger får brukt kunnskapen når arbeidsgivar er ein av dei store kommersielle kjedene.

Nei, svarar barnehagelæraren Utdanning har snakka med, som jobbar i Læringsverkstedet. «Utdanninga mi smuldrar opp», seier ho. Det same fortel informantane i Fehn Dahles doktorgradsavhandling.

Det er eit stort varsku, og eit tema politikarane bør bli vel så opptekne av som pengar i diskusjonen om private versus offentlege barnehagar.

I mange år har skolelærarar i Noreg ropt om metodefridom. Etter kvart som dei store kommersielle konserna eig stadig fleire norske barnehagar, ser det diverre ut til at barne­hagelærarane må melde seg på i same protestmarsj.

Les også: – Får ukentlig henvendelser fra barnehagelærere i kjedebarnehager