Konklusjonen i ein masteroppgåve er at barnehagane ikkje førebudde barna på skriftspråket dei ville møte i skolen. Arkivfoto: Utdanning

Barnehagar i nynorskområde brukar ikkje nynorsk

– Barnehagebarn som skal ha nynorsk på skolen høyrer lite nynorsk i barnehagen. seier Anne Marta Vindsrygg Vadstein.

Publisert

Ho meiner at målform må tematiserast tydelegare i rammeplanen.

I arbeidet med masteroppgåva si i besøkte ho barnehagar i nynorske kjerneområde og studerte arbeidet med skriftspråkstimulering. Konklusjonen vart at barnehagane ikkje førebudde barna på skriftspråket dei ville møte i skolen.

– Etter den siste revideringa av rammeplanen er skriftspråk blitt meir sentralt. Barn skal ikkje lære å lese i barnehagen. Men dei forstår tidleg at språk blir formidla på andre måtar enn berre å snakke. Å høyre ein skriftspråknorm og oppdage at somme ord ikkje er like skriftleg og munnleg er viktig lese- og skiveførebuing, seier ho.

Av dei 22 songane ho fekk høyre da ho vitja 5 barnehagar i eit nynorsk kjerneområde, var 4 på nynorsk. Det var heller ikkje mange nynorske bøker til høgtlesing.

 

Er ikkje skole

– Pedagogane i barnehagane var raske med å svare at dei ikkje var skole når eg spurt om kvifor dei ikkje la meir vekt på nynorske tekstar. Men dei stødde seg sterkt til rammeplanen, og valde litteratur som kunne stø opp om tema der. I tillegg valde dei litteratur ut frå eigen smak, og etter kva dei las med eigne ungar. Målform var ikkje tema, fortel Anne Marta Vindsrygg Vadstein, og hell fram:

– Samstundes argumenterte pedagogane med at dei ikkje las teksten slik han sto. Dei fortalde med eigne ord og på eigen dialekt. Og det er gode argument for å gjere det også, seier ho.

– Vi bør samstundes sikre at ungane blir fortrulege med skriftspråksformer. Da er det viktig å også lese teksten slik den står.

I den nye rammeplanen er som sagt skriftspråkstimulering gjort viktigare enn før. Men planen seier ikkje så mykje om korleis dette kan gjerast. Eg meiner at barnas rett til å møte skolemålsnorma som skriftspråk i barnehagen må inn her, seier Anne Marta Vindsrygg Vadstein.

 

Populære nynorskbøker

– Kan grunnen til at pedagogane ikkje brukar nynorske barnebøker vere at det ikkje er nok gode barnebøker på nynorsk?

– Nei, seier rådgivar Elin Gunn Rønning Buvik ved Sølvberget kulturhus og bibliotek i Stavanger.

– Dei mest populære småbarnsbøkene vi låner ut her i bokmålskommunen Stavanger er på nynorsk, seier ho

Buvik nemner bøkene om Jakob og Neikob av Kari Stai og bøkene til Rune Markhus som døme på gode og populære småbarnsbøker på nynorsk.

 

Skal ikkje passe på minoritetsspråka

– Bør rammeplanen for barnehagane sikre minoritetsspråka?

Spørsmålet går til Margareth Sandvik. Ho er professor ved barnehagelærarutdanninga ved Oslo Met og underviser i norsk.

– Rammeplanen er ein plan for pedagogikk. Han skal ikkje passe på minoritetsspråka. Pedagogane har eit ansvar for at barnehagane har eit språkleg mangfald. Men rammeplanen bør vere generell, seier Margareth Sandvik.

 

 

 

Powered by Labrador CMS