– Uttrykksforma tull og tøys høyrer òg heime i barnehagen, sjølv om det ikkje alltid passar for oss vaksne å ønske det velkommen. Ill.foto: Pixabay.

Slepp barna sin humor fri!

Debatt: Me veit at glede og smil skapar begeistring i barns liv. Me veit at latter er ein viktig del av barns trivsel og velvære. Men er det nok rom for barn sitt tull og tøys i den vaksne si verd?

Publisert Sist oppdatert

Tull og tøys har rett på ein plass i barnehagen! Songen «Slipp fisen fri» frå Barnas supershow på NRK 3 rungar over høgtalarane på avdelinga i barnehagen. Barna har sjølv valt kva song dei skal høyre på denne ettermiddagen. Dei hoppar, dansar seg andpustne, smilar, ler og syng av full hals. Når ordet rompe kjem i den eine tekstlinja, «Hør rompa synger med en super futt, her er en fjertesalutt!», legg dei ekstra trykk på «rompe» når dei syng med. Kva tenker me som vaksne då: Sånn type humor orkar eg ikkje på min avdeling? Eller: Dette var jammen meg morosamt? Uttrykksforma tull og tøys høyrer òg heime i barnehagen, sjølv om det ikkje alltid passar for oss vaksne å ønske det velkommen.

Å skape eit positivt klima i barnehagen

Dei aller fleste synst det er godt å vere der det er god stemning. Ein trivst på stader der latteren sit laust, der gode forteljingar og vitsar vert fortalde og komiske situasjonar oppstår. Sonja Kibsgaard, forskar i pedagogikk, skriv i si nyaste bok «Tull og tøys i barnehagen» at tull og tøys er heilt sentralt i barnekulturen og har ei formande kraft på barnets spontanitet og fandenivoldskheit. Kibsgaard besøker årets barnehagekonferanse på Høgskulen på Vestlandet sine forskingsdagar ved campus Stord (26/09-2019) og skal greie ut om si forsking kring barns tull og tøys til barnehagefeltet. Og nyleg deltok ho i radioprogrammet Ekko i NRK P2 kring same tema (03/09-2019 NRK P2). Barn i dag har det meste av si vakne tid i barnehagen, og det vert derfor viktig å sette «tull og tøys» på dagsorden. Barnehagen skal først og fremst vere ei trygg stad, men også ein morosam plass å vere. Måten vaksne møter barna sin humor og livsglede på, vil vere avgjerande for om humoren vil utviklast og blomstre eller stoppast og forsvinne.

Humor – ein viktig mellommenneskeleg kompetanse

Dei som har vore saman med barn, veit at barns utspel ofte kan starte verbalt, med ei grimase eller med ein litt forboden lyd. Det er lett for oss vaksne å stoppe desse utspela, men dersom ein som vaksen har nok kunnskap, klarar å sjå verdien og evner å fange desse leikande og humoristiske innspela, vil ein i større grad klare å skape positive opplevingar og god stemning. Humor er ein viktig kjensle og ein mellommenneskeleg kompetanse. Det er en god evne å kunne sjå det morosame i det alvorlege og snu ein negativ situasjon til noko positivt i livet.

Kva skjer med barna når dei vaksne ikkje anerkjenner humoren deira?

Når vaksne gjentatte gonger stoppar barna sitt tøys og tull fordi humoren blir tolka som uro og kaos, sluttar barn å uttrykke desse kjenslene og blir fråtatt moglegheitene for å utvikle sin humorkompetanse i eit fellesskap. Ifølgje Rammeplanen for barnehagar (2017) skal ein som vaksen ta imot alle barn sine ulike uttrykksformer, noko som betyr at ein også må ivareta barns humor sjølv om den er ulik dei vaksne sin humor. Eit positivt klima i barnehagen fører ikkje berre til barns emosjonelle tryggleik, men også til barns oppleving av kontakt og tilhøyr i gruppa. Me veit at positive kjensler oppstår i trygge miljø i barnehagen, der barn opplever at vaksne deltar og frydar seg saman med dei. Er du klar for å fryde deg og sleppe barna sin humor fri?

Powered by Labrador CMS