Erting og mobbing er ikkje det same
Debatt: Kunnskapsministeren sausar saman omgrep når han likestiller erting og mobbing.
«Vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar», er det noko som heiter. No vil eg ikkje påstå at det er den vegen det går, men eg er provosert og uroa over kunnskapsminister Jan Tore Sanner si pressemelding om «mobbelov» i barnehagen. Der sausar han etter mi oppfatning – sikkert med dei beste intensjonar – saman omgrep når han likestiller erting og mobbing: «Nå vil vi lovfeste at barnehagene skal ha nulltoleranse mot mobbing som for eksempel erting, plaging eller gjentatt utestengelse fra lek. Vi innfører en aktivitetsplikt (…)».
Mobbing er alvorleg og må motarbeidast, kanskje er ei mobbelov nødvendig. Eg reagerer likevel på ministeren sin ordbruk. Erting er i utgangspunktet eit normalt og til dels sunt fenomen mellom barn. Nokre gonger til glede for begge partar, andre gonger ikkje, og dei vaksne må hjelpe barna å regulere dette. Stadig negativ erting der maktforholdet blir skeivt kan nemleg gli over i mobbing. At ei lovpålagt aktivitetsplikt skal utløysast ved «erting» i seg sjølv, kan likevel fort bli absurd og vanskeleg å handtere for barnehagane.
Eg håper det berre er Sanner som surrar med omgrep og at ikkje lovforslaget vil gjere det same. Eg er klar over at definisjonane av mobbing er mange og til dels uklare. Omgrepsdiskusjonen skal vi halde fram med, den er viktig. Men om lova skal surre som Sanner, fryktar eg den kan verte eit uhandterleg «monster» for dei som vert forplikta på den.
PS: I pressemeldinga kan vi også lese: «Regjeringen vil også innføre en aktivitetsplikt som er tydelig på hva barnehagen skal gjøre der ett eller flere barn ikke opplever det som trygt og godt i barnehagen.» Nokre born kan kjenne seg utrygge i barnehagen sjølv om dei har lagt til rette alle forhold dei har kontroll over. Nokre born er kanskje utrygge fordi dei ikkje har eit fang å sitte på når dei treng det. Eg reknar med regjeringa er tydeleg på kva barnehagane skal gjere når dei ikkje har fang nok til den store barnegruppa dei har.