– I dei siste nummera av Utdanning er det eit overveldande fleirtal med nynorsksider, skriv Arne Nydal.

Kvar vart nynorsken av?

Debatt: – Nynorsken kan brukast til alt, også til å skrive i «Utdanning».

Publisert

«Utdanning» har mange lesarar. Ein god del av desse er nynorskbrukarar, reknar eg med. Alle desse forstår nok bokmål, men hadde likevel sett pris på å få lese stoff på godt nynorsk av og til. No er «Utdanning» blitt eit reint bokmålsblad, noko fleire av oss synest er ille. Før i tida synest eg å hugse at bladet hadde fleire journalistar som skreiv på nynorsk. Men det er det visst slutt på.

Nynorsken kan brukast til alt, også til å skrive i «Utdanning». I to av dei siste nummera finn eg eit overveldande fleirtal med bokmålssider; om lag 50 sider bokmål og 4-5 sider nynorsk i eitt blad, 58 sider bokmål og 6 sider nynorsk i det andre. Språket i lesarinnlegga gjer seg sjølv, men det redaksjonelle bør det stillast språklege krav til. Ikkje minst ville det vere nyttig for sidemålslærarar å sjå nynorsken i praktisk bruk i alle dei tema det blir skrive om i «Utdanning». Men alle lærarar skal kunne skrive både bokmål og nynorsk. Ein lærar kan kome til å arbeide i språkblanda skular, eller få seg arbeid der elevane har krav på nynorsk skriveundervisning.

I Norsk Tidend nr. 5 finn vi artikkelen «Ei nynorsk lærarkrise?» der det blir sett fokus på lærarutdanninga, mange hevdar her at nynorskopplæringa er for dårleg. Professor Hans-Olav Enger i Oslo seier: «For mange kan for lite». Han er klar på at nivået mellom studentane er for dårleg, og at dei er for dårleg trena til å bruke ordbøker. Høgskulen i Volda har som einaste høgskule eit landsdekkjande etterutdanningskurs for lærarar i nynorsk. Det er eit spørsmål om ikkje fleire høgskular burde ta til med det same. Nynorsk er ikkje vanskeleg å lære for den som vil.

Kor mange av dei 11 redaksjonsfolka på side 2 i «Utdanning» har nynorsk som sitt prioriterte skriftspråk?

Kor mange av dei 11 redaksjonsfolka på side 2 i «Utdanning» har nynorsk som sitt prioriterte skriftspråk? Nettopp bladet til Utdanningsforbundet burde vere ekstra påpasseleg med å gi sine medlemmar ei rettferdig språkleg fordeling av alt innhald. Kan vi vente ei forbetring?

Powered by Labrador CMS